søndag 16. juni 2013

Vekestart veke 25

Kva lukke er? Det kan vere som desse orda av Inger Hagerup:

Hva lykke er?
- Gå på en gressgrodd setervei
i tynne, tynne sommerklær ...

Lukke kan vere at vekene går fort og at sommarferien nærmar seg med stormskritt, iallfall om eg høyrer på tenåringane som startar seint i morgen, sluttar tidleg eller kanskje har heilt fri. Dei gler seg over ingen munnleg eksamen, frydar seg over lyse kveldar, ny sykkel, sol, ingen lekser, litt rydding og innlevering av bøker, kanskje ein telttur. Og alt dette forstyrrar ro og orden og rutiner i familien, dei treng ikkje sove av ovanfor nemnte grunnar, treng ikkje stå opp av ditto, dei et frukost i det mor startar på middagen! O herlege sommartid :)

Det er litt lenger til vi alle skal ha ferie, men eg treng heller ikkje sove riktig like mykje, iallfall får eg ikkje lagt meg i rett tid. Eg vaknar av fuglesang midt på natta, om den er munter veit eg ikkje, men den fortel iallfall med klar tale at det er sommar!! Eg gløymer solkrem og klør på lett solbrent hud, og smør meg med aloe vera, lakkar tåneglane(men får ikkje på meg sandalane pga såret), nyt å ha litt farge på kroppen. Nyt å ete frukosten ute når det går, ser på alt som blir grønnare for kvar dag og irriterar meg berre litt over skvalderkålen, før eg gler meg over løvetanna som er kraftig og frisk!
Dagens farge er grønn!



Idag har eg latt meg fasinere over skyene på himmelen. Høg himmel og skyer, frå kvite florlette til tunge, svarte som eg venta skulle gje eit regnvær utan like -men det kom ikkje. Vi kunne sitte i fjøra og grille og prate og kome heim lett røykfylte og fulle av latter og godt samvær.



Glimt frå turen i fjøra

Og vel heime har eg landa i sofaen i selskap med Harry Hole, eg er igang med bøkene frå nr 1 og utover, og treng dei lyse dagane og nettene for å tørre å lese... 

Kveldsstemning 

(og heilt til slutt i kveld har vi vore turistar i eigen by, kveldstur på Kristiansten festning og sett på solnedgangen. Slikt ein kan gjere når det er lange, lyse kveldar)

2 kommentarer:

  1. Kjenner meg virkelig igjen i hverdagen og snart sommertid her.
    Har advart guttene om at de nok kommer til å bli vekt til vanlig tid i noen dager etter sommerferien har inntatt huset før undertegnede har klart å endre rutine :)
    Dette er 2. innlegg jeg leser i dag med turbilder .... Trur virkelig det blir en markatur til kvelden på undertegnde
    Ønsker deg en strålende uke
    Klem fra Siv

    SvarSlett
  2. De lyse kveldene innbyr helt klart til tur! Jeg går korte turer med vond fot, og kjenner jeg gleder meg til foten er bra så jeg kan lange ut i skogen!!!

    SvarSlett