onsdag 11. januar 2017

Vekestart veke 2

Det er visst onsdag allereie.
Før idag var eg værsjuk, det var regn i lufta, +6 gr og ikkje mykje teikn til januar og vinter. Men no er det litt betre, det snør tett ute, eg kryssar fingrane for at det blir litt kuldegrader, slik at snøen litt meir enn til i morgon. Og eg tenkjer litt på klima og klimaendringar, det blir ikkje mindre når eg høyrer om varmerekordar i mengder i 2016 og ekstremværvarsel for Vestlandet i morgon. (Eg lurer av og til på det med ekstremvær, for før var det også dårleg vær, men eg kan ikkje huska at det kom ekstremvarsel? Er det feil, eller var eg berre lite interessert i været då eg var yngre? Eg budde iallfall ein kommune også kjent som "verdens beste kommune for naturglade", der fleire vegar stadig var stengte på grunn av snøfall og rasfare. Det var upraktisk og farleg, og det vart jobba mykje for å betre vegane. Noko har dei fått gjort, men no er det jordras og ikkje snø som er problemet, og det er nye problem! Oj, litt ute på viddene, kjenner eg. Men eg funderer på dette med klimaendringar, og kva eg kan gjere, uansett!)

Av meir nærliggande ting, kan eg nemne at adventsdukane no er vaska og heng på stativet. Når dei er tørre, skal dei rullast fint saman og leggast i skuffa fram til slutten av november.

Til jul i 2015 kjøpte eg ein asalea. I heile fjor passa eg den trufast, og den fekk vatn jamnt. I premie blomstra den frå februar til november! Eg har igrunnen tenkt at den var ferdig no, men jammen ser eg noko som minner om knoppar på den. Stolt sa du? Her er det hashtag #grønnefingrar #hobbygartnar #stoltgartnar #blomsterpike +++

Ute jobbar dei. Det blir visst ny vassledning og ny kloakk. Om ei stund. Det er djupe grøfter i gata vår, vi ser tydeleg at vi ikkje bur på steingrunn, derimot bur vi på blåleire. Den siste veka har vi ikkje kunne parkere hos oss sjølv, vi har parkert i gata og hos gode naboar. Eg har prata (med det eg håpar er fagleg tyngde og interesse) med anleggsarbeidarane, om graving og rørledningar og arbeidskår når eg vassar i gjørme, is og søle til og frå huset. Det blir sikkert bra til slutt, men det er "litt" kaotisk undervegs. Det er nok ikkje så enkelt for anleggsarbeidarane heller.

På ein litt grå onsdag, med rart januarvær og leire langt inn i huset etter all graving, treng vi alle eit dikt av Hans Børli:

PÅ STIEN EN MORGEN
Det knaser sprøtt i kongler under støvlene mine,
jeg går her halvt fraværende
med hodet fullt av blå lang-tanker
mens alt er hverdag
og ting av fortrolighet rundt meg.
Ei barnål i ene sokken min
vekker meg med et iltert stikk
- Dette er livet ditt! Her går du
midt i det,
- så lev for pokker,
plukk de gylne solsekundene
opp i den slitte gamle neverskrukka,
hjertet ditt.

Jeg stanser,
står fortumlet på stien
og snyter meg i en flik av morgenrøden

Hans Børli

Barnåler i strømpene er ikkje så uvanleg no etter jul. Det er blå tankar. Alt eg ikkje rekk, eller orkar (sjølv om adventsdukane er vaska no) fyller hodet.
Men det har vore nokre fine solopp- og nedgangar i det siste. Det gjeld berre å få dei med seg. Eg er igang med trening etter jul og forkjøling, det er bra! Vi et mykje grønsaker, rutinene fell på plass igjen. Og så får vi drømme litt tilbake til sommaren og håpe vi får ein fin sommar igjen, om nokre månader.

3 kommentarer:

  1. "Gøy med noe nytt" vel, kanskje ikke så kjempegøy med nye rør i bakken, men praktisk? Jepp. Og stas med menn i dress da (eller må det være sånn pynta dress?)

    Happy helg, hvis noe heter det. Torsdag var jo lille-lørdag før i tiden.

    SvarSlett
    Svar
    1. Nye rør er bra, vi har hatt vannlekkasje for noen år siden, of det var heftig! Kjeledress eller svart dress, det er vel noe av det samme? 😊 happy torsdag til deg også!

      Slett
  2. For en flott soloppgang!

    Og barnåler har selv jeg som kun har min i potte, haha!

    Ha en nydelig uke!

    SvarSlett