Eg les heile tida eit eller anna, og sjølv om eg har ambisjonar om å blogge om bøker regelmessig, gløymer eg meg. Men her kjem nokre bøker frå hausten:
Ikke ville se, Jan Guillou
Fjerde boka om dei tre brørne frå
utanfor Bergen. Vi er komne mot 2.verdskrig. Det er familieliv,
storpolitikk, fattigdom, tradisjonar... Eg likar så godt måten
Guillon skriv på, det har eg gjort sidan Hamilton-bøkene, og her er
det historie fra ei kjent, men fjern tid. Slukte boka i romjula, men
tenkjer eg må lese den på nytt. Og har du ikkje lese nokon av desse bøkene har du mykje å gle deg til, start med "Brobyggerne".
Ingen er så trygg i fare,
Gunnar Staalesen
Varg Veum er ein kjent og god krimfavoritt. Her er Varg Veum i fare. Utnytting av barn,
ting ein har mest lyst å lukke augene for.
Edge of Eternity(The Century
Triology) Ken Follett (Norsk "På grensen til evigheten")
Siste (?) boka om århundret av Ken
Follet. Eg har slukt desse bøkene! Mykje historie om vårt århundre.
Det er godt skrive, og eg får lyst å hjelpe til, når eg ser at
historia kunne vore annsleis. Likar du historiske romanar er dette ein serie for deg. Start med "Kjempenens fall"
Sudden death, Anne Holt og Even
Holt
Eg saknar Hanne Wilhelmsen, men legen Sara
Zuckerman er ei god erstatning! Eg syns løsninga i boka kom litt itt kjapp brått, men det er ei bok
det er vanskeleg å legge frå seg.
Thin Air, Ann Cleeves
Endå meir krim, denne er frå
Shetland. Bok 6 i serien om ein politimann, privatlivet og jobben.
Denne gongen er det bryllupsfest, men ein av gjestane blir borte...
Innsirkling 3, Carl Frode Tiller
Endeleg siste bok om Daniel. Trådane
samlar seg, og vi får sanninga. Eller gjer vi det? Tiller skriv
godt, eg likte språket godt og historiene. Sjølv om eg innimellom
blir litt oppgitt over personane!
Den lille kafeen i Kabul, Deborah Riodrigues
Lettlest, men med alvorleg undertone om å vere kvinne i Afghanistan. Eg var provosert, rørt og engasjert av det eg las, og tenkjer eg kanskje har lært litt.
No er eg igang med Svøm med dem som drukner av Lars Mytting. Mannen min las den i haust, og var knapt til å få kontakt med før han var ferdig med siste side. Alt tyder på at eg vil ha det på same måte!
Og ingen ting er betre enn ei god bok når ryggen kranglar og sett begrensningar på kva eg får til å gjere. Eg har ein slags fri idag, men får ikkje gjort det eg hadde tenkt… Då er bøker og internett fine saker:) Eg har hatt mykje vondt i ryggen før, men er "ute av trening"(heldigvis) og tålmodet er deretter!