Eg likar å gå. Særleg i skogen. Gjerne åleine. Kan godt gå saman med andre også. Men eg går i fjellet, langs fjorden.
Kjenne på lufte, luktene, strekke ryggen, kvile ørene. Akkurat no finn eg faktisk enno ei og anna blåbær, masse tyttebær, kan plukke blomster, nyte haustfargene. (Og sidan vi har hatt ein varm og tørr haust, kan eg gå i joggesko nesten rett over alle myrer) Skogen er min favoritt! Eg har skrive meie om skogens ro og gleder her "Å søke ro"
Men denne veka går eg til og frå jobb. Det er ein stadig tilbakevendande ambisjon... som ikkje blir fulgt opp når a) eg er B-menneske, b) det tek 30 min å gå og c) eg gjerne skal vere på jobb seinast kvart på åtte. Sidan eg denne veka får "hjelp" - eg treng ikkje vere på jobb før kl 9- kan eg sove litt lenger, ete frukost -og nyte ein kopp te- i ro og fred, og så gå på jobb, og få lys og luft og trim. Reine kinderegget 😀
Tenkte du skulle få dele nokre av inntrykk eg har plukka med meg denne veka
Eg ser jo på Snap, Instagram og Facebook at mange har haustferie no. Eg har ikkje det, men det ser jo ikkje så ille ut dette heller?
(Men det er litt upraktisk å gå av og til, feks er eg vant til å handle mat på veg heim frå jobb, det er verre når eg går. Eller dei dagane det regnar...då krever det litt pep-talk med meg sjøl før eg kjem meg ut. Men, har eg verdas beste utebukse, ny regnjakke og gode sko, så når eg først er ute, er det bra!)
Og dette er utsikt får kontorvinduet mitt, i 4.etasje. Langt der borte, på andre sida av fjorden ser du regnbogen.
Viser innlegg med etiketten rygg. Vis alle innlegg

torsdag 5. oktober 2017
onsdag 20. september 2017
Fridag igjen
Idag har eg hatt fri. Nokre vil sikkert seie "fri igjen?" Fridagane mine er ikkje fri, eigentleg, det er dagar for helsa mi. På fridagane gjer eg minst mogeleg husarbeid, istaden prioriterer eg ting som gjer godt.
For ryggen er det tur i skogen og anna trening som gjer godt. Å bevege seg i terrenget er god trening. For hørselen er det å ha det stille veldig viktig. Eg brukar mykje krefter på å lytte og høre, både på jobb og heime. Tur i skogen hjelp, der er det skogens ro, tinnitusen får konkuranse av sus i tretoppane og vatnet i bekken, det er ikkje noko eg treng høyre (bortsett frå syklistar i full fart, men dei er det få av på dagtid) Eg har aldri musikk på øret når eg går tur!
Når eg lever slik, klarer eg jobben min betre når eg er på jobb, og kanskje eg er trivelegare å leve saman med også?
Det hender naturlegvis at eg sett på ei vaskemaskin, eller tømmer oppvaskmaskina, eg prøvar å ha tannelgetime eller fysioterapi på fridagane mine. Eg har ikkje fri for å gjere husarbeid, men for å stelle best mogeleg med helsa!
Idag har eg hatt fri, som sagt. Eg hadde sakte frukost, og fyra opp i omnen for første gong iår, for plutseleg var det haust ute! Så tok eg på turklær og stakk i marka. Eg gjekk, fekk opp varmen, snakka med andre som var ute på tur. Eg plukka tyttebær, det er så mykje i marka! Plukking av bær gjer eg etter metoden "ta med berre ein liten pose/boks", for når den er full, må eg slutte å plukke , og ryggen er framleis i godlune! Etterpå gjekk eg på ei hytte i marka og kjøpte lunsj. Ein skikkeleg luksusdag!

![]() |
| Tyttebær |
![]() |
| Haustfarger! |
![]() |
| Lunsj i solveggen |

| Og igår oppdaga eg at eg har sko som matchar hausten! Eg tøyser ikkje med sko og haust! |
mandag 12. desember 2016
12.desember, vekestart
Måndag igjen. Dei siste vekene har eg hatt fri på måndag, det er sånn: "oj, veke starta utan meg!" og "fantastisk å ha ein roleg start på veka". Ja, altså forstå meg rett, eg søv meg ikkje gjennom dagen, men eg treng ikkje stille på jobb på mørke måndagsmorgonen, likevel klarer eg fylle dagen. Eg startar gjerne med lang frukost framfor omnen, idag var det minus 10 ute og klart vær, så te og varme gjorde seg. Så gjorde eg ryggøvingar og gjekk tur, med innlagt kasting av glass- og metallavfall. Det er SÅ vanskeleg å få gjort, så det brukar ende med at det står fleire posar i kjellaren, og når eg først tek det med, er det gjort i ein fei. Kan nokon forklare meg kvifor det er slik? Resten av dagen har veksla mellom diverse husarbeid og kvile av ryggen, vi har ikkje vore heilt på lag idag.
Eg har laga den mest mislukka kransekaka sidan sist eg prøvde meg. Det kan bli lenge til neste gong også! Litt rop om hjelp på instagram, og svaret er at eg truleg har hatt for mykje egg. Dei heva seg veldig fint(noko kransekake ikkje skal), før dei datt saman. Så satt dei riktig godt fast i formene, og delte seg i bitar då dei omsiden slapp taket. Smaken er god, om dei ikkje har utsjånaden med seg. Det er tross alt det indre som tel?!
I morgon kjem junior heim til jul.
Då eg var lita, venta vi på mine eldste søsken som skulle kome heim til jul. Dei flytta då eg var 6 år. Det var noko med å gjere huset klart til dei kom heim, det var jo ikkje jul når dei kom, men det nærma seg, og det skulle dei kjenne. Det var stas å få dei heim, og kanskje fekk eg ei litt tidleg julegåve også?
Så var det min tur til å flytte, og kome heim til jul. Desse siste dagane med innspurt før ein skulle reise heim, gjerne sein eksamen og mørketid, sliten og trøtt. Og gleda over å kome heim, bli møtt av juleinnspurt og ein smak av julekaker og julebrød.
No er det altså eg som ventar på junior som skal kome heim! Livet går jammen i faser. Radioen har byrja spele ein sang eg nesten får tårar i augene av å høyre; "Driving home for christmas", kjøre heim til jul. Han syng om å treffe igjen familien og vere saman! Det blir mi helsing til deg i dag.
Og til slutt må eg minne om min give-away , du kan få ei julegåve frå meg om du går inn og legg igjen ein kommentar! Trekning den 15.desember.
![]() |
| Pause på sofaen, og spisebordet er fullt av ting som ventar på å bli rydda... |

tirsdag 11. oktober 2016
EIn tur i skogen
Det er mykje å seie om å ha dårleg rygg; ikkje kunne å gjere alt eg vil, skulle gjere styrketrening og ikkje klare full jobb. Det kan vere krevande å møte dagane med godt humør.
Men at det gjer godt å gå tur, og at eg difor kjem meg oftare ut, det er midt i alt anna eit pluss! Og eg blir i betre humør, særleg på dagar som denne!
Været dei siste vekene har vore heilt fantasktisk! Og no når det er nattefrost og lav sol på dagen, blir det kaldt i skogen, også på dagtid. Isen og rimet ligg heile dagen i skuggen og nede i dalar, litt dumt at det blir glatt(eg må ta fram piggskoa snart), men det blir så mykje fint å sjå!!!
Og nesten tilbake ved bilen, møtte eg ei anna dame på skogtur!
Skogen altså! Det er ikkje det at eg går fort, for det gjer eg ikkje, og eg går ikkje så langt heller, men eg ser så mykje og ryggen får rørt seg. Eg trur eg blir eit betre menneske av å komme meg ut i skogen.
#skogenbaby

| Fint på tur når dette er premien! |
Været dei siste vekene har vore heilt fantasktisk! Og no når det er nattefrost og lav sol på dagen, blir det kaldt i skogen, også på dagtid. Isen og rimet ligg heile dagen i skuggen og nede i dalar, litt dumt at det blir glatt(eg må ta fram piggskoa snart), men det blir så mykje fint å sjå!!!
Kunst i naturen
![]() |
| Ein stor, fin kantarell. Dessverre ikkje så fin, for nokon hadde byrja ete på den... |
![]() |
| Med ein slags glorie |
![]() |
| Fargene no! |
![]() |
| Lomtjønna. Snart med is. |
![]() |
| Skogmus |
Og nesten tilbake ved bilen, møtte eg ei anna dame på skogtur!
Skogen altså! Det er ikkje det at eg går fort, for det gjer eg ikkje, og eg går ikkje så langt heller, men eg ser så mykje og ryggen får rørt seg. Eg trur eg blir eit betre menneske av å komme meg ut i skogen.
#skogenbaby
mandag 22. august 2016
Vekestart veke 34
August, altså.
I tillegg til at det er min bursdagsmånad, er det også månaden for nytt semester, bærplukking og kveldar der det er på tide med levande lys og (iallfall no) flotte solnedgangar. Ein slags festmånad spør du meg!
Ein kveld denne veka var eg nesten tilbake på kjøkkenet heime, slik eg huskar augustkveldar då eg var lita. Ein slik kveld, rett etter skulestart, når det byrja bli mørkt ute. Det var nyplukka rips og vaniljesaus, på omnen sto ein kjele og putra med rips som skulle bli ripsgele. Lukta av varm ripssaft fylte heile kjøkkenet! Akkurat som då eg var lita. Men heldigvis utan bøker som skulle ha nytt bokbre og irriterte og oppgitte sukk over kor vanskeleg det var. Tape som klistra seg feil, og papir som krølla seg og ikkje var stort nok likevel.
![]() |
| Dette bildet skulle vore med lukt! |
![]() |
| Mange små glas med ripsgele! |
Elles har veke innehalde jobb, som vanleg. Men det har vore mykje anna bra også!
Tur i skogen etter både blåbær og bringebær. Og snart er tytebæra moden. Lukke! Min indre hamster lever livets glade dager no, med så mykje å sanke i skogen(eg skulle berre hatt litt betre tid og ein betre rygg). Eg har gått tur med ei venninne, berre for turen sin del.
Ryggtrening. Eg prøvar trene målbevist, og leitar etter resultat, men det går sakte. Det får ikkje akkurat fram treningsglede å sove dårleg pga vond rygg.
Kafeliv med ei anna venninne, med fokus på den gode samtalen og løysing av verdsproblem av ulik storleik. Vi kom ikkje heilt i mål, og må nok ha ein kveld eller to til.
Det har vore sol og varmt, og eg har fyllt på D-vitaminlageret i kroppen, slik at eg har litt å gå på til vinteren.
Når det byrjar bli mørkt, må ein ha fyrlys, særleg når ein er i båt (eg får fletta inn litt båt i dei fleste innlegg for tida :) )
Kalypso
Åse-Marie Nesse
Eg tenner eit fyrlys for alle som elskar
for dei som ror i ring og aldri finn same rytmen
for dei som berre lyder til signal
frå framande farty
for dei som støytte på grunn i medvind
for dei som styrer etter stive sjøkart
utan å ense måkars mjuke flog
for alle som kjenner dei sju hav
og aldri lodda djupa i sitt eige hjarta

eg tenner eit fyrlys
for all villfaren kjærleik
så vegen til det lova landet
blir synleg i natt
for all villfaren kjærleik
så vegen til det lova landet
blir synleg i natt
Ønskjer deg ei god veke!
søndag 31. juli 2016
Vekestart veke 30
Eg lærer stadig noko nytt, om båtlivet, men óg om andre ting.
Om å vere mor feks. Til to soner som er over 18 år, som lever sine eigne liv. Den eine er i militære, utanfor dekning for tida. Eg lærer tålmod...og å stole på både son og autoriteter. Den andre er heilt klart innanfor dekning, men strekker tålmodet lell om prøvar å vere autoriteten.
Eg øver meg på å leve med ryggen som ikkje gjer som eg vil alltid. Eg må tenkje nytt om fleire ting der, som aktivitet og kvile. Eg har funne ut at eg kan gå langt om eg går sakte. Og eg kan plukke bær, om eg plukkar få kvar dag.
Eg lærer noko nytt om å vere i storfamilie, om roller og livet. Om livets gang, på godt og vondt.
Og eg lærer om båt, om segl, om fokk og vindretningar. Om eg har lært meg å segle enno, veit eg ikkje, men eg plukkar stadig opp noko nytt. Eg klarer eit fleirtal av gongene å snu båten i rett retning, eg veit når det er medvind og motvind, eg les fart på gps-apparatet. Eg kveilar tau, eg fortøyer båt, eg dreg inn skjøter og brukar vinsj. Men eg er ikkje sjømann, enno...
Eg skal i gang med den tredje veka etter ferien, eg har nesten snudd døgnet tilbake på rett kjøl(sjå der, sjølivet blandar seg inn). August er her i morgon, kanskje med eit lite drag av seinsommar? Men eg satsar på varme dagar og fløyelsmjuke kveldar!

| Tau er viktig i båt |

Sjømannen ber ikke om medvind. Han lærer seg å segle. Gustav LindborgHa ei strålande veke!
Eg skal i gang med den tredje veka etter ferien, eg har nesten snudd døgnet tilbake på rett kjøl(sjå der, sjølivet blandar seg inn). August er her i morgon, kanskje med eit lite drag av seinsommar? Men eg satsar på varme dagar og fløyelsmjuke kveldar!
![]() |
| "Noen ganger er det alright" |
tirsdag 24. mai 2016
Føling i fjæra #2
Igår tenkte eg at idag blir det ingen tur. Eg var litt sliten, eg hadde ei bok eg gjerne skulle lese ferdig, det regna ute. Altså: unnskyldningane sto i kø!
Men etter å ha lese ut boka, ete lunsj og rydda litt, kjente eg at nei, eg orka ikkje sitte inne lenger. Eg tok ein vri, og stakk i fjøra istadenfor skogen, eg avtala med meg sjølv at eg skulle få te på kafe i fjøra etter å ha gått turen.
Då eg kom fram, hadde det nesten slutta å regne, temperaturen var perfekt, det var mjukt lys og lite folk ute. Langs fjøra lukta det tang og tare og sjøvatn, det lukta som då eg budde i Mandal i ei fjern fortid. Der gjekk vi masse tur langs strendene, i all slags vær.
Etterkvart drukna sjølukta i ein tett vegg av heggeduft(som er veldig god ute, men altfor mykje inne..)! Det blomstra på alle kantar. Det var masse blomstrar å sjå, ulike slag tre og det var berre mjuke bølgjer på Trondheimsfjorden.
Dette skal eg gjere igjen.
Kom det fram at eg hadde det bra?

| Fjorden baby! |
![]() |
| Regn på ei rosebusk |
![]() |
| Hegg i lange baner |
![]() |
| Belønning. Te på kafe. |
Dette skal eg gjere igjen.
Kom det fram at eg hadde det bra?
lørdag 21. mai 2016
Prolaps, operasjon og kva no?
Det har gått 4 veker sidan operasjon. Det har på ein måte gått fort, på den andre sida har eg kjent på brakkesjuke og vore alvorleg utålmodig i periodar. Mannen har ikkje nekta veldig når eg har brumma og lurt på om nokon andre kan merke at eg er lei. Eg har prøvd som best eg kan å halde meg til reglane: ikkje for lang tur, kvile ofte og mykje, ikkje støvsuge eller vaske golv(enkelte reglar er enklare enn andre å følgje :) Men bør eg fortelje mannen at den siste regelen ikkje er så streng lenger? Er liksom ikkje sikker på om eg kjem til å huske å fortelje det) Og eg har gått på eit par smellar, der eg har gjort for mykje og ville meir enn eg klarte. Noko anna ville kanskje vore rart?
Eg har brukt timesvis på sosiale medier, eg har lese masse bøker(nokon gode, og nokre riktig lettleste, litt rosa bøker) Eg skal skrive litt meir om bøkene eg har lese ein annan dag, iallfall dei gode bøkene. Eg har gått tur, i større og større sirklar i nabolaget.
Denne veka har eg vore på kontroll og alt ser bra ut. Fysioterapeuten på sjukehuset var fornøgd med framgangen, hadde berre enkelte kommentarar til korleis eg skal gjere øvingane mine. Eg får lov til å gå lengre turar, eg kan gå fortare enn eg kunne rett etter operasjon. (For ikkje å snakke om at eg har fått sjå at skogen har vorte grøn medan eg har vorte friskare)
Samtidig kjenner eg at alt ikkje er på plass, eg blir fort sliten i ryggmusklane, eg slit med å sitte lenge, eg har mykje trening igjen. Eg har ansvaret sjølv(iallfall nesten)og må lære meg å leve med ryggen min og kva den treng. Det blir innimellom ein vanskeleg balansegang. Idag har eg gjort for mykje, det straffar seg no i kveld... Eg må legge ei plan for å komme tilbake på jobb, eg treng plass til ein madrass på kontoret og har plutseleg veldig lyst på eit kontor utan glassvegg...
Rett etter operasjonen var eg usikker på om det var verdt det, full av smertestillande, kvalm og med vondt både her og der. Men no, når isjassmertene er nesten heilt borte, er det heilt klart verdt det!
No er det berre resten igjen. Nevrokirurgen meiner eg skal unngå fleire prolaps, skivene mine er snart borte... og alderen tel visst også litt, og det er jo eit pluss?! Eg og ryggen må øve oss på å ta plass, bruk "ryggkortet" for det det er verdt, sa fysioterapeuten. Så no er du førebudd!
Og er du som meg, er dette litt meir greit å sjå på:
Eg har brukt timesvis på sosiale medier, eg har lese masse bøker(nokon gode, og nokre riktig lettleste, litt rosa bøker) Eg skal skrive litt meir om bøkene eg har lese ein annan dag, iallfall dei gode bøkene. Eg har gått tur, i større og større sirklar i nabolaget.
![]() |
| Slik såg arret ut rett etter operasjonen. 11 metallstiftar heldt det saman. |
Denne veka har eg vore på kontroll og alt ser bra ut. Fysioterapeuten på sjukehuset var fornøgd med framgangen, hadde berre enkelte kommentarar til korleis eg skal gjere øvingane mine. Eg får lov til å gå lengre turar, eg kan gå fortare enn eg kunne rett etter operasjon. (For ikkje å snakke om at eg har fått sjå at skogen har vorte grøn medan eg har vorte friskare)
Samtidig kjenner eg at alt ikkje er på plass, eg blir fort sliten i ryggmusklane, eg slit med å sitte lenge, eg har mykje trening igjen. Eg har ansvaret sjølv(iallfall nesten)og må lære meg å leve med ryggen min og kva den treng. Det blir innimellom ein vanskeleg balansegang. Idag har eg gjort for mykje, det straffar seg no i kveld... Eg må legge ei plan for å komme tilbake på jobb, eg treng plass til ein madrass på kontoret og har plutseleg veldig lyst på eit kontor utan glassvegg...
![]() |
| Slik ser ryggen ut no. Og ser du godt etter, ser du eit arr under, det er frå 2004, og det til venstre er frå 2006... |
![]() |
| Rett etter operasjon, bleik, men nokså fatta. |
![]() |
| På skogtur i går! Det går framover :) |
Og for spesielt interreserte; her er ein video av ein operasjon: (det er blod og skalpellar, eg har ikkje klart å sjå heile...)
Og er du som meg, er dette litt meir greit å sjå på:
fredag 29. april 2016
Mi indre burugle
Eg veit ikkje heilt kva ei burugle er, men eg trur bestemt det er ei litt småhissig, lett irritert, utålmodig sjel...omtrent som eg om dagen. (sjølv mannen seier, under press, at han merkar at eg er utålmodig)
Det går jo bra med ryggen, eg har stadig mindre vondt, eg klarer meir og meir. Og eg har god tid til å sjå på det eg ikkje klarer... eller ikkje har lov til å gjere noko med, altfor god tid. Eg blir ei litt mindre hyggeleg utgåve av meg sjølv. Eg har god tid til å sjå på ting som skulle vore gjort, vi snakkar vasking av bad, flekkar på skapdører, visne blomster etc etc.
Men eg prøvar jo å ikkje vise det(særleg at det virkar)
Så istadenfor å mase og seie "har du ikkje tatt opp brød?!" seier eg med silkemjuk røyst: "Når du likevel skal hente brød i frysaren, kan du vel ta med det som ligg i vaskemaskina?". Eller istadenfor å brumme "Kvifor er det berre EG som ser at det trengs å støvsugast her?!", smiler eg sukkersøtt og seier "Kanskje du tørkar opp den flekken der når du likevel skal støvsuge?"
Eg trur kanskje eg er gjennomskua... Det er ikkje artig å møte ein mindre søt og hyggeleg versjon av seg sjølv i trappa, det er omtrent så langt eg kjem meg, og der skulle det iallfall vore støvsuga!
Eg ser altså hårstrået på min manns skulder, men ikkje hybelkaninkolonien på mine eigne strømper (eller feil, det gjer eg verkeleg! Men eg får ikkje avliva den) Altså må eg berre lese fleire bøker, gå fleire turar og satse hardt på at det snart blir så varmt at eg kan bruke tid ute i solveggen! Eg må flytte fokus til noko anna, og har du forslag blir eg (og resten av familien) glad!
(og når alle restriksjonar ang kva eg kan gjere er oppheva, kjem eg til å oversjå alle hybelkaninar og syltetøyflekkar i vekevis!)
Dagens frukost var bra om ikkje anna! Med kvitveis frå skogturen igår og te i Mummikopp. Her reknar vi på plusspoeng!

onsdag 27. april 2016
Eg har slikt å gjere...
...når eg ikkje kan gjere akkurat det som fell meg inn. Advarsel; dette innlegget inneheld litt sutring!
Eg har eit snev av brakkesjuke. Eg er verre no, enn eg var før operasjon, men det er jo forbigåande (etter planen). Eg reknar med at etterkvart er eg sprekare enn før, og ryggen vil vere god, men akkurat no, med operasjonssår og restriksjonar, blir eg litt lei, oppgitt og motlaus. Litt brakkesjuke, rett og slett. (Ja, eg veit at det kunne vore verre. Eg kunne fått nei til operason og gått med uavklart rygg enno. Eg kunne budd i eit land med krig, svolt, utan legehjelp etc. Men litt av problemet er at eg akkurat no ser kun min eigen nasetipp!)
Eg har sjeldan lyst til å vaske golv, men når eg ligg på sofaen og ser BobHarry og venene hans springe rundt på golvet, blir eg litt desperat. Eg bryr meg ikkje så mykje om vindusvask heller til vanleg, men no... Og slik er det med mange ting, eg ser dei, og har god tid til å tenke på det eg ikkje får til! Og det blir litt lange dagar utan selskap, eg får spara opp masse tema til mann og son kjem heim frå jobb!
Eg veit at det beste er å gjere som eg har fått beskjed om, det vil både eg og ryggen tene på i lengda. Og eg er jo mykje betre allereie, eg har kunne kutte ned på smertestilande, og kan snu meg i senga utan å vekke dei andre i huset!
Men kva gjer eg for å få dagen til å gå?
...og innimellom kjedar eg meg likevel....
Og dette skulle eg eigentleg skrive ferdig før idag, men så vart eg invitert med på lunsj på kafe. Eg rakk ikkje blogge, eg rakk ikkje kjede meg. Eg fekk testa formen, kjørte bil sjøl, gjekk ute mellom folk, og det gjekk BRA! Og det var så kjekt at eg gløymte å ta bildebevis også!
Så det går framover, eg må berre stoppe og kjenne etter. Eg veit at om nokre veker er verste over, eg blir spretten igjen til sommarferien ser det ut til. Eg er glad eg får tid til å bli frisk, at eg har fått operasjon. Eg prøvar å huske at ofte er det dagar utan planer eg drøymer om, og at eg skal nyte litt også, men så gløymer eg meg. Men no har eg iallfall laga ei liste som viser at eg gjer ein god del som eg syns er kjekt, og at eg igrunnen har det bra. Så OK, eg får prøve å huske det i morgon!

- eg startar dagen med ei stor kanne te! Eg har masse god te å velge mellom, og eg går litt rundt, høyrer radio, blar i avisa, drikk te, før eg sett meg ned og et frukost, prøvar gjere det til ein god start(og det er best å drikke te medan ein er ståande eller sittande, veldig vanskeleg i liggande posisjon) Og ein liten bit mørk sjokolade til frukostdessert! (og eg har på skikkelege klær, joggebuksa er parkert i skapet! Eg kjenner meg friskare slik)
- eg finn meg ei god stilling på sofaen, med puter og pledd(for det kan fort bli kaldt, og særleg når det haglar ute) Eg har etter litt tid kome fram til at det er ikkje så farleg om eg søv litt på dagtid. Eg søv dårleg på natta, og det er greit å ta igjen på dagen(iallfall litt)
- eg høyrer radio, på radio, som nettradio eller podcast. Eg er særleg glad i P2, med Ekko, Kulturhuset og Salongen. Men eg er innom NRK Jazz og NRK P1 også.
- eg les! Særleg ebok, på Kindle. Frykteleg greit når ein ligg på ryggen, fordi den er så lett å halde. (og så lett å fylle på når ein har lest ut ei bok....)
- eg vaskar klær. Det går, når eg får andre til å bære dei skitne klærne til vaskerommet. Eg har ordna meg ein stol der, slik at eg kan sitte og sortere klærne, legge i maskina, flytte over i tørketrommelen og til slutt få nokon til å bære dei reine klærne opp igjen. (Jada, min indre pensjonist er tilstades)
- eg går på butikken og kjøper eit rundstykke til lunsj. Det er akkurat passe tungt å bære heim igjen, og eg får rørt meg, frisk luft og avveksling. Når eg slår meg laus, kjøper eg med blåbær også.
- eg planlegg middag. Og lagar middag, eg må berre starte tidleg, og finne rettar som ikkje krever for mykje kutting og hakking, og som gjerne blir betre av å stå lenge og putre(mi indre husmor er på ferde). Evt fiskekaker på panna. Det kan heller ikkje vere element av tunge løft. Men denne veka har vi hatt fiskekaker, lasagne og suppe. No må eg snart skrive handleliste, og sende nokon ut og fylle på matlageret.
- eg er meir enn vanleg aktiv på Instagram, Facebook og Twitter, der er det stort sett noko som skjer.
- eg ser ikkje tv på dagtid. Det er eigentleg ikkje noko prinsipp, men har du prøvd å sjå tv på dagtid? Det går ingenting!
...og innimellom kjedar eg meg likevel....
Og dette skulle eg eigentleg skrive ferdig før idag, men så vart eg invitert med på lunsj på kafe. Eg rakk ikkje blogge, eg rakk ikkje kjede meg. Eg fekk testa formen, kjørte bil sjøl, gjekk ute mellom folk, og det gjekk BRA! Og det var så kjekt at eg gløymte å ta bildebevis også!
Så det går framover, eg må berre stoppe og kjenne etter. Eg veit at om nokre veker er verste over, eg blir spretten igjen til sommarferien ser det ut til. Eg er glad eg får tid til å bli frisk, at eg har fått operasjon. Eg prøvar å huske at ofte er det dagar utan planer eg drøymer om, og at eg skal nyte litt også, men så gløymer eg meg. Men no har eg iallfall laga ei liste som viser at eg gjer ein god del som eg syns er kjekt, og at eg igrunnen har det bra. Så OK, eg får prøve å huske det i morgon!
mandag 25. april 2016
Prolaps og litt postoperative tankar
Det vart operasjon! Men først var det meir venting, og litt neglebiting, for det var forsinking og øyeblikkeleg hjelp som naturlegvis må gå først, og ingen lovand om opersajon til oppsett tid, og eg hadde så lyst å bli ferdig! Men så vart det min tur! Hurra!
Eige rom, på med snertne sjukehusklær, lyseblått er ikkje mi farge, heller ikkje dei kvite støttestrømpene... Men alt kler den smukke!
Nervane(ikkje isjiasnerven....) kom for fullt akkurat då eg vart trilla inn på operasjonsstova, og dei grønkledde byrja snakke og stikke og gje medisin og kom med oksygenmaska, men det gjekk såpass fort at plutseleg fekk eg beskjed om å vakne igjen. Eg huskar også i skodda at kirurgen sa "no er vi ferdige" og noko om at alt hadde gått etter planen, men særleg meir bevist var eg ikkje! Eg lurte meir på om det var verdt det, for så ille syns eg det er å vakne av narkose! (ikkje at alternativet er noko betre)
Det tok nokre timar å vakne heilt, og forma var ikkje tipptopp. Kvalm, tørr i munne og litt vondt. Men tilbake på rommet, og med litt drikke, medisin og besøk kjente eg meg iallfall betre. Eg var oppe og gjekk og det klarte eg fint.
Neste morgon fekk eg ta på eigne klær, eg satt oppe og åt, eg trong ikkje hjelp til å gå(farvel til "prekestolen"!) og kjente meg, om ikkje heilt frisk, så iallfall på god veg! Eg hadde besøk av fysioterapeut, og har fått detaljert plan om korleis eg skal bevege meg dei neste 4 vekene, og kva eg ikkje skal gjere. Eg kan sjå på tømming av oppvaskmaskin som trim. Eg skal ikkje løfte tungt, men kan løfte lett mange gonger, altså kan eg henge opp klær. Legen var innom, med kjapp forklaring og sjukemelding. Sjukepleiarane var stadig innom, målte blodtrykk og temperatur og sjekka at alt var som det skulle. Og eg fekk vere der til mannen var ferdig på kurs før eg reiste heim.
Noko skjer med intimsfæren når ein er på sjukehus. Eg møtte dei samme folka på venterommet preoperasjonsdagen, opersjonsdagen og etterpå. Vi vart på ein måte litt kjente og første dagen snakkar ein om ufarlege ting, som været og ventetid. Eg veit ikkje kva dei heiter, ingenting om alder og stort sett ikkje kvar dei kjem frå. Eg veit berre såvidt kvifor dei var på samme avdeling som meg, eg veit meir om ventetid, undersøkingar og legar dei har snakka med. Men når ein møtes igjen etter operasjon, er det som å sjå gamle kjente! Ein deler ting som sjeldan er tema rundt lunsjbordet på jobb eller på kafebesøk. Eg veit mykje om andre sin kvalme, mengde og type smertestillande og korvidt dei har klart å gå på do, med eller utan hjelp. Komplikasjonar, kor lenge dei skal vere på sjukehuset og problem med å sove(dei veit naturlegvis det same om meg) Vi delte det som var naturleg, som aldri ville vore naturleg sin annan stad! Godt ein ikkje skal vere så lenge på sjukehus! Og godt med enerom, slik at ein kan ta pauser frå diskusjonane...
Eg kom heim dagen etter opersjon, det er best heime! (sjølv om eg saknar ringeknappen og nokon å spørje, for det er lett å kome på spørsmål når ein er vel heime...) Eiga seng, ønskemat(feks sto 18åringen opp og laga frukost til meg på laurdag, utan å bli spurt! Han berre lurte på om eg ville ha omelett eller kokt egg.) Eg får naturleg trim i trappa, eg kan veksle mellom å ligge på stova, tvstova og senga, og det er greit, sidan eg skal ligge minst 4 gonger pr dag og minst 30 minutt kvar gong dei neste 4 vekene. Det er flerie tv-kanalar og eg trenar med å sette inn i og ta ut av oppvaskmaskina. Eg kan gå ein liten tur i frisk luft og lufte tankane og røre musklane.
No håpar eg berre på sol og litt varme, slik at det er lett å kome seg ut på små turar dei neste vekene! Eg les bøker, aviser, løser kryssord og ser tv, men det er greit å få rørt seg litt innimellom.
Eige rom, på med snertne sjukehusklær, lyseblått er ikkje mi farge, heller ikkje dei kvite støttestrømpene... Men alt kler den smukke!
![]() |
| Eit rom med utsikt |
Nervane(ikkje isjiasnerven....) kom for fullt akkurat då eg vart trilla inn på operasjonsstova, og dei grønkledde byrja snakke og stikke og gje medisin og kom med oksygenmaska, men det gjekk såpass fort at plutseleg fekk eg beskjed om å vakne igjen. Eg huskar også i skodda at kirurgen sa "no er vi ferdige" og noko om at alt hadde gått etter planen, men særleg meir bevist var eg ikkje! Eg lurte meir på om det var verdt det, for så ille syns eg det er å vakne av narkose! (ikkje at alternativet er noko betre)
Det tok nokre timar å vakne heilt, og forma var ikkje tipptopp. Kvalm, tørr i munne og litt vondt. Men tilbake på rommet, og med litt drikke, medisin og besøk kjente eg meg iallfall betre. Eg var oppe og gjekk og det klarte eg fint.
![]() |
| Heldigvis eit flyktig bekjentskap |
Neste morgon fekk eg ta på eigne klær, eg satt oppe og åt, eg trong ikkje hjelp til å gå(farvel til "prekestolen"!) og kjente meg, om ikkje heilt frisk, så iallfall på god veg! Eg hadde besøk av fysioterapeut, og har fått detaljert plan om korleis eg skal bevege meg dei neste 4 vekene, og kva eg ikkje skal gjere. Eg kan sjå på tømming av oppvaskmaskin som trim. Eg skal ikkje løfte tungt, men kan løfte lett mange gonger, altså kan eg henge opp klær. Legen var innom, med kjapp forklaring og sjukemelding. Sjukepleiarane var stadig innom, målte blodtrykk og temperatur og sjekka at alt var som det skulle. Og eg fekk vere der til mannen var ferdig på kurs før eg reiste heim.
Noko skjer med intimsfæren når ein er på sjukehus. Eg møtte dei samme folka på venterommet preoperasjonsdagen, opersjonsdagen og etterpå. Vi vart på ein måte litt kjente og første dagen snakkar ein om ufarlege ting, som været og ventetid. Eg veit ikkje kva dei heiter, ingenting om alder og stort sett ikkje kvar dei kjem frå. Eg veit berre såvidt kvifor dei var på samme avdeling som meg, eg veit meir om ventetid, undersøkingar og legar dei har snakka med. Men når ein møtes igjen etter operasjon, er det som å sjå gamle kjente! Ein deler ting som sjeldan er tema rundt lunsjbordet på jobb eller på kafebesøk. Eg veit mykje om andre sin kvalme, mengde og type smertestillande og korvidt dei har klart å gå på do, med eller utan hjelp. Komplikasjonar, kor lenge dei skal vere på sjukehuset og problem med å sove(dei veit naturlegvis det same om meg) Vi delte det som var naturleg, som aldri ville vore naturleg sin annan stad! Godt ein ikkje skal vere så lenge på sjukehus! Og godt med enerom, slik at ein kan ta pauser frå diskusjonane...
Eg kom heim dagen etter opersjon, det er best heime! (sjølv om eg saknar ringeknappen og nokon å spørje, for det er lett å kome på spørsmål når ein er vel heime...) Eiga seng, ønskemat(feks sto 18åringen opp og laga frukost til meg på laurdag, utan å bli spurt! Han berre lurte på om eg ville ha omelett eller kokt egg.) Eg får naturleg trim i trappa, eg kan veksle mellom å ligge på stova, tvstova og senga, og det er greit, sidan eg skal ligge minst 4 gonger pr dag og minst 30 minutt kvar gong dei neste 4 vekene. Det er flerie tv-kanalar og eg trenar med å sette inn i og ta ut av oppvaskmaskina. Eg kan gå ein liten tur i frisk luft og lufte tankane og røre musklane.
![]() |
| Sofautsikt |
![]() |
| Turterreng |
![]() |
| Laurdagsfrukost |
Vekestart veke 17
Eit lite livsteikn. Det skal komme eit innlegg om operasjon og postoperativt liv, for der har eg gjort meg nokre tankar om intimsoner og slikt, men no er eg berre innom og seier "Hei måndag".
Eg starta dagen litt optimistisk, og tok det som eit teikn då dette sto på teposen min... "Erfaring vil gi deg visdom"... jaja. Eg åt frukosten min, og la meg på sofaen. No skal eg gå ein tur I sola og kvile meir etterpå!

Abonner på:
Innlegg (Atom)