lørdag 1. september 2012

Å følgje mønsteret...

...kan kreve si kvinne, og kan vere ganske kjedeleg! Men skal ein lære seg å sy, eller kan litt , men treng litt ny inspirasjon, kan eit mønster vere tingen.
Mønster og strykejern er viktig

Klar til sømabeid :)

Friske farger og mønster gjer seg! Og stoffsaksa mi, stakkars den som brukar den på papir!

Konsentrert arbeid!
I fjor byrja eg, lillesøster og nokre vaksne nieser å snakke om at vi skulle hatt ein sydag, der vi kunne hjelpe kvarande og lære av kvarandre. Eit år går så fort, men sist helg fann vi ut at vi måtte berre sette ein dag, og det vart i dag. Alle kunne ikkje, men vi var 4 damer, 4 symaskiner, og alle kom gjennom dagen med æra i behald og ingen maskiner vart kasta i veggen(skulle tatt seg ut, dei nye, fine gipsplateveggane mine) Ungane mine lova ut at dei ikkje ville halde seg unna, dei ville ikkje bli assosiert med symaksiner, søm og tanter, men dei kikka innom. Samtidig som vi sydde, fekk vi prata mykje og eg bløffa meg gjennomdagen som "eksperten" av oss. Eg er iallfall den som har hatt symaskin lengst, og symaskina har vore på service og har no både rettsøm og sikk-sakk igjen ,og er nysmurt og går som ei klokke!
Veske, fornøgd med farge-og mønsterval på stoffet
Pose, som vart mykje større enn tenkt og trudd og det er difor litt uvisst kva den kan brukast til...Mange fantasifulle forslag kom iløpet av dagen:) Bæremeis til små gammeltantebarn? Aviskurv? Vedbærer? Skitne-klespose?

2 kommentarer:

  1. Du er da vel heldig som har så stort og fint sy/arbeidsrom...

    SvarSlett
  2. Det er stua! Resten av familien ble kasta ut! Men den funker godt som syrom også, må bare huske å rydde etterpå

    SvarSlett