tirsdag 18. september 2018

Haust

Hausten er mange ting.

Dei klaraste dagane med sol frå skyfri himmel.
Dei gråaste dagane med regn og eit så kaldt drag i lufta som du ikkje har kjent sidan tidleg på våren.
Dagar då det passar å ta fram eit tjukt skjerf og vottar på veg til jobb.
Dagar då det å sykle gir naglebit til langt utpå dagen.
Dagar der ein frys fordi ein trudde på værvrselet og ikkje tok ulljakke.
Dagar då ein har altfor mykje klær på, fordi ein trudde på værvarselet og tok ulljakke.
Tyttebær i skogen. Mange, raude skattar som kan bli syltetøy eller trollkrem. Har du smakt trollkrem med heilt modne tyttebær, rik på smak av haust og for min del barndom? Bortsett frå at eg likar trollkrem betre no enn eg gjorde då.
Sopptur saman med mannen. Eller, tur saman med mannen, han plukkar sopp og eg går ein ekstra runde og finn litt bær.


Haustfarger på trea og lyngen i skogen. Og på hekken rundt huset. Lauv som fell på plena (og hageblomster som skulle vore rydda bort og kjøkkenhage som skulle vore klargjort for vinteren)
Butikken full av norske epler og masse rotgrønsaker! Eg får lyst å berre kjøpe pga fargene og luktene! Og bake opp eplekake på eplekake, bake rødbeter og ete med fetaost... Brokkoli bakt med salt og chili. Fårikål. Grønsakssuppe. Nam!


Å vakne på morgonen og høyre regnet tromme på ruta, og prøve å huske om det er tirsdag eller laurdag.
Drikke tekopp etter tekopp og brenne lys og lese bok.
Den første dagen med vedfyring. Lukta av bjørkeved, og roa i å sjå på flammane i omnen. Vi hadde den i helga. Og vi har bua full av ved, så det skal bli fleire helgemorgonar der eg fyrar opp og et frukost i sofaen medan eg høyrer på NRK Klassisk og les avis.

2 kommentarer:

  1. Jeg misunner deg peis, men gledes over at du nyter dagene!

    SvarSlett
    Svar
    1. Peis er fint. Du vet det finns innspilt peisbåj å få tak i?

      Slett