Viser innlegg med etiketten middag. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten middag. Vis alle innlegg

søndag 5. august 2018

Middagen er servert!

Eg er ikkje ein ekte bloggar, det vil du snart forstå!

På fredag laga junior#1 wok til middag, med masse grønsaker og sterk saus. Utan at eg har bildebevis. Tabbe! Men det var godt!

Laurdag laga junior#2 andebryst i pannekaker, med agurk, vårløk og hoisin-saus. Vi vart meir enn mett! Bilde? Neida... (men du finn oppskrifta her Fake pekingand, namnet er mitt forslag altså)

Idag lagar mannen elgsteik med saus og blomkål og potet. Maten er enno ikkje servert, så det er mogeleg at det blir bildebevis. Dersom eg huskar det.

(slik går altså helga når mor seier ho ikkje orkar lage middag, tur eg skal fortsette med det! Og vi har ryddeaksjon i frysaren, så det meste er laga av ting vi hadde liggande. Heilt klart på tide med rydding)

Og det blir husmorpoeng til alle tre!

torsdag 3. mai 2018

Torsdag

Det har vore ei rar veke, med mange inntrykk, på godt og vondt. På tur heim frå jobb skya det meir og meir til, det bles og regnet trua. Det verka som det einaste fornuftige å gjere var å finne ein god sofa og litt lesestoff.
Vel inne, og i sofaen, ringte mannen, som lurte på om ikkje eg hadde veldig lyst å hente han. Klart det! Ute var det KØ, og medan eg sto i kø kom regnet. Bra mannen hadde regnjakke. Vi vart einige om at vi ikkje hadde lyst å lage middag, men at vi hadde veldig lyst å kjøpe middag. Så vi fann ein kinarestaurant, og istadenfor å ta med mat heim, som var første plan, åt vi der. Det var varmt, ganske roleg, ute plaska regnet ned og vi hadde god tid til å sitte og ete og prate. Ein godt brukt ettermiddag.

Då vi kom heim var arbeidslysta litt større, så eg laga rundstykker (for "hushjelpa", kven no det måtte vere, hadde ikkje kjøpt brød) og vi fekk fersk bakst til kveldsmat.

søndag 25. februar 2018

Jazzcamp og fullt hus

Ofte er det ganske roleg heime hos oss. Mannen og eg har stort sett oversikt over planene for dagen, og kven som skal kva, når. I profilen min står det tenåringsmor, men det gjeld berre 3 veker til. Då blir yngstemann 20 år, og det er litt rart... Men akkurat no får eg testa ut om eg enno er fleksibel og kan snu meg rundt i ein fei!

Musikkjunior har hatt vinterferie, iallfall slik av og til, denne veka. I morgon er det opptaksprøve for vidare skulegang, og dit er det fleire enn han som skal. Den som bur i nærleiken av slike opptaksprøver, kan drive ein slags jazzcamp eller "mors bed and breakfast m/øvingsrom og servering av middag" om ein vil. Og besøk og liv i huset er kjekt, så velkommen til oss!
I går kom ein ekstra kontrabass i hus, med musikar, og idag kom ein trommis med deler av trommesett (det heiter sikkert noko anna?) Vi har hatt elggryte til middag og til frukost var det eltefrie rundstykker. Alle skulle få enkeltrom, og kølapp til badet. I tillegg får eg gå til jobb i morgon, for eg driv visst utleige av bil også! Og det var jo litt dumt at det var akkurat no "lille, grønne lynet" fekk behandlingsstopp og er avskilta og ligg avkledd hos ein hoggar...

Etter ein samtale med ingeniørstudenten, som har hatt reunion med kompisar frå militære og gått på toppturar heile helga, har vi gjort om på romfordelinga. For han hadde tenkt å komme innom i natt, og hadde lovt seng til ein som skal ta første flybuss i morgon tidleg. Vi har altså utvida til bed and breakfast, (nesten) ski in/ski out. Godt vi har ekstra dyner, feltseng, brød i frysaren og hjarterom!

Og enno har eg igjen ein sovesofa og i verste fall ein madrass til å sove på stovegolvet, om du skulle vere i nød. Litt usikker på om huset kjem til å sove i natt, det kan vere dei første står opp før dei siste legg seg.


Men tidleg idag, då var det eg og ein bukett tulipaner i februarlyset! 


lørdag 27. januar 2018

Eit barndomsminne

Etter fleire veker med lite trening, har kroppen min ropt etter aktivitet! Så når ein vaknar til nysnø og sol, er det berre å kome seg ut! Sjøl om bakbeina var litt støle frå igår. For vi var på ski då også! (høyrer eg applaus? Det er berre å sende meg poeng!)



Men iallfall, på tur heim etter skitur, svette og svoltne, dukkar spørsmålet opp: kva skal vi ete? Mannen foreslo fløyelsgraut. Eg huskar ikkje når vi sist åt det. Kanskje då ungane var små? Vel heime fyra mannen opp i omnen og eg leita fram oppskrift og byrja koke. Og vart treft av eit minne!
Storebror er 10 år eldre enn meg, og då eg var lita, var han innimellom barnevakt for meg. Då kokte han gjerne fløyelsgraut til kveldsmat. For det hadde han lært på skulekjøkkenet. Vi åt med sukker og kanel og smørauge. Det var stor stas med ein bror som kunne lage graut.


Minnet vart sterkt for meg. Eg har akkurat vore heime og treft storebror. Han har slutta koke graut. Men han huskar kanskje at han laga graut då eg var lita? Han har slutta med mange ting, fordi sjukdom har røva han frå oss. Men han er storebroren min! Vi gjekk ein liten tur saman då eg var heime, og han ville gjerne gå fortast, han er tross alt storebror. Men på tur er det eg som passar på han...


søndag 24. september 2017

Rein mat

Eg er opptatt av kva vi et, kvar maten kjem frå, korleis den er dyrka eller avla fram. Eg er ikkje så opptatt av økologisk, men likar kortreist mat. Eg likar å plukke bær sjøl, mannen er med på elgjakt, eg er vant med hjortekjøt frå skogen heime, og pappa har fiska mykje fisk som vi har fått nyte godt av i mange år.

Eksempel på å bli kjent med maten, og
vite kvar den kjem frå.

Eg er mot matsvinn, og prøvar halde orden i kjøleskapet og passe på at ikkje maten blir dårleg. Eg kjøper gjerne mat frå den disken med varer som held på å gå ut på dato. Det har vorte litt meir utfordrande når vi berre er to heime, for vi et ikkje like mykje som 4 gjer, og eg strevar med å nedskalere innkjøpa mine. Brød for eksempel,  får pels før eg veit ordet av det, og då går det i komposten. Rart kor mykje det gjer at junior, som gjerne smurte 6 skiver til matboksen, har flytta ut...

Fangst frå kortreist bærtur
Eg har ein kjøkkenhage som i år har fått vokse seg stor og frodig, og det er lov å lese mellom linjene uryddig, med både grønkål og spinat som no er oppeten. Det er igjen sukkererter, og det er skikkeleg livskvalitet å gå ut og ete ferske, sprø erter rett frå belgen. Straks er rødbetene ferdige og, og då blir det bakte beter med fetaost...umm!

Men av og til maten bli for rein, same kor gode tankar det er som litt bak! Vi er i fårikåltider igjen, og til glede for gamle og nye lesarar, resirkulerar eg dette innlegget frå oktober 2012:

Fårikålen som vaska seg

Her ein dag laga eg ertesuppe, det er langsom mat som det tek tid å lage. Det er tradisjonsmat som vekkjer gode bandomsminner! Og ikkje minst er det matprodusjon som utløser mengder av husmorpoeng! Først kokte eg svineknoke i flerie timar, så tilsette eg ertene som hadde ligge i vatn sidan dagen før og tilslutt hadde eg oppi gulrot, potet og sellerirot. Eg hadde ikkje timian, det var ein skuffelse, men det gjekk bra lell.

Då suppa var ferdig seint på kvelden, avkjølte eg den og sette den  vaskekummen på vaskerommet til neste dag. Dei fleste likte den, særleg eg, og særleg likte eg at eg hadde ferdig middag som berre skulle varmast opp då eg kom heim frå jobb!

Samtidig fekk eg flashback til fjorårets fårikålmiddag, eg rødmar enno....

I fjor haust skulle vi ha fårikål ein dag, det er ekte haustmat, men det tek litt lang tid å lage. Men eg hadde naturlegvis høyrt at fårikål er minst like god dagen etter, så då kunne eg like gjerne lage den dagen før og ha maten raskt klar dagen etter. Eg handla inn, fann fram den store kjelen, la kjøt og kål lagvis, hadde peppar i pepparfårikålboksen, salta og slo på vatn. Gryta vart sett plata, den putra og kokte lenge, fårikållukta spreidde seg i huset(den lukta er eigentleg ikkje god, men....) Eg gledde meg til middagen neste dag!!
For å ta best mogeleg vare på maten, avkjølte eg gryta i kaldt vatn på kjøkkenkummen, og så bar eg den ned på vaskerommet og sette den i vaskekummen som eg fyllte med kaldt vatn. Snakk om å vere ei god husmor og kjenne slektskap med alle fårikålkokkar i slekters gang! Neste dag skulle eg berre koke potet og varme fårikålen.

Neste dag gjekk eg innom vaskerommet og sette på vaskemaskina, mørk 60gr-vask, og såg glad og lukkeleg på kjelen med mat.
Då eg skulle henge opp klesvasken var det merkeleg vått på golvet å vaskerommet, og forresten, kvifor seglar fårikålkjelen rundt i vaskekummen?!
Jo...det var fordi vatnet frå vaskemaskina blei tappa opp i vaskekummen, den eg hadde korka godt igjen for at fårikålen skulle stå kaldt...Gryta var no full av såpe-og skyllevatn i tillegg til resten av maten, golvet var fullt av sauefett... Humøret sakk, husmorstoltheita fekk seg ein alvorleg knekk og det var godt eg var åleine i rommet!
Kva gjer ein når slikt skjer? Sjølv om ein har laga mat i årevis, er over 40 år og i det meste taklar livet? Jo, ein ringer mamma! "Mamma, fårikålen er full av såpe! Kan den reddast?" Svaret frå mamma var enkelt og greit: "Start på nytt!"
Eg gjekk til butikken med ei tordensky over hovudet, kjøpte inn alt eg trong, det vart sein middag den dagen, men det vart fårikål!

Nyvaska fårikål er ikkje å anbefale, såpe er ikkje godt og smaken var vaska bort... Ikkje hadde eg brukt MILO heller....
Fårikål uten såperestar


onsdag 19. juli 2017

Mat i båt

Mat må ein ha! Og særleg i båt, vi hadde eit par lange dagar, og då er det viktig med mat. Det er ikkje noko særleg å skulle mestre dårleg vær eller tillegging ved brygge med lavt blodsukker, eller endå verre, ein kombinasjon av desse to...

Vi har fint kjøkken ombord, med gasskomfyr med to bluss og steikeomn. Men vi har ikkje kjøleskåp, berre ein innbygd kjøleboks som må ha isbitar eller kjøleelement. Før vi starta på tur, viste eg ikkje om vi ville få tak i nye kjøleelement eller isbitar undervegs*, og eg viste ikkje om vi kom til hamner med butikk lett tilgjengleg, så eg laga ei slags "verste fall-plan" (men rekna med at eg ikkje trong følge den til punkt og prikke, det viste seg å stemme)

Eg likar best å lage mat uten så mykje halvfabrikata, men på ein slik tur er det praktisk med lettvinte løsningar, så eg kjøpte inn potetmospulver(som ikkje trong mjølk), hurtigris, pasta, pastasaus på glas, bogskinke, kokosmjølk, currypasta og anna hermetikk. Eg kjøpte også inn egg, fersk pasta, parmesan og bacon, det tåler litt tid utan iskaldt kjøleskap.
Til pålegg kjøpte vi med kvitost i skiver, spekepølse, syltetøy, hermetisk tunfisk, nugatti og peanøttsmør, ting som fint tåler litt romtemperatur. Kokt skinke og slikt er ikkje like egna!

Til middag har vi hatt litt forskjellig,
måndag, første dag på sjøen var det pasta carbonara, laga ved kai. Fersk pasta kokar i ein fei, så røre inn stekt bacon, revet ost og egg (osten var finhakka, for vi har ikkje rivjern i båten, gitt)


tirsdag åt vi bogskinke med grønskaker og saus av curry og kokosmjølk, med hurtigris til.



onsdag låg vi til kai i Kristiansund sentrum, og gjekk på restaurant og åt dampa klippfisk med potet og grønsaker til. Og smørsaus.... :)

torsdag var ein kald og våt dag på sjøen, og ved kai vart det tomatsuppe med pasta, bogskinke og eggebåtar. Baguettar som var kjøpt halvstekte, vart stekt i steikeomnen og ete med eit raust lag smør på! Hadde eg huska det, skulle eg hatt litt currypasta i suppa, for å få den litt hot! Neste gong.

fredag laga eg mat i open sjø! Torsdag kveld fann vi ein matbutikk, og kjøpte frosne karbonader, det er ein fin ting å putte i kjølebagskåpet! Servert med løk, paprika og gulrotstaver stekt saman med karbonadene og potetmos til.



Ein dag eg var innom ein butikk, fann eg foccacia-brød. Det var super lunsj på sjøen, servert ferdig påsmurt med spekeskinke og parmesan (det hadde vore godt med litt aioli...) Det har vorte ein del brødskive med peanøttsmør eller nugatti slik midtfjords, lett å lage og lett å ete i fart.
Egg og bacon til frukost ved kai er ein fin ting! Omelett til lunsj når fjorden er roleg er godt!

Eg har jo ikkje vore i tvil om at vi skulle få i oss mat, på eit eller anna vis. Men eg likar å lage mat, og hadde ikkje lyst til å ete kjedeleg berre fordi vi var i båt! No har eg testa ut litt, og eg har fått nye idear til kva vi kan lage på heimturen. Og eg har veldig lyst til å prøve med på litt baking :)

*ang kjøleelement: den første butikken hadde ikkje frosne element, men eg fekk dei til å fryse dei ned og så kunne eg hente dei neste dag. Butikk to hadde frosne element, og det passa bra, sidan den var stengt då vi kom dit på kvelden.
Men det er jo begrensa kom mange element vi treng! Så det å kjøpe frosne matvarer og bruke dei som kjøling medan dei tiner, er ein ide (då må ein berre passe på, slik at den ikkje tinar for lenge, dårleg mage vil ingen ha på båt!)

mandag 8. mai 2017

Vekestart og dagens middag

Dei siste vekene har eg vore flink, laga middagslaner på søndag og skrive milelange handlelister som eg har tatt med ut på måndag. Eg passar på å notere det som går tomt, slik at eg huskar at det er tomt for knekkebrød og dusjsåpe også, det er iallfall det som er tanken... Det er på mange måtar veldig mykje enklare når eg kan sjå på ei liste kva vi skal ha, og eg har det eg treng i huset.

Plana for sist veke
Men det er klart, av og til stemmer ikkje kart og terreng. Sist veke vart det ikkje baconsurra indrefilet på fredag, derimot vart det restar av pølsegrateng i full fart, før dei andre stakk ut med båten. Eit pluss det altså, vi åt opp ein rest før den var inntørka og trist (for nokon har framleis litt tungt for å huske at vi er 3 som et middag heime no, og ikkje 4. Korleis det skal bli til hausten, når vi er berre 2 igjen, får vi ta når den tid kjem. Det kan vere det blir mange restemiddagar)
Og igår vart det ikkje "noko med fisk", det vart pulled pork og grilla grønsaker, med heimebakte briochebrød og råkostsalat. Riktig så godt, og vi måtte jo teste den nye grillen.



Igår vart det heller ikkje skrive noko ny middagsplan... men handleliste med mange gode forslag vart det laga, og den har eg brukt idag. I tillegg til at eg har vore innom nokre nettsider med tips. Så idag vart det pai med laks og spinat. Eg er ikkje veldig god til å følge oppskrifter, eg tek dei som eit utgangspunkt. Så i tillegg til spinat, vart det vanleg løk, raudløk, vårløk, ein liten bit (sliten) purre, ein rest fennikel, eggestand og på toppen riven parmesan og sveitt jarlsbergost. Og med råkost til, vart det "noko med fisk" idag. Og i løpet av kvelden skal eg lage ei ny middagsliste med utgangspunkt i det vi har i skuffer og skap og det eg handla idag! Trur eg.


Det passar godt å sitere D.W Eisenhower:

"Plans are useless, but planning is indispensable"
(Planer kan ikke brukes, men du kan ikke klare deg uten planlegging!)

Ha ein fin måndag, med eller utan planer.

tirsdag 5. januar 2016

Restesuppe og andre middagstips

Eg er flink å ta vare på restar, og av og til må eg gjere ein innsats for å tømme kjøleskap og frysar. Eg har vorte flinkare til å merke det eg puttar i frysaren med kva det er og dato, då er det lettare å ta opp igjen. Sjølv om eg trur eg huskar godt, er det ikkje alltid slik når eg åpnar frysaren... Boksar med uidentifiserbart innhald har det med å bli liggande lenger og så kasta.

På søndag hadde eg ei lita opptelling, og i kjøleskapet har eg laks, fiskekaker og bacon. Kokt potet til ein middag for tre var det også. I frysaren fann eg fiskebollar i kvit saus, chorizopølser, kyllingkjøtt etter ein heilstekt kylling i jula, pinnekjøtrestar, juleskinke, ferdig stekt ribbe og fiskeball. Altså mange middagar! Eg har difor sett opp ei plan for veka:

Måndag: Fiskebollar i kvit saus med kokt potet og gulrot. Det er også veldig godt med revne gulrøter med appelsin og rosiner til! Ein veldig lettvint middag når eg hadde kokt potet og berre trong varme opp alt!
Tirsdag(idag): Eg tok fram kyllingkjøt og chorizo, kutta opp løk, paprika, brokkoli, gulrot, sukkererter, kvitløk og stekte kjapt. Så slo eg på kraft og kokosmjølk og tilsette ein boks kikerter. Krydra med grønn currypasta og chilipulver. Perfekt på ein kald januardag!
Hot suppe!

Onsdag: Tenkjer eg vi skal ha bakt laks med kål og ingefær- og chilisaus. Ein favoritt i heimen! Berre trykk på linken!
Torsdag: Eg vurderar ein betasuppevariant med pinnekjøttrestane. Muleg vi må ha litt meir kjøtt?
Fredag: Fiskekaker i hamburgerbrød, og heimelagd cole slaw.

Då har eg fått brukt ein del restar og innkjøp som berre ligg der. Ser dessutan at vi ligg godt an på inntak av fisk/fiskemat, det er jo bra!

Eg har planer for ein del av det andre også:

  • Juleskinka skal glaserast med lønnesirup(junior har tankar om korleis vi skal gjere dette, så det får bli eit fellesprosjekt)
  • Fiskeball med stekt bacon og kokt potet, gulrot og kålrot.
  • Ribbe pensla med ein saus av hoisin, soyasaus, reven ingefær og chili, og varma i steikeomnen. Servert med woka grønsaker og kokt ris(dette prøvde vi i jula og det var godt!)
Altså har eg planene klare :) No står det att å gjennomføre...det krever at eg huskar å ta opp frå frysaren feks! 



onsdag 22. april 2015

Fisk til middag?

Ute er det øsepøse regnvær idag, og det er nesten så fisken kan svømme forbi huset…nesten. Vi har hatt fiskegryte til middag idag, det slår nesten alltid an. Og vi har frysaren full av fisk etter vinterferien, då vi var på fiskeferie g husmorskule hos mamma og pappa.

Er du som meg, så har kanskje du stadig ei plan om å ete meir fisk til middag? Men så var det dette med  å ikkje alltid ete det samme, å finne noko som frister kresne(tenårings-)ganer, varisjon+++  For min del handlar det om å planlegge, for når klokka er fire og maten skal vere ferdig til klokka fem, verkar det som meir lettvint å steike pølser. Altså hjelp det med middagsplaner og gode oppskrifter!
Vi er ikkje så glade i kokt fisk(iallfall ikkje alle) Vi har i periodar ete så mykje laks at eg blir litt lei, men "rosa fisk" var greit. Stikkordet er variajon, og difor tenkte eg at eg skulle gje deg npkre tips! (og skulle du ha andre tips, er eg glad for alle som deler)


  • laks er godt, men kan bli kjedeleg det også… Bakt laks med sitronpeppar er godt. Det samme er stekt laks. Eg brukar ofte steike laks kjapt på begge sider, så har eg finhakka grønsaker(gulrot, sellerirot, løk, brokkoli etc) i panna saman med laksen. Legg på lokk og dampar ferdig saman. Grønsakene får god smak av fisken. Serverer ofte med pasta til.
  • fiskegrateng er godt, og eigentleg ikkje så tungvint å lage heller(men ikkje det eg lagar dei dagane det er mest travelt) Alle likar fiskegrateng hos oss, og då veit eg at vi får i oss bra med fisk. Eg brukar omtrent denne oppskrifta, men har oppi meir fisk. Ofte serverar eg den med kokt potet og råkost med gulrot, appelsin i bitar og rosiner.
  • fiskekaker slår alltid an, særleg dei eg har laga sjølv! Det er kjapp og god mat, servert med hamburgerbrød, potet eller makaronistuing(kvit saus med makaroni og gulrot) Ein travel dag er det godt med fiskekaker på grovbrød, med løk og sennep. Ei gulrot å knaske til og middagen kan nesten godkjennast!
  • fiskeball, som er store, litt grovare fiskebollar er godt med kokt kålrot, gulrot, potet og stekt bacon.
  • stekt fisk med råkost og rømme.
  • fiskegryte. Start med å surre ein løk i litt smør, og strø over 2 ss kveitemjøl. Rør inn og tilsett 2 dl vatn og 2 dl fløte(eg brukar matfløte) og 1 buljongterning. Kok opp. Hakk 2 paprika i bitar og del ca 600 g fisk i terningar og tilsett i gryta. Trekk til fisken er passe kokt. Server med brokkoli og potet/ris. 
  • Fiskegryte med tomat er også godt, eg har prøvd denne oppskrifta frå Trines matblogg og syns den var god. Den kan minne litt om baccalao, som er veldig godt, men ikkje så kjapt å lage(men har du tid, feks i helga, anbefalar eg det!)

  • Eg har ei plan om å lære meg å lage fiskesuppe, for det er så godt, og eg tenkjer på det som sommarmat. 

Håpar du fekk nokre tips! 
God middag!

(og skal du servere til unger-men også vaksne- må fisken vere beinfri! Evt får du love ut 1 krone pr bein dei finn :) Ingenting er verre enn munnen full av bein..)

mandag 2. mars 2015

Kva skal vi ha til middag?!

Eg likar å lage mat. Lage sunn mat, lage mat frå botnen, bruke tid på å lage mat.
Men…når eg er ferdig på jobb, veit at vi har kort tid på oss, kanskje rekk vi ikkje felles måltid og kjøleskapet er tomt, då blir det gjerne noko lettvint(og dyrt) som ikkje nødvendigvis er så godt heller. Det blir ikkje så variert mat på den måten, og ikkje så mykje grønt tilbehør.
Så etter jul kjente eg for å endre litt på innkjøpsrutinene! Eg skreiv om det her vekestart veke 6 No har vi prøvd nokre veker, og korleis går det?
Det går ikkje heilt strømlinjeforma, men eg prøvar planlegge veke på laurdag eller måndag, eg skriv lister før eg handlar og vi har ei slags grovplan for middagane. Så no tenkte eg å vise deg menyen for sist veke og kva eg planlegg for denne veka:
Veke 9
måndag: fiskeball m/ bacon, potet, gulrot og kålrot
tirsdag: pølseform
onsdag: fiskekaker m/ mangosalsa og fullkornspasta
torsdag: wok med svinekjøt
fredag: pizza med elgskjøttdeig og pizza med spekeskinke, blåmuggost, pinjekjernar og honning
laurdag: vart det aldri middag men vi fekk skinkemuffins i bursdagsselskap
søndag: fiskegryte frå Trines matblogg (eg brukte hyse, og hadde ikkje bacon)

Fiskegryte

Veke 10
måndag: pølsesuppe
tirsdag: fiskekaker i brun saus
onsdag: stekt fisk med potet og råkostsalat med gulrot, appelsin og rosiner
torsdag: fiskegryte med fløtesaus
fredag: pulled pork i wrap
laurdag:
søndag:

Dette er plana, men det kan jo være at det blir ei endring undervegs. Eg har handla utfrå denne plana, og då har eg det eg treng når vi kjem svoltne heim og tenåringane lurer på når vi skal ha mat!

tirsdag 3. februar 2015

Sofatjeneste

Eg har hatt fri idag. Om eg hadde planer? Klart! Masse!

  • fysioterapi
  • trening
  • rydding
  • kanskje innom jobb, dersom nokre forsinka prøver kom idag likevel
  • middag
  • kanskje ta fram symaskin
Realistisk at eg skulle rekke alt? Neppe, men uten planer blir det iallfall ikkje gjort mykje, tenkte eg!

Dagens lunsj på "gjemmekontoret".


Kva eg har gjort?
  • fysioterapi
  • sofa
  • sove på sofaen
  • lese nyinnkjøpt bok på Kindle´n
  • fyre i omnen
  • høyre radio
  • lage lunsj, løksuppe med rikeleg kvitløk
Det var sikkert det kroppen trong i dag. 
Det meste på lista står seg vel til ein annan gong.
Utsikt frå sofaen
Men det blir middag då, eg har jo liste og innkjøpa er gjort!

søndag 1. februar 2015

Vekestart veke 6

Søndag igjen! Ei litt rolegare helg, heimeliv. Frokosten varte lenge, med egg, varme rundstykker og levande lys. No sitt vi i kvar vår sofa, det er stille. Ute dalar det melissnø, oppå glattisen. Det er frykteleg glatt, til og med med piggsko(men vi kom oss iallfall ut). Eg drikk bøtter med te. Litt sår hals skal jagast vekk!
Eg har dilla på kobbar for tida, det er så fint. Og azaleaen
har overlevd sidan jul.
Fredag var vi på konsert med minstemann og alle musikk- og dramaelevane på "Katta". Det har vore intens jobbing, lange dagar og mykje øving lenge, så det var nok godt å få presentere ferdig konsert. (og litt moro for mor å sjå junior med sminke og i koret!!) Kjempeflinke var dei, og eg er ein nøytral dommar! Idag er siste konsert og eg reknar med han skal bruke fridagen i morgon til å sove!

Laurdag morgon gjorde eg noko eg sjeldan gjer, men ofte ønskjer eg hadde gjort: eg laga middagsmeny for veke som kjem. Etterpå var det ut og handle inn. Du veit du har gjort storhandel når kassalappen er 85 cm lang…

Søndag: indrefilet i spekeskinke, med ratatuoille
Måndag: bakt torsk med potetmos
Tirsdag: pølseform
Onsdag: fiskegrateng (her ligg det ann til eit problem, det krever at det er restar av den bakte torsken, og det spørs om den fell i smak eller ikkje…)
Torsdag: spicy kyllingsuppe
Fredag: pulled pork 
Laurdag: Baccalao

Eg er veldig fornøgd med jobben eg gjorde i går, slike lister gir vel husmorpoeng?! Kjenner eg meg rett, kan eg lett endre planer undervegs… Men eg kan unngå å måtte på butikken kvar dag, for vi skal ha det meste i hus no, også av brød(eg har jo vorte så flink til å bake, vi har nesten ikkje hatt kjøpebrød i hus etter nyttår, og sist bakte eg like godt 6 brød, slik at eg slapp med ein bakedag i veka), mjølk, juice, pålegg(der kan det skjere seg…) og frukt(der går vi heilt sikkert tom) Men slepp eg innom butikken på tur heim frå jobb med sult i magen og desperat tom for idear, er mykje gjort! 

Etter så mykje matprat, trengs det eit matdikt! 

Først kom et lass med lisser, 
et lass med lakrislisser,
og lakrismus
og røde brus,

og sjokoladenisser!

Så kom en bil med boller, 
en bil med kokosboller, 
og kakemenn
og is i en vanilje-isbeholder!


Så kom en vogn med vafler, 
og saft på små karafler,
og bær på glass
og ananas,

og skje og kniv og gafler!

Så kom en buss med resten. 
Nå har vi allting nesten
som er å få
av godt, så nå

kan vi begynne festen! 
Andre Bjerke

Då ungane var små, las vi alltid for dei når dei åt kveldsmat. Mest forteljingar, etterkvart heile bøker, og til slutt lange bøker med eit kapittel(eller to) kvar dag. Det tek si tid å lese ut "Harry Potter" eller "Hobitten"! Men vi las også dikt, rim og regler. Dette er frå "Morovers" av Andre Bjerke, der er det masse fine vers, rim og regler, tull og tøv med ord og leiking med lydar. Trur mange av oss i familien kan det meste av boka utanåt endå! Så har du nokon å lese høgt til, anbefalar eg boka! 

God veke til deg! Eg skal snart starte på middagslaginga :)



mandag 26. januar 2015

Vekestart veke 5, om feiring, bilkjøring og kakebord

I helga har vi feira pappa sin 85årsdag. Når 85årsjubilanten er så sprek som pappa, er det ei fryd å treffast, lage selskap og feire!
Her er jubilanten, saman med mamma, ca 1971
Nesten alle etterkommarane kunne møte opp, berre nokre få var forhindra av skule eller sjukdom, så det var barn, svigerbarn, barnebarn, svigerbarnebarn og oldebarn, tilsaman 22 i talet som feira.
På fredag trur eg mamma og pappa var opptatt med å vente og ta imot gjester mykje av dagen. Folk kom frå nært til litt lengre unna.

På laurdag kom gjestane litt etter litt for å lage middag, pynte kaker, dekke bord, prate og til slutt var alle samla for fest. Vi åt god mat, vi sang(til og med fleirstemt) åt meir, nokre spela spel, lydnivået var høgt. Vi er ikkje så stive og formelle, så talar blir det lite av. Vitsing, gode historier, mimring om gamle dagar og andre selskap blir det meir av. Innimellom sov jubilanten litt, men det må vere lov(at han fekk det til, er ganske imponerande, vi tok ikkje akkurat hensyn)! Dagen vart slik den skal vere når vår familie møtast! Mange vil sikkert seie at vi hadde meir enn nok kaker, men det passar ikkje for oss å ha berre litt ser det ut til. Marsipankake må ein berre ha, kvæfjordkake er min spesialitet(og coocies er lett å lage) pavlova er spesialiteten til svigerinna mi, og slik fylles bordet opp...

På søndag skulle alle kome seg avgarde, samle saman klær, kakeformer, sko og ete restemiddag og restekaker. Det fine var at vi fekk vere saman då også, det var inn og ut med folk heile dagen(så vertskapet treng nok nokre dagar til å slappe av!)!  Medan nokre brukte tid på dette, gjekk andre(av barnebarngenerasjonen) på topptur med ski. Eg skulle gjerne ha rekt ein skitur, men den gjengen der fekk gå i fred for meg!

Eg er glad vi fekk til feiring! Fordi det er fint å få feire pappa, fordi det er flott å få møtast, vere saman, bygge bånd i familien. Eg grudde meg for biltur på vintervegar over fjellovergangar etc, men vi var heldige med været og turen gjekk godt. Eg grudde meg litt for å sette igjen 16åringen med skuleprosjekthelg igjen heime, men det gjekk strålande. Eg angra "litt" på at eg hadde sagt eg kunne lage gulasjsuppe til heile gjengen, men det gjekk godt med god hjelp frå søstrene mine.
Stort selskap krev store gryter

Vekestarten må vere noko farsrelatert denne veka, syns eg, og kva er vel betre enn litt av eit dikt av Aasemund Olavson Vinje:

At far min kunne gjera
det gilde han hev gjort
og fram i livet bera
so mykje gjævt og stort,
det var frå dag til annan
for meg so god ei stød:
Stor arv det er for mannen
av godtfolk vera fødd.
Den finsate utsikta, med snøfrie markar og snøtunge fjell
Eg ønskjer deg ei strålande veke!

søndag 23. november 2014

Vekestart veke 48

Det går unna, sise veka i november no. Om eg er klar? Tja… Eg skal pakke ting til adventskalender, eg må berre kjøpe dei først. Eg skal lage lister til julegåver, som eg skal kjøpe veka etterpå. Eg skal finne kvistar og mose og granbar i skogen, eg må berre gå tur og plukke, så skal det bli adventspynting. For no gler eg meg til advent! Til lys og stjerner i vindauga, til kalenderlys, til pepparkakelukt og til å åpne min eigen kalender! Eg har nemleg fått tekalender :)
Takk til Jorun!

Ein #minnekopp

Og teen skal eg drikke frå koppen eg har fått til minne om Hanne Kari, som døydde i fjor.

Helga har vore full av venskap, fest, latter og alvor, mat og drikke. Bytur, shopping, kafetur. Prat tidleg og seint. Slik går det når damer er samla! Igår kveld hadde vi treretters middag, ro og tid til å nyte den, til å ta pauser, og til å ete oss gode og mette! 


Eg fann eit dikt av Rolf Jacobsen om vennskap. Då eg las det første gongen syns eg det nesten var litt melankolsk og dystert, kjenner vi kvarandre?! Slik på ordentleg? Men så las eg ein kommentar som sa noko å grunde på: "det viktigste ikke er å virkelig kjenne noen (kan en det?), men å ha hatt noen å ikke kjenne." 

Kjente jeg deg?

Kjente jeg deg
egentlig. Noe
du aldri fikk sagt eller
vi lot ligge. Halv-
tenkte tanker. En skygge
som strøk over ansiktet.
Noe i øynene. Nei
jeg vil ikke tro det.
Men det kommer igjen. Natten
har ingen lyd,
bare rare tanker. Ord
som stiger opp av søvnen:

Kjente jeg deg?
Rolf Jacobsen

Med ønskje om ei god veke til deg!

mandag 17. november 2014

Måndag morgon blues

Det er måndag morgen. Det er måndag morgon i november! Det vart ein sein søndag kveld med kino for dei andre og rydde-tv-lese-etc-kveld for mor. Det er frost på bakken, mørkt og kaldt. Det hjelp med levande lys på bordet og fyr i omnen. Eg får lyst til å trøste dei trøtte tenåringane, ta dei på fanget litt, men den tida er forbi. Eg får smøre matpakker, gje ein klem og snakke istadenfor. Det er tid til det idag, sidan eg skal litt seinare ut av huset. Ein kokar kakao, mor bryggar seg ein stor kopp te. Avisene blir lesne, det er konkurranse om å få tak i teikneseriane først! Eg likar å bla gjennom først og så gå tilbake og lese det eg festa meg med etterpå.
Lys på frukostbordet

Men det er framleis måndag morgon blues, eg får ikkje opp tempoet! Eg les avisa, tek tran(!) ønskjer dei andre ein god dag når dei forsvinn kvar til sitt. Det er ein forskjell for nokre år sidan, då dei måtte ha hjelp til å passe klokka og huske det dei skulla ha med(og det gjekk jo ikkje alltid bra, for mor huska ikkje alt! Turdag? Gym?!) Eg tømmer oppvaskmaskina, sett på ei klesmaskin, vaskar opp det som står i vasken. Eg passar klokka. Eg skal ha eit møte med ein ergoterapeut frå kommunen for å få hjelpemiddel heime til hørselen min(igrunnen til mangelen på hørsel), og kjenner at eg møter ei mental sperre i meg sjølv når eg seier at «Ja, eg treng noko som gjer det enklare» (og ikkje minst sikrare, røykvarslaren skal varsle meg med vibrasjon om den går om natta) Ventar på innsatslyst for å gjere noko nyttig. Den viser seg ikkje. Men eg rydda igår, så det ser ikkje så verst ut, for kven veit kva slike som kjem på heimebesøk er interessert i? Sjekke hybelkaninane under senga? Sorteringssystemet for skitne klær på vaskerommet? Filteret på oppvaskmaskina?
Eg gjer nokre notatar til møtet. Ryddar litt her og der, er spent.

Dagen er i ferd med å bli kveld

Dette skreiv eg i dag tidleg. Medan eg venta. Og no er det ettermiddag, og etterpå kan eg seie: Det gjekk bra, eg syns det skal bli greit å få hjelp. Ergoterapeuten som kom var triveleg, lytta og orienterte greit. Det er jo masse hjelpemiddel å velge i, og kanskje finns det andre ting eg treng også? Eg skal få vekkeklokke og røykvarslar som virkar sjølv om eg søv på det gode øyret, og eg får lysvarsling på fasttelefonen. Det er ein start, og bestillinga er sendt. Ho var ikkje det minste interessert i kor ryddig det evt ikkje var her. Derimot beundra ho trappa vår, som eg er veldig glad i, og som mange kommenterar. Eg kunne derimot glede meg over eit ryddig hus då eg kom heim. 
Det var godt å ha ein roleg start på dagen, det kan eg tenkje meg fleire gonger… Det krever litt planlegging, for det er måte på kor tidleg eg orkar stå opp for å nyte ein kopp te! 
Eg gjekk til og frå jobb idag, det har vore plana lenge å gå meir til jobb, og idag var første gong på lenge... Det er jo ein start! Det gjorde godt med dagslys på tur til jobb, og å så lyset sakte svinne på tur heim.

Vi har ete restemiddag, idag vart det tre rettar! Fiskebollar med kvit saus først, så gulasjsuppe med brød og tilslutt frukt! Alle mette, alle fekk noko dei likte og kjøleskapet er tomt for restar. Eg kjenner meg så mykje betre når vi et opp restane og ikkje kastar mat.  

Så det vart ein fin dag, når eg berre kom igang.

søndag 2. november 2014

Middag veke 44

Istadenfor å blogge kvar dag, tek eg eit tilbakeblikk på middagar i veka som snart er slutt:

  • Måndag: Elgkarbonader, restar frå familiemiddag på søndag, med potet, gulrot, brokkolig og brun saus. Svigermor var på besøk, og eg fekk ferdig middag då eg kom frå jobb. Luksus! Og sidan vi hadde hatt selskap på søndag, vart det kakerestar til dessert
  • Tirsdag: Gulrotsuppe. Fresa løk og kvitløk, tilsette gulrot, søtpotet, sellerirot og buljong. Kokte til det var mørt. Jamna med stavmiksar, og hadde oppi stekte bitar med kyllingfilet. Grovt brød til.
  • Onsdag: var ein dag der ingen var heime til samme tid, og då er det gull å finne restar i kjøleskap og frysar! Eg fekk gulrotsuppe, mannen åt dei siste elgkarbonadene, junior#1 laga ostesmørbrød med kjøttbollar, og junior#2 laga tomatsaus til kjøttbollar og pasta. 
  • Torsdag: På mystisk vis hadde ingen handla før eg kom heim frå jobb…eg hadde heller ikkje handla på veg heim frå jobb, og igrunnen hadde eg lite oversikt over kva eg hadde i kjøleskapet lenger. I frysaren fann eg ein bit bacon og nokre hysefiletar. Eg stekte bacon, så stekte eg hysefiletane i baconfettet, skar opp gulrot, løk og brokkoli som eg la i panna saman med resten. 
  • På med lokk og småsurre madan eg kokte ris. Kjapt og godt!
  • Fredag laga eg satayspyd, men ytgangspunkt i denne oppskrifta Satayspyd. Eg laga det ikkje som spyd, men som litt tynne biffar, neste gong vil eg nok ha mango i salsaen, og meir chili istaden for chilisaus. Men det var mat som fall i smak!
  • Laurdag laga eg masse pizza, sidan attenårigen skulle ha kompisbursdag. Ei lita utfordring at den eine gjesten er veganer, som er ganske uvant for meg, men det vart pizza utan kjøt og ost, men med masse grønsaker og eit dryss pinjekjernar på toppen. Eg og mannen var på vennefest, og åt serdeles god tapas! Eg hadde med karamellpudding til dessertbordet, den var populær, iallfall vart den fort borte :)
    Veganerpizza 
    Karamellpudding
  • Søndag, altså idag, står fårikålgryta og putrar på komfyren. 
Syns vi kom dreit i mål denne veka, har iallfall hatt middag kvar dag. Litt lite fisk, men mykje reint kjøtt, og ein middag med grønsak som hovedingridiens! Så får vi sjå kva neste veke bringer...

søndag 19. oktober 2014

Søndagsklassikar!

Eller eigentleg berre ein klassikar, men den egnar seg godt på søndag.
Kyllingfilet er lettvint(jada, eg har fått med meg debatten om bakteriar, resistens, smitte til menneske etc. Det er i tillegg faget mitt, så eg tek forhandsreglar! Eg vaskar filetane, brukar eig fjøl og eigne kniv som blir sett rett i oppvaskmaskina så fort det er ferdig brukt for retten, vaskar hendene før og under og etter, og skifter handkle etterpå. OK, kanskje litt i overkant, men likar det best slik)

Altså; eg skjær ei lomme i fileten, som eg legg litt ost inni(og osten skjær eg opp først, eller med eigen kniv på eiga fjøl) Idag vart det nokre med jarlsbergost og nokre med blåmuggost. Rundt snurrar eg baconskiver. Eg saltar ikkje, men kvernar over peppar. Så steiker eg dei raskt i panna, på sterk varme, slik at dei får fin farge. Etterpå legg eg dei i ildfastform, og inn i omen på ca 200 gr. Eg skar opp litt løk, gulrot, persillerot og kvitløk og la med i forma.

No sette eg ris til kok, og når den har igjen ca 5 minutt, kokte eg brokkoli. Eg sjekka kjernetemperaturen på kyllingen, eg vil at den sjal vere gjennomstekt. Det var den når tilbehøret var ferdig i dag, men eg ville berre halde det varmt til kjøtet var ferdig elles.


Sånn omtrent samtidig med at eg laga middag, skar eg epler i skiver og la i ildfast form. Eg strødde med litt brunt sukker og kanel, og laga ein smuldredeig med havregryn, sammalt kveite, hakka hasselnøtter, sukker og smelta smør som eg strødde over(dersom du søker på Bakte epler med crispy lokk så finn du oppskrifta). Dette sette eg i omnen, 200 gr ca 30 minutt. Det vart ei lta pause frå middagen til desserten, men det tålte vi fint. Epla serverte vi med vaniljekesam, og no er det stille i stove :)


Då har eg gjennomført mi eiga utfordring om å blogge alle middagane denne veka. Det har vore litt stress, men også artig. Kanskje har nokon fått nokre tips?

For veke som kjem veit eg at vi skal ha saltkjøtt og kålrot ein dag, for det fann eg på butikken i går. Så skal vi ha stekt fisk ein dag, og vi må ha noko med elgkjøt, sidan frysaren er full av det! Eldstesonen blir 18 år, og då må han få bestemme menyen den dagen. Så veit eg også at det blir minst ein dag med langjobbing , og då må eg tenkje ut noko lurt…

lørdag 18. oktober 2014

Laurdagspizza

Laurdag er ein fin dag for pizza! Før åt vi risengrynsgraut midt på dag på laurdagane, men eg jobbar ein del laurdagar, det er tenåringar med laurdagsjobb, det er alt som skal gjerast. Meir og meir har det vorte litt fin lunsj og eit berg aviser, og middag på kvelden. Kanskje er vi på veg tilbake til graut, for no er ungane ofte borte på kvelden, så sein middag blir feil det og :)
Men idag var det pizza!!
Eg fann ei oppskrift på spekepizza, med grov botn, spekeskinke og blåmuggost. Yummi, tenkte eg. Men eg innsåg at ikkje alle ville ta bølgen over ein slik meny, så eg hadde ei plan om ein med skinke og jarlsbergost også. Eg er jo ei god mor!
Men så kom det inn ønskje om fyllt foccacia også…og framleis snill mor laga ein deig til. Det er jo noko eg likar godt også…og det er greit med litt til overs, som kan bli frukost eller lunsj (eller mest sannsynleg nattmat i kveld)


Bakerst pizza med skinke, i midten spekepizza, fremst fyllt foccacia


Fyllt foccacia lagar eg på denne måten: Vanleg gjærdeig, som gg deler deigen i to og kjevlar ut, så legg eg på stekt bacon, løk stekt i baconfettet og bitar av parmesan og nokre kvistar timian på den eine delen. Deigdel to legg eg over og trykker til rundt kanten. Etter 20 min heving, lagar eg groper i overflata, tømmer på litt olje og strør på salt. Så inn i omnen.

Spekepizzaen hadde tomatsaus, spekeskinke tomat i skiver og blåmuggost. Vi hadde råkostsalat til, det passa kjempegodt! Den grove deigen hadde 1/3 fullkornskveite.

Alle vart mette, og det var jo målet. Og så får vi sjå om restane overlever natta….

fredag 17. oktober 2014

Du veit du er gift med ein jeger når

det er lettvint å bruke elgkjøt til middag!
Onsdag kom kjøtet i hus, og ytrefileten av ein kalv fekk æra av å bli fredagsmiddag! Yngstemann hadde lenge ønska seg biffmiddag, eldstemann greidde teoriprøva for bil på første forsøk idag og idag var dagen for å nyte.

Eg skar opp potet i båtar, gulrot, sellerirot, persillerot og kvitbeter i stavar, slo over litt olje og sette i omnen. Så laga eg pepparsaus, oppskrifta fann eg her. Mannen stekte biff og eg fann tyttebærsyltetøy i frysaren. Yummi!!!


Og til glede for evt nye lesarar som ikkje følgjer meg verken på instagram, Facebook eller Twitter, fredag er dagen for litt latter. Ein får ikkje meir artig enn ein lagar sjøl!
Og horna kjem frå ein hjort, slik for ordens skuld.

torsdag 16. oktober 2014

Kva har vi i kjøleskapet?

Torsdag, far er i Oslo, yngstemann skal spele konsert på skulen og kjem ikkje heim før seint. Mor og eldstemann skal på foreldremøte snart, mor vil gjerne få tid til å lande i sofaen før neste post. Då blir det middag etter prinsippet: "kva har vi i kjøleskapet?"

Vi hadde kokt potet, løk, ost, egg, bacon, det måtte bli omelett! Kjapt og greit!

Samtidig fann eg likt og ulikt som ikkje trong ligge lenger på etterlagring i kjøleskapet, så eg fekk rydda litt medan eg stekte bacon, og komposten fekk ny næring. Eg syns det er litt betre å kaste dårleg mat i komposten enn i søpla, men det beste er at det ikkje blir for gammalt. Restar kan bli bli restemiddag eller kveldsmat eller lunsj. Den siste veka har eg ete middagsrestar til lunsj, det gjev litt sånn luksuskjensle! Adskilleg betre enn brød med ost, lettare å ete meir grønsaker blir det og.

Men altså, idag åt vi omelett:
Omelett, etterpå….