tirsdag 1. januar 2019

Breddejul!

Eg veit ikkje om "breddejul" er eit uttrykk som er definert, men eg tek det i bruk og definerer at det passar for årets jul for oss!
Før jul las eg ein artikkel ein eller annan stad om folk som alltid hadde feira jul på same måte, og som fekk store problem når det ikkje vart slik. Eg syns eg har lagt eit godt grunnlag for at mine soner skal kunne feire jul nesten kvar som helst, og lell kjenne det er jul...

4.søndag i advent i barndomsheimen

For ein månads tid sidan bestemte vi oss for å feire jul i Romsdalen, fordi vi såg at det kunne vere både fint og nødvendig. Plana var å feire saman med mamma og pappa. I tillegg ville vi treffe svigers og søster til mannen, og kanskje fleire av mine søsken. Eg kom på at vi kunne ha juleselskap 2.juledag. Og plutseleg fann lillesøster ut at dei ville kome i selskap også. 30 mil er ingen avstand for eit skikkeleg juleselskap! Eg pakka med meg julekaker, julemat og anna julerelatert!

Etterkvart som jula nærma seg, endra ein del ting seg. Mamma og pappa trong å vere på helsehuset, og eg tenkte først at dei kunne kome heim på julaften.
Istaden besøkte vi dei på dagen og feira med storebror og familie på kvelden. 10 stykk, med pinnekjøt og dronning Maud-fromasj, mange gåver, muntre kommentarar og kaffe og kaker. Og ikkje minst slektsprat til langt på natt, initiert av den yngre garde. Og ja, eg gløymte ein Albert, men vi var innom mange Anders og Knut med T og Knud med D. Og oppdaga at oldemor mi Amalie eigentleg heitte Petra Amalie, og at før den store utskiftinga i 1859 låg garden ein annan stad i bygda.


Vi klarte få litt friskluft og trim også, det er
berre å stå opp og gå ut medan det enno er mørkt.
Då får ein med starten på dagen og lyset som kjem, og frukosten smakar ekstra godt.
(og at det regne og var glatt gjer det ekstra fint å kome inn att)

1.juledag var vi invitert på full pakke til mannen sin barndomsheim, der søstra hans var. Frukost, gudsteneste, kalkun med alt mogeleg tilbehør til middag og eit raust kaffebord, saman med svigers og bror til mannen. 16 stykker er akkurat passe. Prat, spel, og igrunnen alt som høyrer til eit ekte juleselskap.
Gamal julepynt

2.juledag hadde eg invitert alle i min næraste familie til lunsj. Alle kunne ikkje, vi vart 23 stykker, det mangla 6 personar, men dei hadde gyldig forfall. Det gjekk unna på maten, lydnivået var ikkje for pyser, men det var så kjekt å treffast! Hjelpande hender i fleng, bord vart flytta av "seg sjøl" når eg tenkte høgt og funderte på om vi ikkje skulle hatt bordet frå kjellaren til å ete lunsj ved. Oppvaskmaskina jobba minst trippelt skift, kakebordet var fyllt med mykje godt og jammen stilte ikkje slektsgranskarane frå julaften med slektskahoot! Der scora dei poeng med både den eine og den andre. Slektsforskninga som storesøster dreiv med på tidleg 90-tal, og som endte som bok, var utgangspunkt og fasit. Og det vart etterlyst oppdatering av boka og det vart lagt planer om å lese seg opp på andre greiner av slekta neste jul. Store og små søskenbarn, kinasjakk og sjakk på tv. Det var godt å vere saman! Sjølv om helse og hukommelse og slikt ikkje spela på lag heile tida, hadde vi ein fin dag saman. Ein dag å huske!

Minst sju slag!

Eg likar godt å ha jul i eigen heim, men i år var det rett å reise bort. Det vart ei god jul! Med familie, på begge sider, med gode minner og litt såre tankar om at livet endrar seg.
Eg ser verdien i å kunne snu fort om på planer, lage det beste ut av dei dagane vi har, utan at det blir feil. Jul er mange ting, men å vere saman er ein viktig del!

Romjulsfrukost

Og så er det fint å kome heim, til sitt eige, til klesvask, romjulsjobbing og vener. Litt slakkare tempo, tross jobbing, og mykje mat. Ein draum om snø og skiturar, som aldri vart noko av, på grunn av regn og is. Nyttårsaften med gode vener. Ungane heime, natterangling og snart kvardag.
Eg har lese ut boka eg fekk til jul, "Jordmor på jorda" av Edvart Hoem. Den foregår i mine heimtrakter, og eg fann linkar til slektspraten vi hadde i jula.

Lyset gjer godt. Også i januar 2019.

Godt nytt år!

4 kommentarer:

  1. Det hørtes ut til å ha vært noen fine dager. Godt nytt år til deg også.

    SvarSlett
    Svar
    1. Det var en fin jul!
      Og det har vært fint å lese om din jul på bloggen din.
      Godt nytt år!

      Slett
  2. Har hørt om breddefotball, men breddejul var ny. Jeg likte det!

    SvarSlett