tirsdag 5. januar 2016

Vekestart veke 1


Himmel over skogen


Godt nytt år!! 
Er du som meg, har du venta på januar med gulrot, grovbrød og tekopp. Tilbake til rutinene, kvardagen, dei små tinga som er det vanlege livet. 

Eg storkosar meg med jul! Eg ser fram til jula, og planlegg gjerne mykje på førehand. Tradisjonar, maten vi et berre ein gong i året. Pynten, lys i stjerna og på treet. Den fine duken, tøyserviettar, sølvbestikk og arveserviset. Ei skål med søtsaker som står framme til alle døgnets tider. Inneliv med familie og vener. 

Men etter nyttårsaften, då ventar eg på kvardagen igjen. Å ta inn avisa, lage te, sjå på klokka med det eine auget medan ein et frukost, for å rekke jobben. Eg leitar i frysaren etter restar å lage middag av, i ei blanding av tom lommebok, nyttårsforsett og tankar om sunn mat. Eg fyrar i omnen, drøymer om den første tulipanbuketten når juletreet er tatt ut av stova. Te og ei krumkake medan eg les ei god bok. 

Samtidig er januar litt brå, den startar fort, den er mørk, det er lenge til neste "pause". Men har du sett ut, på januarlyset? Iallfall her hos oss har det vore fantastiske soloppgangar og solnedgangar no. Det er kaldt og klart og eg ser nesten at dagen blir litt lenger for kvar dag! (litt optimist er eg nok djupt inni meg) Vekas dikt handlar om lyset:

lyset
du treng
finst
(Helge Torvund)



Soloppgang i januar

Utsikt frå stova ein januar ettermiddag


3 kommentarer: