fredag 1. juni 2012

Leselogg mai


Dagane går, bloggen er her, men får lite merksemd! Men idag skal eg
oppdatere litt om kva eg har lese i det siste. Eg har stadige tankar om kva eg skal lese, eg vil lese finsk samtidslitteratur, eg skal lese nobelprisvinnarar, eg vil lese lette bøker, eg vil lese norsk samtidslitteratur, eg vil lese klassiske bøker, osv, treng eg seie at det blir for lite tid?!

Dager i stillhetens historie(Merethe Lindstrøm) gjorde inntrykk! At denne boka har vunne Norrdisk råds litteraturpris og Kritikerprisen er heilt fortent! Mykje usagt, noko blir fortalt i boka, noko kjem fram. LES!

Boksalg gir nye bøker på nattbordet; feks denne Miraklet på Speedy Motors(A McCAll Smith) handlar om Damenes detektivbyrå i Botswana, ikkje krim i vanleg forstand, men meir menneskekunnskap. På salget fann eg og boka Barbent(E Holderbrand) Heilt grei bok å lese på senga, ikkje stor litteratur, men god underhaldning.

Ein dag i sola las eg På direkten (Anne Cecilie Remen) Tradisjonell, norsk politikrim, fin i solveggen, men fort ferdig.

På jakt i bokhylla fann eg Peter Pan (J.M. Barrie) Dette er IKKJE Diesney-versjon, her er blod, drap,  slosskamp etc, rå og brutal bok! Men spennande å lese originalen, boka mi har i tillegg forord av Finn Skårderud og illustrasjonar av Fredrik Skavlan. Men ikkje ei kosebok å lese høgt for små born... Peter Pan er egoistisk og Tingeling framstår som direkte usympatisk!



No har eg kjøpt den nyaste boka til John Irving; I en og samme person, eg gler meg! Han har vore ein av mine yndlingsforfattarar sidan eg las "Siderhusreglene" og "En bønn for Owen Meany" . Men dette er heller ikkje for sarte sjeler:) rå og absurde historier!!




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar