mandag 17. juni 2013

Monstermor?

Av og til er eg på krigsstien. Eg blir monstermor, enten i eigne auger eller i augene til tenåringane...

Kva som sender meg ut på krigsstien? Det kan vere så mangt, feks

  • kjøkkenbenken full av skitne fat og glas
  • våte klær nederst i skitnekleskurva
  • tomme juice- og mjølkekartongar som er sett tilbake i kjøleskapet
  • beskjedar som kjem vekk på veg frå avsendar til mottakar(i dette tilfelle meg) 
Ta med at eg kanskje har hatt ein lang dag eller er sliten frå før, lunta blir kort...

"Har du ikkje rydda opp?!"

I andres auger er det kanskje når eg
  • forlangar at dressen frå 17.mai blir hengt opp NO, allereie ca eit stykke ut i juni
  • eg blandar meg inn og opp i oppgåver som skal løysast av den eine eller andre junior
  • eg beordrar tømming av oppvaskmaskin og støvsuging av trapper
  • eg forventar å vite kva som foregår, om ungane har huska det eg har minnt dei på å huske
  • når monstermor er masemor
Nokon som kjenner seg igjen?
Men alt i alt lever vi godt saman, det meste av tida er eg mønstermor :)

3 kommentarer:

  1. Synes jo du kan vente til August før du begynner å mase om den dressen.. Og egentlig så skal den sikkert brukes til jul så hvorfor må den egentlig henges opp?? og de våte klærne.. de fant da veien til skittentøyskurven i allefall.. Nå synes jeg du er pirkete... :) :)

    SvarSlett
    Svar
    1. Dressen skal jo brukast i september, kva masa eg med?! Men til jul er den vel for liten... Sitt og kjenner på at eg skulle vore meir monstermor i går og tvinga regnklær med han som er på telttur i regnværet no, men kanskje det er læring i å bli våt og kald?

      Slett
  2. Hehehe du skriver så bra og kan ikke annet enn å nikke velkjent til hva du beskriver.

    SvarSlett