tirsdag 26. juli 2016

Kan det vere arv?

Vi har båt!
Ein Hallberg Rassy på 29 fot frå 1985. Båten har vore på plass i over ei veke. No er masta oppe, riggen er klar, vi har vant og segl. Vi har hatt rev i segla på tur, og det har ingenting med at eg jobbar ved Veterinærinstituttet å gjere. Ikkje noko med Ylvis og "What does the fox say?" heller. Eg utvidar ordforrådet kvar dag; det går i stag og fokk og knop. Nautiske mil og nye knutar. Segle på kryss? Ikkje noko problem, men å forklare det er verre...
Vi har segla i vind og stille(eller då var det vel eigentleg ikkje segling?) Vi har hatt oppe segla fleire gonger, både med hjelp av støttekontaktane(hurra for naboar som kan segla og har tid til å vere med på tur) og åleine. Eg veit forskjell på storseglet og fokka. Vi har lagt til og frå kai, det første er verre enn det siste. Men vi har gjort begge deler og framleis vore vener etterpå. Det er jo laga både filmar og sangar om kor ille det kan gå. Båt er ein slags ekteskapstest! Eg hoppar ikkje i land når det er meir enn ein meter til kaia. Eg hoppar ikkje i det heile, eg stegar i land, og eg knytter fast båten.

Ut på tur! Både storsegl og fokk oppe.

På sikt skal eg lære meg å legge til kai sjøl også. På sikt. Enno kan mannen få øve meir, med meg som sidekommentator og synsar. Men slik i tilfelle mannen ein dag får bommen i hovudet, må eg vel kunne å legge til kai.

Mannen syns eg lærer fort (snill mann som forstår at det er smartare med ros enn mas!)

Ved roret!
Og no lurer eg litt på kvar sjømannskunnskapen min kjem frå. Kan det vere arv?

Bestefar(morfar) hadde rutebåt; MB "Vega". Han gjekk mellom Eidsbygda og Molde på 30talet og under krigen. Han måtte nødvendigvis kunne å legge til kai og fortøye.
Då han vart eldre, rodde han ofte på fjorden for å fiske til eige bruk. Han røkte fisk og laga tørrfisk. Då mamma var lita, hadde ho eit styrhus frå ein gamal båt som leikestove.

Solnedgang i Trondheimsfjorden

Oldefar(på den andre sida av slekta) sydde klær og rodde/segla fra Romsdalen til Lofoten på vinteren for å selge under Lofotfisket. Det er eit godt stykke!
Då han skulle bli far for tredje gong, tok han med sonene på 5(som vart min bestefar) og 3 år på fisketur. Då dei fekk ein fisk, brukte han den same fisken gong på gong, utan at sonene oppdaga det, slik at gutane glade og fornøgde kunne dra fisk, og vere tålmodige slik at dei kunne vere ute lengst mogeleg. Eg veit ikkje kor lang tid det tok, men tilslutt gjekk dei i land og fekk møte veslesøster Solveig.

Pappa segla, som tidlegare nemnt, i ung alder. Han var på sildefiske ved Stadt fleire vintrar på 50talet. Og dei siste åra har han fiska mykje i fjorden heime. Og saman med pappa har eg sett mykje garn i fjellvatnet ved hytta. Eg har lært meg å ro i rett fram, for fisken gjekk ikkje på garn som står skeivt, så vidt eg forsto. Og han prøvde å lære meg gode knutar å knyte fast båten med. Dei sitt dessverre ikkje som spikra i hukommelsen.

Teakbestikket er arv etter tanta Marwild,
og det er ho som har måla koppen min.

Eg har hatt onklar som fiska. Huskar godt då eg fiska med onkel Iver og vi fekk storsei på 8-9 kg. Eg var kanskje 10 år, og fisken virka like lang som meg og eg var litt usikker på om båten ville velte. Stolt fekk eg med meg fleire fiskar heim til mamma.
Eg fiska med onkel Kåre også. Han lurte på kva fisk eg ønska meg til middag, eg sa "aure". Så dorga vi langs eit nes, og vips, der beit auren på! Truleg mest flask, men eg var mektig imponert! Så sette vi kurs til hytta deira og fisken vart stekt av tante Marwild og servert med nypotet med eit dryss av dill (som eg ikkje likte, men det gjorde ingenting akkurat då) og rømme. Eigentleg fortener den hytta eit eige blogginnlegg, for der var eg mykje og levde som ei prinsesse!

Fjorden eg voks opp ved.
Det går an å ha båt her!
Eg har vakse opp ved fjorden. I ei rekkje av bønder som fiska til eige bruk -for å ha mat. Båtlivet var nok meir nytte enn kos, sjølv om eg mistenker at enkelte kan ha rodd seg ein tur ein sommarkveld av rein glede.
Vår båt skal vere meir kos enn nytte. Det er planlagt at den skal virke blodtrykkssenkande og gje lave skuldre (altså må vi øve meir på å legge til) Vi har hatt ein test, med lunsj i båten, tekopp og aviser. Det var særdeles avslappande! Vi skal samarbeide om å segle, sakte i solnedgangen og litt kjappare i solgangsbris. Egg og bacon i morgonsol, og kanskje ein fisk i solnedgangen? Då kjem det godt med at eg har så gode sjømannsgener!
Son i solnedgang og stille sjø

2 kommentarer:

  1. Moro!

    I hagen til venninna mi sto det et styrhus fra en sjark som vi brukte som lekehus, og i alle hagene til barnefamilier sto det en lekebåt - en avdanka robåt av ett eller annet slag. Der lekte vi og bygde egne styrhus som vi reiv og bygde opp igjen. Så mens unger her i sør har bygd hytter i trær, så bygde vi hus på robåter :-)

    SvarSlett
    Svar
    1. Det høres skikkeleg eksotisk ut! Eg har verken hatt dukkehus i styrhus eller i hagen. Men rodde mykje når vi var på hytta. Og tok gjerne med lesestoff ut og låg i båten og las !

      Slett