mandag 31. oktober 2016

Vekestart veke 44

Måndag. På tide å oppsummere litt og sjå litt framover. Litt status, rett og slett.
Sist veke var eg på kurs. Lokal lønnspolitikk, ny lønnspolitikk i staten og arbeidstidordningar. Skikkeleg hæla i taket? Ja! Iallfall nyttig og lærerikt, og med god tid til å snakke med kollegaer frå store deler av landet. Supert! Og med eit lite friminutt i København, bonus!

For meg var København denne gongen syklar på Høibro plads, nye sko og god lunsj. God tid saman med ein kollega. Litt julepynt og ein sjokolade. Eg vil tilbake!




Idag striskjorte og havrelefse. Skodde, regn og rikeleg å ta tak i på jobb. Mørkt lenge, sjølv om vi har stillt klokka og det skal bli lyse morgonar.
(Slik reint malapropos: til alle småbarnsforeldre som ikkje fekk nyte den ekstra timen med søvn natt til søndag, det blir betre! Om nokre år stiller junior kroppsklokka sjøl, tek ut den ekstra timen før han går og legg seg, på eit for deg ukjent tidspunkt, og står opp til frukost på søndag!)
Mørkt tidleg, som på ein måte passar bra på Halloween. Rygg som seier frå at den kjenner seg oversett i helga. Kropp som seier at den syns at ein diett av sjokolade og sein, treretters middag godt kan vere normalen, og som syns det er på tide med mat både titt og ofte. Altså på tide å ta tak og snu tilbake til kvardagen igjen. Gulrot og klementin. Skog og regnklær.





Det var så fint i skogen. Stille, eg møtte ingen. Ein bekk. Grått og dårleg sikt, litt trolsk over myrene. Kanskje var det dyr inne i det grå? Ein elg? (eg skremte han mest sannsynleg vekk...)

EIN GRUNN TIL Å LEVA

Det er kjærleik eg snakkar om,
ikkje den banalt brusande,
men det svale vinddraget,
luftninga,
det stille drysset gjennom sjela,
det mjuke usynlege som slører lydar
og dekker skorper og sår.
Eg trur uavlateleg på kjærleiken
som ein stor overveldande fred
og ein gyldig grunn for å leva.


Alf A. Sæter


Straks er oktober historie. Vi startar på november. Eg gler meg. Innetid, utetid, kvardag. Enno litt tid før jula tek meg. Eg skal lage ei novemberliste til deg ein dag!
Fin måndag til deg!


Og det er jo halloween! Bø! Trur dette graskaret har skremt bort alle, for ingen har ringt på her idag.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar