torsdag 10. juli 2014

Vekestart veke 28

Eg vurderar seriøst å starte med "midtvekeverset" evt "vekeslutt´n", for dagane går så fort! Det er mangt på programmet, feks jobb. Alle spør om eg har ferie, og eg kan avkrefte det! Det er jobb kvar dag, det er oppgåver nok til alle som er på jobb og vel så det, og det er fleire veker igjen til eg kan tillate meg å sove om morgonen og la humla suse(no gjer den forsåvidt det heilt utan meg, den er stadig på besøk i grønsakshagen og snusar eller noko på sukkerertblomsten og på ruccolaen som har fått blomster, ikkje sikker på om det er eit godt teikn…)
I tillegg er det hetebølge i Trondheim, det er varmare enn eg kan huske på flerie år, iallfall fleire dagar på rad. Det er varmt inne, men varmare ute og det går med nokre liter vatn for dag for å kome i likevekt med svettetapet.
Når sonene i tillegg er borte på sommarjobbing, blir det god tid til å sitte ute om kveldane, gå på besøk, ha besøk, berre suse rundt og iallfall ikkje blogge eller følgje med på fotballvm som vistnok foregår i desse dagar?

Difor må det bli dette diktet eg deler med dykk denne veka

Vi skal ikkje sova burt sumarnatta

Vi skal ikkje sova bort sumarnatta,
ho er for ljos til det.
Då skal vi vandra isaman ute,
|: under dei lauvtunge tre. :|

Då skal vi vandra isaman ute,

der blomar igraset står.

Vi skal ikkje sova bort sumarnatta,

|: som kruser med dogg vårt hår. :|

Vi skal ikkje sova frå høysåteangen

og grashoppespelet i eng,

men vandra i lag underbleikblå himlen

|: til fuglane lyfter veng. :|

Og kjenna at vi er i slekt med jorda,

med vinden og kvite sky,

og vita at vi skal vera isaman

|: like til morgongry. :|

Aslaug L Lygre 

Ikkje lett å legge seg når det ser slik ut!!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar