torsdag 24. oktober 2013

Ein bioingeniør kryssar sitt spor

Eg er snart ferdig med første veke med fjernjobbing og hybelliv.
Eg har kjent meg litt som student igjen, berre med fagkunnskap og med 20 års erfaring :) Men det er noko med å komme inn på ein annan arbeidsplass og skulle jobbe der. Det er andre folk, ukjente lokaler, nye rutiner. Kvar står ting? Kvar er det lager? Når er det pauser, og kvar er toalettet?!
Men det går bra, det er ein fordel med både erfaring og livskunnskap!
Det er mykje å ta tak i...

Likevel, det er slitsomt, eg kjenner at energien på kveldstid er litt mindre enn eg hadde forventa. Mitt sosiale og kulturelle hybelliv er ikkje heilt grenselaust...men middag saman med ei venninne frå studietida ein gong i forrige århundre og besøk hos nevø m/kone har eg orka. Veldig kjekt! Og det raraste av alt; på trikken var det ei som såg på meg og sa: "er det ikkje?" Det var ein medstudent eg ikkje har sett sidan juni 1993! Heldigvis snakka ho til meg, gullfiskhjernen min er dårleg på å kjenne igjen folk, og ikkje tenkte eg at eg skulle treffe kjente heller. Etter jobb det er godt å lande i sofaen, surfe på nettet, lese eller sjå noko skikkeleg lite krevande på fjernsynet, nyte å vere åleine og at det er ganske stille.

I kveld har eg gått tur. Hybelen ligg inne på området til Ullevål sjukehus, og det er skikkeleg nostalgi for meg. Det var her eg i forrige århundre gjekk på Ullevål bioingeniørhøgskole, på det allersiste kullet. Så eg har gått tur inne på området og prøvd å kjenne meg igjen, for det har skjedd ein del her på 20 år, med nye bygg over alt. Men eg har stått ei stund og sett på laboratorieblokka og mimra, den ser lik ut, iallfall på utsida. Det var der vi møtte opp og ikkje viste kva vi gjekk til i august 1990! Det var der vi hadde kjemi og apperatlære og lærte å pippettere. Det var der eg hadde sjukdomslære og kjente på alle mogelege symptom... Det var der eg lærte å stikke folk og ta blodprøver. Det var der eg lærte grunnlaget i mikrobiologi, eg har enno kompendiet og notatane, eg som aldri skulle jobbe med mikrobiologi, jaja, godt ein ikkje veit alt. Eg hadde praksis på viruslabben her, og lærte å kjenne igjen herpesvirus i cellekultur. Eg hadde praksis på blodbanken i dette huset og det var veldig kjekt, eg fekk taket på å stikke, og snakka med blodgivarane. Her var lesesalen, som eg ikkje brukte mykje, men det var her vi hadde kollokviegrupper før eksamen og kjente panikken nærme seg. Det var her vi hadde eksamen og gjekk ut med god eller dårleg kjensle når dagen var over. Ullevål sjukehus er som ein liten by, både i storleik og tilbod, butikk, frisør, tannlege, apotek, bank +++og eit veldig godt helsetilbod!

Det var ein bråstart på veka med henting av flytaxi kl 05.00 måndag morgon, så eg måtte investere i vekkarklokke for å vere sikker på at eg kjem meg opp. Eg trudde reisevekkarur var heilt ut, men eg fanne denne kjekke saken til ein billeg penge, og den som søv over lyden frå denne fortener å få sove!


Men ei veke på hybel er nok! Eg har gått glipp av ein 17årsdag og gler meg til å kome heim. Så blir det fleire turar etterkvart utover hausten.
Ullevålsveien by night.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar