søndag 10. januar 2016

Vekestart veke 2

Ny veke. Det har vore kvardag ei veke i det nye året allereie, det har gått ganske bra. Men det har vore hardt å snu døgnet! Men samtidig er det fint med kvardag. Ikkje heilt vanleg kvardag enno då, det har vore godt pålegg igjen frå jula, vi har ete middag stort sett etter plana eg laga og juletreet og stjerna i vinduet har laga lys i stova. Vi har hatt nesten konstant fyr på peisen, for det har vore iskaldt ute.

Kaldt ute. Godt inne.
Og dette var ikkje den kaldaste dagen. Då sto det -18
Eg hadde store planer for helga. Tenkte det ville vore koseleg å invitere på "juleslutt"-selskap, eg skulle rydde ut jula og generelt pusle i heimen. Vi skulle ete resten av julekakene, ikkje at det er så mange igjen. Eg skulle kjøpe ein tulipanbukett og legge på dukar i vårlege farger. Det vart ikkje slik! Eit litt hissig magevirus eller noko slikt kom fredag med magesmerter og feber, og gjorde at eg tok sofateneste istadenfor å gjere noko anna. Kjedeleg! Men idag har eg fått i meg litt mat og trur eg er på veg mot å bli frisk igjen, men du milde så sliten ein blir av slikt! Heldigvis har ingen andre i heimen vorte sjuke.

Fint tre. Hadde nesten ikkje mista nåler.
Nesten ille å kaste det ut...nesten.


Men ut gjekk det. Og stolen fekk tilbake plassen sin.
Med tida til hjelp har eg fått pakka ned jula idag. Det var litt 5 minutt pakking, 10 minutt på sofaen... No er stova større, kjennes det ut som, og litt mørkare. Eg skal kjøpe tulipanar i morgon, sidan det ikkje vart i helga. Det er ei tid for alt, ei tid for jul og ei tid for kvardag. Heldigvis! No gler eg meg over å sjå at lyset kjem tilbake og at dagane blir lengre og lengre.
Litt rart å pakke bort denne gjengen.



Vekas dikt er om å vere her. Kjenne på øyeblikket.
desse øyeblikk når ein tenkjer
stopp tid stopp og la meg få vera
her i dette som er
desse øyeblikk når ein kjenner
eit lys som må vera lykke
og veit det er forgjengeleg
men vil ta imot det utan å nøla
desse øyeblikk som blir gitt ein
og som så lett kan skuslast bort
med eit grådig krav om meir
desse øyeblikk som kan takast imot
nake og som rein og ufortent nåde
- Bente Bratlund -

Ha ei strålande veke. Med gode kvardagar. Gode øyeblikk å vere i.


4 kommentarer: