Då er krona på plass! Den kom på plass på kronprinsessa sin fødselsdag, det passa jo godt!? No satsar eg på at eg ikkje treng gå til tannlegen på lenge!
Eg har forresten eit spørsmål, som sikkert fleire sitt med:
Kva er passe belønning for å måtte sette krone på ei tann?
Vi snakkar fleire tannlegebesøk, bedøving, boring, avstøpning++, slikt kan då ikkje berre gå ubemerka hen? (og kom ikkje med at krone er dyrt, og ein difor ikkje kan få premie, det går av ein annan konto(iallfall mentalt) og er heilt irrelevant)
tirsdag 20. august 2013
søndag 18. august 2013
Vekestart veke 34
August, nytt skuleår, tilbake til normallivet, alle aktivitetar startar opp att. Det er bærtid, det er mørkare kveldar, det er fløyelsmjukt lys, det er fønvind og augustregn. Det er snart fødselsdagen min, augusthøgdepunktet mitt, og det er planlegging av feiring(vi feirar alle dagar!!)
August
August er det mykeste myke jeg
kjenner,
denne skjelvende streng mellom sommer
og høst,
denne dugg av avskjed i mine hender.
Dette hemmelige milde inn over jorden,
denne lyende stillhet:
Tal Herre, tal!
Dette lyset som hviler
på modningens
høyde,
dveler
og synker mot visningens dal.
Disse kvelder da trær
er som skygger i skyggen,
Denne etterårsfred over sted og
forstand.
Jeg har drømt at jeg seilte mot
Evigheten,
og en kveld i august var den første
besynderlig duse kjenning av land.
Jeg vet midt i alt det jeg ikke vet:
August er det mykeste myke jeg
kjenner,
myk som sorg og som kjærlighet.
Einar Skjæraasen
Augustkveldar, mjuk som fløyel
torsdag 15. august 2013
Det er ikkje haust enno...
sa ho, for å trøyste seg sjølv! Men i dag tidleg var det skikkeleg haustluft, skarp og klar! Og naturlegvis kjem det mange fine dagar enno(sa ho for å trøyste seg sjølv), men inni hovudet mitt er det litt haust no.
Ein junior har starta på skulen allereie, i huset eg arbeider starta studentane igår(og så unge som dei er...) og IKEA er full av mødre som skal kjøpe det junior treng til sin første hybel(difor unngår eg IKEA no i august). Skulestart og studiestart er haust for meg, det er ryggsekk og nye bøker(og lukta av nye bøker!) og ein litt tjukk genser som viser seg å vere altfor varm utpå dagen!
Det blir tidlegare mørkt om kvelden, det luktar av andre blomster når ein går ein kveldstur og det luktar bær og snart frukt.
Haust er ein ny start! Og eg har laga ei liste over haustting eg kjenner eg gler meg til!!
Ingen haustbilder, berre rare utsnitt av påbygget på huset vårt!
Kva er haustting for deg?
Ein junior har starta på skulen allereie, i huset eg arbeider starta studentane igår(og så unge som dei er...) og IKEA er full av mødre som skal kjøpe det junior treng til sin første hybel(difor unngår eg IKEA no i august). Skulestart og studiestart er haust for meg, det er ryggsekk og nye bøker(og lukta av nye bøker!) og ein litt tjukk genser som viser seg å vere altfor varm utpå dagen!
Det blir tidlegare mørkt om kvelden, det luktar av andre blomster når ein går ein kveldstur og det luktar bær og snart frukt.
![]() |
| Det er mørkare kveldar |
Haust er ein ny start! Og eg har laga ei liste over haustting eg kjenner eg gler meg til!!
- bake bollar til kveldsmat og besøk.
- tenne levande lys og krype opp i sofaen og berre vere der.
- fyre opp i omnen og kjenne den gode varmen.
- sove på eit kaldt soverom og skifte til den tjukke dundyna!
- plukke bær, som eg kan sylte og safte og fylle frysaren med!
- bite i eit knallsurt norsk eple, kjenne korleis munnen snurpar seg.
- finne fram varme klær, kjøpe ein ny haustgenser, prøve å unngå haustforkjøling.
- oppdage fjernsynet igjen. På sommaren ser eg ikkje fjernsyn, men no gler eg meg til å sjå film og følgje med på nyheiter og slikt.
- det er tid for å lese bøker(ok, det gjer eg heile året, men skal iallfall ikkje stoppe)
Ingen haustbilder, berre rare utsnitt av påbygget på huset vårt!
Ei lita augustforteljing:
I august 1975 vart eg storesøster, eg fylte sju år og byrja på skulen. Det var mykje nytt på ein gong for ei lita frøken. Det året fekk eg vere med mor(farmor) på bringebærplukking. Eg ser som vaksen at det nok var ein baktanke her, kanskje var det ikkje berre at ho trong selskap? Kanskje trong eg ein tur ut og mamma litt fri? Eg forsto at det var ei ære, at villbringebær var ei spesielt fin bær og at dette var noko eg kunne klare. Eg huskar ikkje kor mange turar eg var med på, men eg hadde eige spann å plukke i, og mine bær vart til mitt syltetøy. I alle år etterpå har det å plukke villbringebær vore noko heilt spesielt for meg, det minner meg om august i 1975, om mor, og eg tømmer tankane og drøymer meg vekk i bærkrattet. Eg hadde faste stader å plukke medan eg budde heime, og jammen har eg ikkje klart å finne bringebærkratt i Trondheim også. Med åra har eg funne glede i å plukke andre bær også, men ingenting slår bringebær!
Kva er haustting for deg?
mandag 12. august 2013
Vekestart veke 33
Det er ein prøvesmak på hausten akkurat no, det er haustregn ute. Det byrjar bli tidlegare mørkt om kveldane, eg kjenner stemningskifte i kroppen, det er godt med litt kaldare kveldar, det er godt å sitte i sofaen og drikke te og prøvesmake kjeksen eg har bakt. Eg ser på lysa eg har hengt opp i ei busk, dei lyser fint om kvelden(ikkje berre klokka to om natta, når ingen kan gle seg over dei...)
Eg har vakse opp i "hjorteland", å telje hjort på kveldane er ein vanlig syssel. "Eg talte ...hjort igår kveld". Å kome så nær at ein ser dei i augene er for proffane. Dette diktet av Jon Fosse skildrar, iallfall for meg, kjensla av å møte dyra.
Eg har vakse opp i "hjorteland", å telje hjort på kveldane er ein vanlig syssel. "Eg talte ...hjort igår kveld". Å kome så nær at ein ser dei i augene er for proffane. Dette diktet av Jon Fosse skildrar, iallfall for meg, kjensla av å møte dyra.
Det mørknar
eg står og ser på dei to hjortane
og dei to hjortane står og ser på meg
lenge står vi slik
eg står urørleg
hjortane står urørlege
ikkje noko kan høyrast
ikkje ein vind i lauvet
det mørknar
Jon Fosse
Ha ei strålande veke!
lørdag 10. august 2013
Kongelege tenner?
Tannlegen min er overraskande lite royal til å vere så opptatt av kroner som han er!
Eg har ikkje dybdeintervjua han om temaet, men det er ingen bilder av kongelege med krone på veggen hos han (men det er mange Se og Hør på venterommet, dei royale blir godt dekt der!) Det kan også vere at krone og krone er to ulike ting....begge er dyre iallfall!
![]() |
| "Opp en trapp, og inn en der..." |
Eg har ikkje noko mot tannlegar, slik som personar, meiner eg. Eg har møtt tannlegar på fritida, og dei er som oss andre. Yrket tannlege derimot... Kikke inn i munnen på folk, stikke og klemme, stappe inn store plater for å ta røntgenbilder, bore og stikke for å finne nerven. AU! "Gap litt høgare, slapp av i tunga, pust roleg" Jammen, det går ikkje an å slappe av i tannlegestolen! Eg prøvar å bruke alt eg kan av pusteteknikk og positiv tankekraft når eg sitt i stolen(evt så vidt nedpå, anspent som eg er...)med vekslande hell.
Første gong eg var hos tannlegen var eg 2 år, og måtte bore, så eg har ein liten grunnskrekk for tannlegekontor. Men no har eg ein veldig snill og flink tannlege, så eg kjem ikkje på at eg skal grue meg før eg parkerer bilen. Tannlegeskrekken er nesten vekk, og det er veldig godt å ikkje ligge svett natta før og grue seg. Tannlegen prøvar aldri lure meg til å bore utan bedøving, han skryt og seier eg er flink til å pusse tennnene og spør forsiktig om eg kjenner "konseptet tanntråd"? Det gjer eg, eg er berre ikkje så flink til å benytte det.
Men at nokon vil bli tannlege? (OK, her må eg skyte inn at eg søkte tannlegeutdanning ein gong i forrige århundre, eg kom inn og eg takka nei til plassen. Kva ville skjedd om eg sa ja? Ville eg vorte noko anna enn skaptrønder?? Ville eg vorte berykta som skremmande og skummel? Eller den snillaste tannlegen i mils omkrets?) Det er andre yrker eg ikkje forstår meg på heller, og som ikkje passar for meg. Men det finns kanskje dei som lurer på korleis eg held ut i min jobb... Og eg som har slik ein grei jobb! Ok, av og til er det ein drittjobb, med lukt, bokstaveleg tala, når eg leitar etter parasittar i kalvebæsj, salmonella eller campylobacter i kyllingbæsj, men det er både interessant og nyttig(for deg også!) Vi leitar etter grunnen til at katten døydde, og det er viktig å finne kva antibiotika som virkar mot bakterien som ga hunden øyrebetennelse.
![]() |
| Resistenstesting |
Tilbake til dagens tema: tenner, tannlegar og slikt. I ferien mista eg ein bit av ei tann, det knasa stygt og skremmande då eg tygde ein kokt potet. Først trudde eg det var poteten, det var feil... Det var ei fylling som gjekk i stykker. Det gjorde ikkje vondt, så eg tenkte det var heilt greit. Eg fekk tannlegetime etter ferien, optimistisk om at dette skulle gå greit å ordne. Vel på plass i stolen, viser det seg at det er verre enn eg trur(og blir verre etterkvart som tannlegen borar seg ned) Tanna har vore i stykker ei stund, bakteriar har jobba uforstyrra nede i tanna, det er berre å vere glad ein slepp rotfylling! Medan tannlegen jobba, snakka han meir og meir om behovet for krone. (Men altså ikkje eit ord om dei kongelege...)
No har eg fått sølvtann som erstatning, men snart blir det KRONE! (og det er berre å byrje å spare til rekninga...sjølv om den ikkje får diamantar og andre edelsteinar)
![]() |
| Passar godt med krone, eg har berre diadem frå før. |
mandag 5. august 2013
Vekestart veke 32
Det har vore smått med vekestartinnlegg i sommar, det må vi får ein orden på!!
I ferien fekk vi eit flott sett med puter og overlaken, med plattsaum, holsaum og monogram. Måtte berre legge det på senga for å sjå kor fint det var. Men noko til kvardagbruk er det ikkje!!!
Å legge seg skal vere godt, det skal gje kvile og krefter. Dessverre er det ikkje alltid slik, akkurat no er det fleire som ikkje søv godt rundt meg, og dette verset er til dei:
Når jeg legger meg til hvile,
tretten engler om meg står.
Tvende med min høyre smiler,
tvende til min venstre går,
to på vakt ved hodeputen,
to ved foten dessforuten,
to meg dekker,
to meg vekker,
en meg viser
alle himlens paradiser.
T:Henrik Wergeland
![]() |
| Den nye engelen min, innkjøpt på Moldejazz, får vere med dykk inn i natta |
(så får det vere at det er fødselsdagen til Ivar Aasen idag, og at eg skulle hatt eit dikt av han på nynorsk... Kanksje neste veke?)
søndag 4. august 2013
Ein ferie er over
Ein ferie er over, kva skal eg skrive om?
Eg kan skrive om
Eg kan skrive om
- bilen vår som starta ferien med fire gir, som oftast iallfall, som fekk "dødsdommen" midt i ferien og som då ferien var over hadde berre 2 gir...men det er trist og dyrt, trur eg droppar den!
- konserten med Marius Miller, der vi hadde gløymt billettane heime, 30 mil frå der vi var. Vi fekk kjempegod hjelp av sekreteriatet på Moldejazz og fekk med oss konserten lell! Hurra! Eit klart høgdepunkt i ferien for heile familien, og ikkje minst noko vi gjorde saman.
- venting på sjukehus når ein følgjer nokon skal inn på undersøking, og om kor effektivt alt er når det plutseleg oppstår noko akutt! Eg kunne skrive om sko som kjennest for store, og om all hjelp frå sjukepleiarne, heimesjukepleien, legar, om kor godt systemet kan fungere, kor mykje ein ikkje kan før ein må...
- familieliv og selskap og gleda over å treffe fine folk! Om små søskenbarn som treffest, om store søskenbarn ein kan sjå opp til, om tordenvær som ga seg då selskapet byrja og mykje god mat.
- å vakne og sjå den finaste utsikta, den frå barndom og ungdom, i sol og godvær!
- å få den beste middagen som finns! Etter at pappa, mann og soner har vore på fjellet og fiska, og vi kunne steike fjellaure i masse smør.
- København og sol og sommar og byferie, med innlagt sykkeltur rundt i byen og Tivoli, naturlegvis. Der det viste seg at vi fekk leilighet på hotellet istadenfor to vanlege rom, berre eit kvartal frå Strøket!
Og mykje meir, junior som har ny sykkel, besøk hos søster, hos bror, om å vente på ferger, vere den første som ikkje kjem med ferga. Om hagebenken som er ferdig, grilling på terrassen, fine folk eg kjenner, lesing i sola, jakta på den perfekte fargen på naglelakken...
Og eg kan skrive om roa når ein kjem heim til seg sjølv, det er godvær og ein kan sitte ute og berre vere og kjenne at kvardagen stille lurer seg innpå igjen....saman med klesvask og rydding og lyden av oppvaskmaskina i det fjerne og tomt kjøleskap og jordbær som skal gjerast klar til vinteren.
Abonner på:
Innlegg (Atom)























