onsdag 16. oktober 2013

Vekestart veke 42 (Min indre rivieranyter)


Vi har vore på tur! Å reise er stas, og ein vil gjerne førebu seg litt, på beste måte. Men det er ikkje alltid like lett...

ET MØTE
Jeg reiste til Afrika
med fem bøker om verdensdelen.
Tenkte jeg var godt forberedt.
På veien møtte jeg en mann fra Tchad
som skulle til England.
Han hadde fem bøker om Europa
og tenkte han var godt forberedt.
Ingen av oss sa noe morsomt,
men plutselig satte vi oss ned
og lo.
Kolbjørn Falkeid


Men vi hadde ein fin tur og lærte mykje underveds. Nokre dagar i Nice og eg fann mi indre rivierakvinne! Ei kvinne som godt kan leve med varme dagar, nærast som sommar i midt-Noreg, latskap, god mat, kultur, natur og shopping.

Frukost på kafe, spasering i byen, tur med guidebuss, kikking på båtane i hamna, husa i "rikmannsåsen", kjenne saltvatnet som driv frå sjøen, kunstmuseum. Det var skikkeleg lave skuldre og ferie, sjølv om vi ikkje satt så mykje i ro og såg utover havet.

Solnedgang

Middelhavet



Vi budde rett ved gamlebyen, som er ein fasinerande labyrint! Å berre gå og sjå på husa, kjenne stemninga, ete på bittesmå restauranter, kikke inn i butikkar. Vi bestemte oss for å ete mest mogeleg fransk, ikkje vere redde for å prøve noko nytt, og helst ete på små, lokale plassar. Vi har ete salat nicoice, sjømatsalat, blåskjell, entrecote, lammegryte, lammenyrer(ikkje eg nei!)og ikkje å gløyme foie gras. Vi kjøpte med oss baguettar, spekepølse og ost og åt lunsj i olivenlunden til Matisse ein dag.


Ingen frukost utan croissant
Kveldsstemning i gamlebyen

Frå Chagallmuseet

Eg var naturlegvis på skohandel!
På søndagen tok vi tog innover i landet. Det er litt vanskeleg når ein ikkje kan fransk, men litt gjetting då vi las på nettsida og med litt hjelp frå hotellresepsjonen, fann vi togstasjonen og hadde riktig god tid før avgang(det er her gjettinga kom inn...) Kan du fransk, eller er god på gjetting, kan du kikke innom her http://www.trainprovence.com Etterkvart satt vi på toget, og gjekk av i Entrevaux. Men det var ein kjempefin by, der eg gjerne skulle vore lenger. Det var ei flott middelalderborg, med ein gamleby av den verkeleg gamle sorten, olivenlundar og bittesmå butikkar(som var søndagsstengte) (Og neste gong skal eg kome meg heilt til Digne des Bains, og sjå på lavendelblomstringa!)
Tog med palme 

Borga på toppen var vel verdt dei bratte bakkane opp! Kan anbefalast varmt!

Det kan vere hardt å reise frå slikt som dette...men det var godt å kome heim att også! 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar