mandag 29. oktober 2018

Kongen av Danmark

Eg lurte på kvifor det heiter "Kongen av Danmark", og min beste ven er Google, så her er forklaringa frå Brynhild:

Opprinnelig oppkalt etter brystdråper med anis og lakris som ble laget til den danske kongen Christian V på 1600-tallet. 

Så no veit du det!


Idag har eg kjøpt drops. Fann dei på kiosken.



Eg leita huset rundt etter godtekrukka. Den i krystall, med lokk, som eg fekk då eg var ganske ung. Fordi eg syns den naboen hadde var så fin, og då ønska eg meg det til jul eller busrdag. Eg fann den i kjellaren litt nedstøva, for igrunnen kan ikkje eg ha godteri ståande på stovebordet til ei kvar tid, det blir så lett borte... No er den derimot nyvaska, blank og full av "Kongen av Danmark"-drops.

søndag 28. oktober 2018

Ut på tur

Igår gjekk eg tur. Det var føre for piggsjo, som eg ikkje hadde, men eg gjekk med gåstavar. Kjenner det i skuldrene no, for der er det musklar som ikkje har vore brukt på ei stund...

Det var sol, nysnø og framleis haust. Altså massevis av fotomotiv. Eg sto på kne, strekte med opp, låg paddeflat på magen, fotografsrte medan eg gjekk (og oppdaga først etterpå at eg hadde fotografert folk eg ikkje såg)







Ein fin dag i skogen!

Fyrstekake

Plana var å kjøpe "Kongen av Danmark"-drops igår. Kvifor heiter dei det, forresten? Det gløymte eg. Då vart det plan B, for å oppfylle eigne fordommar mot middelaldrande damer. For kva gjer moddelaldrande damer laurdag ettermiddag? Dei bakar slik at dei har noko å servere til søndagskaffen!

Eg bakte fyrstekake. For første gong i mitt liv. Litt omstendeleg var det. Tertedeig. Kjøleskap. Kjevle ut (ikkje lett) og legge i form (heller ikkje lett) Kjøleskap. Lage mandelfyll, lett, men mange trinn. Montere saman og lage gitter på toppen. Det siste er viktig! Steike og vente. 


Og etter venting, tok vi like godt søndagskaffe (med te) på laurdag. Dom? Kjempegodt, mektig og saftig!


lørdag 27. oktober 2018

Min fredag

Min fredag starta tidleg. Det var mørkt på soverommet, og eg lurte litt på om det kanskje kunne vere laurdag? Det var ikkje det nei.


Never change a winning team, er det noko som heiter. Til frukost er det havregraut med kanel og tranebær som tel, og ein kopp te. Lett å lage, lett å ete og eg kan bla i dagens aviser før det er ut i mørket.


Jobb. Det er heldigvis nokre rutiner som må gjerast først. Ta fram og sortere bakterieskåler, også kjent som petriskåler. Finne fram papir og linjal og tabellar. Småprate litt. Men så er det alvor. Kva finn vi her? Og kva betyr det? Nokre dagar er det plankekjøring, andre dagar -som igår- var det mykje hjernetrim og leiting i litteratur. Blir litt klokare kvar dag!



Pauser må ein ha. Lunsjen vart ikkje avbilda, men gulrot og cola tidleg på dag, og sjokolade klokka to. Sjokolade fordi det var fredag, det er ikkje vanleg! Men du verda så godt! Og motiverande før ein skal gjere siste innspurt før helga.


Kontorutsikta. Ikkje let tå sjå her, men på andre sida av fjorden skein sol! Lukke! 2 minutt etterpå pøsregna det, akkurat til eg skulle gå ti bilen...


Kontorplante. Fredslilje, lever på rein trass, trur eg, og kalde skvettar med te. Og når den ligg heilt flat, får den vatn. den forstår det er harde kår, og har klora seg fast i 4 år!


Kø på tur heim. Og regn. Eg står og ventar på grønt lys, eni, eg tek ikkje bilder i fart!


Vel heime var det ein ting å gjere: fyre i omnen!


Plukka med meg årets siste stemor frå hagen. Den har sådd seg sjøl i ei krukke. Det var i siste liten, for i dag tidleg var det frost og dei eg ikkje plukka inn var døde.


Og omsider kom mannen heim frå jobb, det var lang dag på han igår. Det vart elgkalv med potetskiver og grønsaker. Ein roleg kveld i sofaen, fredag er på mange måtar vekas høgdepunkt!

torsdag 25. oktober 2018

Fridag

Dagens ambisjon var å ta bilder frå dagens ulike aktiviteter. Dagens plan utgjekk då eg kom på at eg hadde ete opp frukosten utan å ta bilde.

Opp av senga og brette kroppen sakte ut, lage havregynsgraut og brygge te. Fyre i omnen, høyre radio og sjå ut på regn og sludd og delvis snø. Slik starta dagen. Sidan eg hadde frisørtime ganske midt på dag, måtte eg tidleg på tur om det skulle bli. Det vart tur. Sakte, i ein stille skog eg hadde nesten heilt for meg sjølv. Det er ei stund til det er skiføre, men det er noko med lyd og lukter i skogen når det har kome snø. Det er stillare og mjukare!



Etter lunsj var det frisør. Luksustid! Massasjestol og hårvask. God tid til å sitte og lese gamle ukeblader.

Etterpå har dagen gått, med litt pusling her og der. Klesvask, rydding. Eg har pakka ned sandalar og andre sommarsko og sett dei på loftet. Fann ei vinterjakke eg ikkje huska...truleg fordi den vart kjøpt på salg etter vinteren. No fann eg den og den er tatt med ned i varmen.


 Det er ikkje mykje meir enn ein månad sidan vi var i Italia, 30 gr og livet besto av frukost på fortauskafe! Det er forresten ikkje meir enn 2 månader til 1.juledag...


onsdag 24. oktober 2018

Middelalderliv

Om du skulle få lyst til å google middelaldrende, får du opp for eksempel dette:

som befinner seg i alderen omkring 50 år
; som hverken regnes som ung eller gammel
EKSEMPEL
  • et middelaldrende ektepar

https://www.naob.no/ordbok/middelaldrende

Jaja, eg vurderer nesten å skifte namn på bloggen til "Middelalderliv", for vi er eit middelaldrande ektepar, det er berre å godta det.

For igår, etter middag, sette vi oss i kvar vår sofa, det var fyr i omnen. Eg fann fram eplekake og is, vi åt kake og diskuterte vegvalga til KrF medan vi kikka litt i avisene. Eg hadde ein løpar med korsstingsbroderi på bordet.

Dame (50) inntek ettermiddagskaffe i
trygge former

Det skulle vel helst vore fyrstekake, det får eg bake til helga, og "kongen av Danmark"-drops. Er det å få lenger, forresten?

Og slik går dagane, det er middagskvil, vi ser tv når programma går, vi går søndagstur og på fredag er lukka i livet sofa og tv! Ungane er ute av huset og vi legg oss til nye (u)vaner.

Ung dame vaskar båt.

Heldigvis er eg ung enkelte stader, som når båten skal på land. Då er kombinasjon dame og berre så vidt fyllt 50 år, nok til å få plusspoeng.

tirsdag 23. oktober 2018

Fødedag

Anne Lindmo lanserte fødedagen på Facebook for ei stund sidan, og idag føler eg for å feire den litt. (men eg klarer ikkje linke til innlegget på Facebook, så det må du søke opp sjøl) Jada, junior fyller 22 år, men jammen gjorde eg ein jobb!

Då eg kjente at noko var i ferd med å skje på kvelden den 22.oktober for 22 år sidan, vart eg litt forvirra. Det var ei veke igjen til termin, og var det ein ting eg hadde lært i løpet av dette mitt første svangerskap var det at ingen føder før tida! (men spør meg gjerne om min andre fødsel...den kom ikkje før termin) Mannen bakte brød, og sidan vi viste at dette skulle ta si tid, bakte han ferdig, snakka med bror sin på telefon "Neida, her er alt roleg"; sa mannen, medan eg låg over armlenet på sofaen og tok tida på veene. Det var forsåvidt roleg, det gjekk ikkje lynraskt. Svogeren min ante fred og ingen fødsel, og det var planen vår. Ingen viste noko då vi tok med oss bagen og reiste på sjukehuset rundt midnatt.
Funfact: dette var i gamle dager, og vi hadde ikkje mobiltelefon(vi kjøpte ein då vi skulle kjøre 35 mil på julebesøk, eg syns det var veldig rart å ha mobil og ringte aldri slik at nokon såg det. Eg har endra meg, for å seie det slik). Men vi hadde nyinnkjøpt kompaktkamera, med ferske batteri og ny film.

På sjukehuset fekk vi rom, og ting gjekk heller sakte framover, mannen prøvde sove i ein stol og eg veksla mellom dusj og seng, lite kvile i noko som helst. Mannen masserte ryggen og trøsta og oppmuntra, og innimellom syns eg både han og jordmor var heller dumme og håplause. Men eit vagt blaff av fornuft gjorde at eg ikkje sendte dei på dør. Å vere medhjelpar til ein fødsel kan ikkje vere så greit! Det var jordmor og jordmorstudent og ein eller annan gong var det ein lege innom, alle var opptekne av god folkeskikk og handhelsa. Akkurat det var litt vekk-kasta, eg huskar lite av det. Utpå morgonen var det vaktskifte, og ny jordmor og legestudent -og eg huskar endå mindre anna enn at eg syns det gjekk sakte, eg var trøytt, at lystgassen ikkje virka/eg ikkje klarte bruke den og at petidin, den gong eit vidundermiddel, ikkje var greit. Petidin gjekk ut av bruk ganske snart, for dei stakkars babyane var sløve etter fødsel.
Tilslutt kom junior, litt sliten og blå, men han kom seg fort. Den kloke, fine, flotte legestudenten sa at dette var det finaste barnet ho hadde sett (det var vel hennar første fødsel, men pytt) og slikt gleder ei nybakt mor å høre.


Klokka 10.34 var han der, arvingen, den førstefødte, han vi både kjente og ikkje kjente. Ein fin fyr, mørkt hår, store, mørke auger og litt gulsott(som gjorde han gylden i huda) Ein liten kar som slett ikkje hadde tenkt å sove bort tida. Som ville ligge tett inntil, som fekk det, for han var den nye sjefen. Det er ei av dei hendingane som har snudd mest opp ned på livet mitt! Sove? "MAT" sa junior. Ut på tur? Bleieskift først. Sove? Nei, selskap er artigare. Og så vidare...

Han hadde gitt meg si første vakenatt. Det har vorte fleire med åra, både med "nattmatservering" og med venting på at han skal kome heim. Eg var sliten, og det er vel denne jobben eg syns eg kan feire litt idag! Sjølvaste fødedagen! Trur det blir dessert.

Sidan vi ikkje hadde mobiltelefon, fekk ingen vite noko før mannen tusla seg heim etterkvart, og kunne ringe frå fasttelefonen. Det var ingen bildemeldingar, inga oppdatering på Facebook og ikkje fødsel bilde for bilde på Snapchat, sikkert like greit.

Denne karen er no over 1.90 høg, breiskuldra, aktiv, søv lite (framleis) og kjekk kar. Naturlegvis!

mandag 15. oktober 2018

Jubileumsåret

Når ein fyller 50, er det berre rett og rimeleg å feire! Eg (eller vi då, mannen og eg feira saman) har til og med hatt to feiringar. Supert! Så kjem alle vi kjenner som er på vår alder, vi har feira fine folk både her og der dette året!

Men så har det hopa seg opp med andre feiringar også. Eg har hatt same arbeidsgivar i 25 år, noko som nok er litt uvanleg i våre dagar. Jobben har derimot forandra seg mykje! Det er lite som minner om dei oppgåvene eg fekk 1.august i 1993. Og 25 år vart markert med krystallvase og blomster.
25årsblomster i 25årskrystallvase

Så vart eg feira på 50årsdagen på jobben. Med snittar og kake og tale og gåver. Stas!

Det er 30 år sidan eg var russ! Den feiringa fekk eg ikkje med meg, for då var eg i Italia (forsåvidt ein fin tur!) På ein måte kan eg forstå at det er ei stund sidan eg var russ, men 30 år?!

Forrige veke feira vi sølvbryllup, og med tanke på all anna feiring og tillaging av selskap i år, gjekk vi to ut og åt treretters middag saman. Heilt utan gjester. Dagen før kom gutane på middag, så då tvinga vi gjennom felles albumgjennomgang. Det var litt rart! Så mange kjente og kjære som ikkje er her lenger, som var med og feira oss då. Litt lystigare er det å sjå kor vi alle har vorte eldre, frå små tantebarn i penkjole eller dress, til ein sjøl som heller ikkje er så blottende ung lenger...

Ungt brudepar

Og i helga møttes ein del av oss som var ferdige bioingeniørar frå Ullevål Bioingeniørhøgskole i 1993. Berre ørlite eldre, men like spreke! Ein fin kveld med god tid til å prate, mimre, sjå bilder (for ein hårsveis vi hadde i -93) og ete god mat.

Eg gløymte å ta bilder på festen, så de får nyte eit bilde av meg frå
studietida. Trur dette er frå då vi gjorde forsøk til oppgåveskriving.

Eg tok tog til og frå Oslo, og har hatt god tid til å nyte utsikta, lese og reflektere over det som har skjedd på 25 år. For sjøl om vi såg bilder og vi huska godt og kjente oss igjen, så er dei ytre rammene veldig endra! Det er barn og huslån og jobb og etterutdanning og kolegaer og gamle foreldre. Livet er ikkje ein hybel, ei kanne te og pensum lenger! Det som kjentest som veldig stort då, er meir småting no. På den andre sida, tok vi mange valg då, som har prega livet etterpå.

Livet altså, det er det som skjer medan du spring rundt og vaskar klær og prøvar rekke jobb og ein konsert med junior og toget på veg til foreldrebesøk!



fredag 12. oktober 2018

Vindmøllekamp og andre ting eg ikkje har gjort før

Eg vann mot vindmøllene! (sjå forrige innlegg) Eller, vi fekk igang ein samtale og fann ei løysing. Eg trudde nok vi skulle kome til det, men det er alltid litt spennande medan vegen blir til (eller som ei eg kjenner sa "båten blir til mens vi ror") Idag hadde vi ein riktig hyggeleg samtale, og har ein avtale vidare, om det skulle bli nødvendig. Puh, då kunne eg senke skuldrene.

Pappa (88) og eg plukka litt epler på søndag.

Sist helg var eg i Romsdalen. Der var det mykje frukt. Eg fekk to typer epler frå svigermor, og vinterepler og pærer frå pappa. No er matbua full av frukt og det luktar godt i kjellaren!
Men i tillegg til å ete epler og pærer til frukost og lunsj, det er så luksus å ta fram epler frå pappa sin hage til lunsj, så må eg gjere litt meir med frukta, elles er eg redd dei blir ødelagte. Eg har laga eplekake. Eg funderer på eplesaft, det gjorde vi i fjor, det krever berre at eg er heime nokre dagar på rad. Det er det litt knapt med for tida.
Og eg har hermetisert pærer! Det har eg ikkje gjort før. Men eg hadde jo pærer. Eg har Norgesglass og eg har opptil fleire oppskriftsbøker. (Vrange tunger vil ha det til at vi har fleire kokebøker enn strengt tatt nødvendig. Eg forstår ikkje kva mannen meiner med det. Sist vi talte opp var det ikkje meir enn 43...) Eg googla litt, las litt og sette igang.

Perfekt bloggepære
Med blad og stilk!

Pærebåtar koker i sukkerlake

Nyvaska Norgesglass

Iallfall, hermetisering av pærer er ikkje så vanskeleg, men det tek litt tid. Det skal vaskast glass og strikk, og frukta skal renskast og delast opp. Det skal lagast sukkerlake og frukta skal kokast og over på reine, varme glass. Uansett korleis eg gjer akkurat det, blir det kliss med sukkerlake... eg vaska igår og eg vaskar idag, men nye klissete flekkar dukkar stadig opp! Det blir vel bra etterkvart.

Resultatet

Men til slutt: 3 glass med hermetisk frukt! Snakk om husmor!

Og i morgon reiser eg til Oslo for å treffe studievener. Det er 25 år sidan vi var ferdige bioingeniørar. Kva har skjedd sidan sist!?

onsdag 10. oktober 2018

Å slåss mot vindmøller

Uttrykket blir brukt om å sloss ein nyttelaus kamp. Og det kan eg ikkje seie eg gjer, men eg kjenner meg litt lita og eg kan ikkje stammespråket, så det krever si kvinne.

Og eg ser ikkje for meg ei slik postkortvindmølle med stråtak, eg ser for meg ei moderne, stor ei, som kan vere over 200 meter høg. Det kjenner eg at eg slåss mot når eg  tek opp telefonen for å ringe.

Heimesjukepleie, sjukehus, koordinerende eining i kommunen. Ingen kan love noko, ingen kan gjette - verken dei eller eg - eg forstår det. Og det er ingen tidsfrister. Alt ser ut til å avhenge av alt anna, og kva som kjem først og sist er ikkje godt å vite.

Eg har snakke med innestemme, utestemme og i stadig større bokstavar. Eg forklarer fakta, om igjen, eg snakkar sant, utan å pynte på. Eg prøvar å ikkje bli sint. Det kan halde hardt, men tener ingen. Så får vi sjå.

Eg er ikkje den første i ein slik kamp. Eg blir ikkje den siste, kanskje må eg ta kampen på nytt igjen ein annan gong.

Eg gjer så godt eg kan. og krysser fingrane for at det blir bra, til slutt. For alle.

lørdag 6. oktober 2018

Sceneskifte

Romsdalstur.  Det virkar som at hausten har kome lengre her, kanskje fordi fjella er nærare og det er kvitt på toppane?




Epler og pærer det henger på trærne, 
Når de blir modne så faller de
NED!
(Eller det er haust storm. ..)



onsdag 3. oktober 2018

Oktober!?

Eg var ikkje førebudd på at september skulle vere så kort. Eller gå så fort. På måndag var det plutseleg oktober. Eg måtte konsentrere meg for å skrive rett månad. 
Men ok da, så er det oktober, det er haust. Haustregn, haustkveldar som blir tidleg mørke, haustluft som er klår og kald(når det ikkje regnar)

Og haustfarger. Det er ikkje det verste!



(Og så prøvar eg å utsette å tenkje på at om 2 månader er det advent og fullt julekjør, og kva skal eg gå for som julegåvetema iår?!)