lørdag 10. august 2013

Kongelege tenner?


Tannlegen min er overraskande lite royal til å vere så opptatt av kroner som han er!
Eg har ikkje dybdeintervjua han om temaet, men det er ingen bilder av kongelege med krone på veggen hos han (men det er mange Se og Hør på venterommet, dei royale blir godt dekt der!) Det kan også vere at krone og krone er to ulike ting....begge er dyre iallfall!
"Opp en trapp, og inn en der..."

Eg har ikkje noko mot tannlegar, slik som personar, meiner eg. Eg har møtt tannlegar på fritida, og dei er som oss andre. Yrket tannlege derimot... Kikke inn i munnen på folk, stikke og klemme, stappe inn store plater for å ta røntgenbilder, bore og stikke for å finne nerven. AU! "Gap litt høgare, slapp av i tunga, pust roleg" Jammen, det går ikkje an å slappe av i tannlegestolen! Eg prøvar å bruke alt eg kan av pusteteknikk og positiv tankekraft når eg sitt i stolen(evt så vidt nedpå, anspent som eg er...)med vekslande hell.

Første gong eg var hos tannlegen var eg 2 år, og måtte bore, så eg har ein liten grunnskrekk for tannlegekontor. Men no har eg ein veldig snill og flink tannlege, så eg kjem ikkje på at eg skal grue meg før eg parkerer bilen. Tannlegeskrekken er nesten vekk, og det er veldig godt å ikkje ligge svett natta før og grue seg. Tannlegen prøvar aldri lure meg til å bore utan bedøving, han skryt og seier eg er flink til å pusse tennnene og spør forsiktig om eg kjenner "konseptet tanntråd"? Det gjer eg, eg er berre ikkje så flink til å benytte det.

Men at nokon vil bli tannlege? (OK, her må eg skyte inn at eg søkte tannlegeutdanning ein gong i forrige århundre, eg kom inn og eg takka nei til plassen. Kva ville skjedd om eg sa ja? Ville eg vorte noko anna enn skaptrønder?? Ville eg vorte berykta som skremmande og skummel? Eller den snillaste tannlegen i mils omkrets?) Det er andre yrker eg ikkje forstår meg på heller, og som ikkje passar for meg. Men det finns kanskje dei som lurer på korleis eg held ut i min jobb... Og eg  som har slik ein grei jobb! Ok, av og til er det ein drittjobb, med lukt, bokstaveleg tala, når eg leitar etter parasittar i kalvebæsj, salmonella eller campylobacter i kyllingbæsj, men det er både interessant og nyttig(for deg også!) Vi leitar etter grunnen til at katten døydde, og det er viktig å finne kva antibiotika som virkar mot bakterien som ga hunden øyrebetennelse.
Resistenstesting

Tilbake til dagens tema: tenner, tannlegar og slikt. I ferien mista eg ein bit av ei tann, det knasa stygt og skremmande då eg tygde ein kokt potet. Først trudde eg det var poteten, det var feil... Det var ei fylling som gjekk i stykker. Det gjorde ikkje vondt, så eg tenkte det var heilt greit. Eg fekk tannlegetime etter ferien, optimistisk om at dette skulle gå greit å ordne. Vel på plass i stolen, viser det seg at det er verre enn eg trur(og blir verre etterkvart som tannlegen borar seg ned) Tanna har vore i stykker ei stund, bakteriar har jobba uforstyrra nede i tanna, det er berre å vere glad ein slepp rotfylling! Medan tannlegen jobba, snakka han meir og meir om behovet for krone. (Men altså ikkje eit ord om dei kongelege...)

No har eg fått sølvtann som erstatning, men snart blir det KRONE! (og det er berre å byrje å spare til rekninga...sjølv om den ikkje får diamantar og andre edelsteinar)

Passar godt med krone, eg har berre diadem frå før.



4 kommentarer:

  1. Det er den dypeste utlegning jeg noen gang har lest om temaet tannlege......Dvs, jeg har nok aldri lest noen utlegning om tannleger før :-) Bra at du tar situsjonen med humor da, -er ikke så sikker på at jeg hadde gjort det.

    SvarSlett
  2. Du skriver så godt Kirsti !
    Jeg lever meg inn i det og må innrøme at når jeg er ferdig med besøket hos tannlegen er jeg like letta hver gang og svett både her og der .
    Ha fine dager :D

    SvarSlett