søndag 13. november 2016

I´m your man

Eg er ikkje spesielt interessert i musikk, eg likar musikk, eg høyrer på forskjelleg, men eg har aldri hatt det som ei hovudinteresse. Eg har spela piano og sunge i fleire kor, litt for musikken og mykje for det sosiale. Eg har lytta til musikk av ulikt slag, og noko har eg likt og noko har eg ikkje likt. For tida er "sjefs-pusharen" min junior, som spelar mykje rart til meg. "Høyr på dette, mamma" og eg blir servert alt frå klassisk til smalspora jazz, ulike taktartar og dissonansar. "høyr DER, det er bra!"
Du snakkar om perler for svin...det er ikkje alt eg får med meg.
Men enkelte artistar har eg høyrt mykje på, som Dumdum Boys i russetida, Phil Collins ei stund, Van Morrison seinare. Lell må eg vel tilstå at eg høyrer mest på radio og det som blir spela der til ei kvar tid. Hurra for P2 som serverer ganske breidt utval av musikk! (det hender eg har høyrt om det nye jazzgruppa junior skal på konsert med!)

Og eg har høyrt mykje på han det er skrive masse om dei siste dagane: Leonard Cohen. Kvar eg plukka opp han, huskar eg ikkje. Men eg veit at sommaren 1988, då "I´m your man" kom ut, var han musikken i bilen til og frå sommarjobben. På kassett. Dette var tross alt 80talet. 20 minutt i bilen til og frå jobb. Tidlegvakt og seinvakt, men eg huskar best turane på tidleg morgon. Tidlege morgonar på veg til sjukeheimen, med soloppgang (for eg trur ikkje det regna den sommaren...) og stille fjord, då var Leonard Cohen soundtracket mitt. "Take this waltz", "Ain´t no cure for love" og "Tower of song".  Eg kan sangane enno. Dagen kom sakte, men sikkert, eg kunne sjå at andre kom ut, åpna vindauger og møtte dagen på turen min til jobb. Eg hadde selskap av Leonard i bilen.


Eg har lese mykje av det som står i avisene no, og tenkjer at eg nok skal ta fram igjen denne musikken, og kanskje høyre ting eg ikkje har høyrt før også.


Du skal som vekestart få eit fint sitat av Leonard Cohen:

"There is a crack, a crack in everything. That's how the light gets in"

(Det er sprekker i alt, det er der lyset kjem inn. Ingenting er perfekt, men det er sprekkene som slepp lyset inn!)

Og idag er det farsdag, og mannen fortener ei skikkeleg feiring. Det er jo han som er "my man". Og feiring har vi hatt: vi har feira med pannekakefrukost, gåver, tur i skogen, lesetid i sofaen og middag. Idag kalvesteik med løkkompott, portvinssaus og potetbåtar. Vi har utsett desserten... så mette er vi!


Ønskjer deg ei strålande veke! 

5 kommentarer:

  1. Jeg hadde også Cohen på kassett, spilt over fra en kassett en kollega hadde.

    SvarSlett
    Svar
    1. Rart korleis verda har endra seg, no finns vel ikkje kassetten lenger? Knapt nok cd-plater. Sakna kassetten med Cohen no, og måtte få junior til å finne fram Cohen på spottify.

      Slett
  2. "There is a crack, a crack in everything. That's how the light gets in"

    Vakkert sagt og til ettertanke... ønsker deg en fenomenal uke, både til deg og your man!

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk, håpar veka di blir superb! Og eg og my man har det fint :)

      Slett
  3. Les Louise Penny's romaner om Armand Gamache. Hun har en roman titulert "How the light gets in" og der er Cohen sitert :)

    SvarSlett