søndag 11. september 2022

Georginer og gravferd

Eg håpar ikkje denne sommaren er den nye normalen. Denne sommaren har vore lang, men ikkje på ein god måte. Det har vore både georgine og gravferd, i fleirtal. Georginer vil eg ha kvar sommar, men ikkje gravferder.

Forrige innlegg handla om georginer. Hagen min har handla mykje om georginer i sommar, eg har pusla og stelt og venta og luka og omsider fått knoppar og etterkvart blomster. Eg har forskjelleg anna her også, men det er georginene som er mest spennande, og krevande. 

I midten av juni voks georginene godt, og det byrja kome knoppar på dei første.


I midten av juni døydde storebror. På ein måte var det brått og uventa, på den andre sida noko vi visste kunne skje snart. Mange år der vi mista han gradvis, hadde gitt forvarsel, men når det skjer er det rart og tomt... Å miste eit søsken er rart. Vi var fire, no er vi tre igjen. Tre søstre, utan broren vår. Den stødige karen, ofte med eit smil, også når språket var nesten borte. Ertekroken som lillesøster aldri klarte å lure. Sjølv dei siste åra kunne han stikke ein finger i sida på meg og le godt, det lyste kjærleg storebror-erting av han! Broren min som passa meg då eg var lita, som i mange år ringte når han var på biltur, som var uendeleg stolt av søstrene sine og familie. 

Heldig er den som har ein storebror som passar på seg

Veka med gravferd var kanskje den finaste værveka i sommar, og vi hadde fleire kveldar med kveldsmat, prat og besøk i solnedgang i Måndalen. Svigermor fekk permisjon frå Helsehuset, og var saman med oss.

 

Solnedgang som lader batteriet
Juni 2022

Det tek litt tid å kome tilbake til kvardagen etterpå. Noko er jo endra for alltid, livet er endra. Men ein viss normalitet må det bli, og det vart nokre veker jobb før ferien kom. 

Georginene voks. Men været snudde, det var kaldt, vått og litt trist for blomster i grunnen.. Dei voks sakte. Ferien kom. Med regn og korona. Og svigermor var sjuk.

Ferien var likevel fin. Det var familietid, fjellturar, musikk, god mat. Jordbær, rips og solbær. 

Og georginene starta å blomstre! 






Georginer frå hagen
11 ulike på ein gong!

Nokre dagar etter at ferien vår var over, døydde svigermor. Etter lang tid med alvorleg sjukdom var det slutt. Ei god svigermor er borte, den eldste generasjonen no er plutseleg oss... 



Då vi var i Romsdalen denne helga, blomstra georginene hennar. Som eg har overtatt ansvaret for, saman med hagen. Store sko å fylle!






4 kommentarer: