fredag 28. juni 2013

Leseliste mai og juni

No er det lenge sidan eg har skrive om bøker. Målet om å ha ei liste over det eg les, forsvinn i det som heiter kvardag...og alt den bær med seg.
Lista her er difor heilt sikkert ikkje fullstendig!

Som så mange andre har eg lese "Politi" av Jo Nesbø i sommar. Den er rå og spennande på ein thrilleraktig måte, eg turde kun lese i fullt dagslys og med andre heime i huset!
Mange bokhandlar har køyrt kampanjepris på Harry Holebøkene, og eg er lett å lure!! Sidan eg byrja lese serien ca då boka "Rødstrupe" kom, nytta eg sjansen til å lese starten no og repetere dei andre bøkene. Skummelt, men ein fordel å vite sånn cirka korleis det går.











Eg har lese ein del bøker på lesebrettet mitt; Kindle. Fordelen er at eg får lese engelsk, men det begrensar litt og... Fort gjort at det blir litt chic-litt :)
Eg har iallfall lese

  • The Seamstress Om ei syerske frå Madrid (det er vel den norske tittelen: Syersken fra Madrid) som lever i Spania då borgarkrigen byrjar på 30talet, og av ulike grunnar flyttar.
  • The Mystery of Mercy Close Typisk Marian Keyes, du veit kva du får og eg likar det eg får!
  • The Cookbook Collector  Ikkje heilt chiclit, men ikkje langt unna
  • Stop the Wedding (eg rødmar! Skikkeleg lett bok)
  • Eg oppdaga ein ny krimforfattar: John Elder, som skriv om detektiven Frank Elder, som naturlegvis er flink på jobb, men trøblar i livet generelt. Muleg den finns på norsk, men lettlest på engelsk også.

Eg las Anne Holt si bok "Skyggedød" som handlar om barnemishandling og kor vanskeleg det kan vere å finne ut av det. Krim og realisme i eitt! Anbefalast varmt, men den er veldig vond å lese. Kor mange barn har det slik?

Eg ender opp med mykje historiske romanar, ofte frå krigen. Eg trur eg lærer noko. "Brente skygger" startar i Japan med atombombene, og er innom India, Pakistan og ender i notid og USA. Seier mykje om fordommar og draumar. Bra og vond!

"Dandy" av Jan Guillon er bind to i ei triologi om tre foreldrelause brødre frå Osterøy utanfor Bergen. Første bok heiter "Brobyggerne". Historia byrjar på seint 1800tal og følgjer utviklinga i Norge, Tyskland og England. Eg likar bøkene til Jan Guillon, eg likar lange historier og eg likar å "bli kjent med" personane over fleire bøker og gjennom livet. Siste bok kjem til hausten og eg gler meg allereie!

Eg kjem ikkje gjennom alt eg prøvar meg på av bøker. "Verdensmestrene" av Henrik Langeland ligg halvlest på nattbordet. Kanskje eg prøvar å lese den ferdig i løpet av sommaren? Den fengar når den skriv om gjenkjennelege ting, sidan hovudpersonane er på min alder, og handlinga er frå tidleg 80tal, men miljøet er for fjernt lell.

Av og til kjøper eg bøker feks fordi dei er på sal eller fordi dei har ei spennande framside :) Dete kan slå begge vegar!
Denne boka "Mordene i Betlehem" kjøpte eg litt pga prisen og litt pga beskrivelsen på baksida. Eg syns eg lærte ein del om livet i Betlehem, om motsetningane mellom dei ulike religionane, og mellom dei ulike fraksjonane innan religionane. Ingen vil det samme....


Trur eg har lese meir, men det får eg skrive om ein annan gong!

2 kommentarer:

  1. Milde måne. Har du tid å spise og sove?? Kjekt med inspirasjon, da. Jeg liker også å variere, og leser gladelig Dostojevsky og chic-lit om hverandre :)

    SvarSlett
  2. Eg har sitte mykje i sofaen med ein litt sjaber fot, då rekk ein mange bøker!

    SvarSlett