Viser innlegg med etiketten kjærestetid. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten kjærestetid. Vis alle innlegg

tirsdag 19. juni 2018

Veke 25

Tirsdag. Ute bles det "hauststorm", det er kanskje normalt det når sommaren var i mai? Eller altså, eg er optimist og reknar med at om eit par veker, når eg startar ferien, blir det sol og varme igjen. Men det bles litt mykje no... Regnet derimot, det er bra, så slepp eg vatne kjøkkenhagen så ofte.

Sist veke? Gjekk fort som vanleg. Nokre glimt og eit høgdepunkt følger!


Eg starta veke bra, og på måndag var dette matpakka. Det gjeld å ha med seg noko godt på jobb, til å småete på innimellom (men aldri på laben altså!)


Kva gjer eg eigentleg på jobb? På tirsdag tok vi iallfall resistensundersøking av ein streptokokk. Bakterien er det grå "teppet", og det kvite er små lappar med ulike antibiotika. Når bakterien ikkje kjem bort til antibiotikalappen, tyder det på at antibiotikaen tek livet av bakterien (enkelt forklart)


Onsdag kjøpte eg ny koffert. Lenge planlagt, eg berre venta på salg. Onsdag hadde eg ikkje bil, men det er ikkje så langt til næraste koffertbutikk, så eg tok den på sykkelen! Og har sjeldan fått så mange som har snudd seg etter meg og sykkelen. Eg burde kanskje friske opp blomstrane på sykkelkorga mi snart?

Torsdag var det sommarfest på jobb. Med reker og dill! 


Fredag reiste vi! På tur, berre mannen og eg. For å feire gode vener i Drammen. Ei overnatting på vegen og ein liten kvedlstur ved hotellet ved inngangen til Rondane. Nydeleg lys, og den kalde vinden er ikkje med på bildet.



 Vekas høgdepunkt var turen på laurdag morgon. Rett frå hotellfrukost og ut i naturen. Sola skein, gauken gol høgt av glede, og vi fann oss fleire små toppar vi rakk innom før vi måtte sette oss i bilen og kjøre. Det var SÅ fint! Og så godt å gå ute før ein lang biltur. Vi hadde fjellet for oss sjøl, og den utsikta er det verdt å få med seg.


Etter triveleg vennelag laurdag kveld, fin hotellfrukost og lunsj hos svigerinne, sette vi oss i bilen. "Det ser litt grått ut der framme", var vi einige i. Vi hadde rett, det byrja å bøtte ned! Det var berre å kjøre sakte og forsiktig, og etterkvart hadde vi regnet og gråværet berre i spegelen. 

Av ting som ikkje vart med, kan vi nemne at

  • "Den store styrkeprøven", sykkelritt frå Trondheim til Oslo gjekk i Gudbrandsdalen saman med oss på laurdag. Vi hadde heldigvis oppdaga det, og strarta ganske tidleg, men eit par "hjertet-i-halsen"-opplevingar vart det. 
  • mannen må legge seg i hardtrening med sverd før ferien og møte med unge nevøar, han vart nedskjempa under søndagslunsjen.
  • vi gjekk tur på elvepromenaden i Drammen, og eg fekk vist mannen kvar eg har vore på kurs der, samt at han oppdaga ein skulptur med lydoverføring frå ei bru(og dette har eg aldri sett/høyrt før)
  • kjøkkenhagen snart må bloggast om, det er masse salat og snart jordbær, trur eg. Iallfall nok spinat til å ha ved sidan av laksen til middag idag.
  • vi er ikkje halvvegs i juni sine mange feiringar a fine folk vi kjenner. Snart er vi på tur igjen!


mandag 21. mai 2018

50 år

Idag er mannen 50 år! Hurra for han!

Om ikkje mange månader er eg 50 år, og litt etterpå har vi vore gift i 25 år (altså gift halve livet! Mystisk, det kjennes ikkje alltid slik. Men når eg ser på sonene, ser eg at vi har halde saman lenge). Dette er året for feiring!

"Kjærleik er å vilja vel" las eg ein stad. Det
er mannen min god på, "å vilja vel"!
Oss to!

Og sjølv om vi ikkje hadde planlagt så stor feiring denne dagen, har det vorte litt i løpet av helga. Vi feira med 2 søsken av mannen og svigerfar på laurdag, og i dag har dei unge, håpefulle vore med og ete middag. Så satsar vi på meir feiring til sommaren og hausten!


Og først idag, var vi på båttur. I sol og veldig lite seglvind. Men vi har fått farge
og frisk luft og eg har lese i boka mi!

onsdag 25. oktober 2017

Kjæresten min og meg

For eit par veker sidan hadde vi bryllupsdag. Det feira vi! Slik vi gjer kvart år! I år feira vi saman med gutane våre, gjekk ut og åt heile familien.
24 år byrjar bli ei stund. Snart halve livet har vi vore gift, og vi har vore eit par meir enn halve livet. Det kjennes lenge ut på ein måte, på ein annan måte har tida gått fort! Det er ikkje så lenge sidan vi budde i var vår by, skreiv brev (dette var tross alt i oldtida) og hadde skyhøge telefonrekningar! Og det kjennes ikkje så lenge sidan vi planla bryllup og pussa opp huset vi leigde dei første åra.

Men åra går. Mykje har skjedd! Vi har kjøpt hus, og pussa opp og bygd på og pussa opp meir. Vi har kjøpt båt og utfordra både samarbeidsevner og komfortsoner! Vi har vorte eit tett par, to viljer og likevel stort sett felles mål. Vi har laga ein familie saman med gutane. Vi er ei gruppe, eit trygt punkt for kvarandre.

Det har vore kvardagar, sjukdom både i heimen og i storfamilien, studier, doktorgrad, jobbing. Det har vore barn, barnehage, skule, lekser og trening. Tirsdagmorgonar utan brød i brødskuffa og onsdagar med masse klesvask. Dagar med snø og bil utan vinterdekk. Sommardagar med plen som treng klipp og ingen som har ork. Dagar med middag som er forsinka, kjøttkaker som datt frå kvarandre og for lite kokt potet.
Naturlegvis er vi ikkje einige om alt, som kor mange potteplanter vi treng, eller antal gitarar i huset. Men i det store har vi felles forståing og står saman mot mykje!
Heldigvis har det vore dei stundene som sitt igjen i hukommelsen som medvindsdagar, der vi rakk det vi skulle, pastaen var passe kokt og pastasausen var topp! Der ting sto der dei skulle og vi fekk tid til å sitte ute og nyte solskinnet.



Det ser ut til at vi er mykje på tur, det er
ganske sant, men det manglar nokre bilder
frå sofakroken!

"De norske sjømenn er ett gjennombarket folkeferd!"
Sånn fritt etter hukommelsen :)


Det har også vore kjærestertider! Stadig vekk, faktisk! Vi går framleis gjerne hand i hand på tur, og ingen får sove utan eit god-natt-kyss. Det er småprat ved middagsbordet, høgtlesing når vi sitt i kvar vår sofa og slepper skuldrene ned utpå kvelden. Det er oss to!

Kjærligheten

Litt lenger ute
satt kjærligheten
og hvisket 
og sang
og gjorde plass 
til oss

-en på hver side

Fartein Horgar

Eg tenkjer at 24 år er verdt å feire! 

mandag 26. juni 2017

Segling, vaflar og overnatting

No kjem bilde på bilde med skryt, av båt og vær og meg sjølv. Du er advart!

I helga har eg vore på testtur. Eg trong det, dersom ferieplana skal gjenommførast (den er litt avhengig av vær og slikt også) eg måtte ha ein litt lengre tur med båten, med innlagt overnatting. Værmeldinga var ikkje så allerverst, ifølge Yr skulle det iallfall vere opphaldsvær. Kanskje til og med sol? Mannen meinte det kunne bli lite vind, og kanskje mest i feil retning, men vi la ut på laurdag.
Ja, etter å ha sove lenge, ete lang frukost, og handla diverse samt pakka. Då er det brått ikkje så tidleg på dag lenger, men pytt, det er lyst lenge (og eg visste igrunnen ikkje kor lang tid vi måtte berekne å bruke heller. Eg har lært litt om fart og knop og nautiske mil og kart og slikt i helga)

Pikkpakk i båten, klar til tur!

Det med vinden stemnte, det var lite av den. Før det vart mykje vind, rett mot. Kvittoppa bølger, sol og vassprut. Saltvatn i håret er vel bra? Litt kaldt kanskje, men eg vart iallfall ikkje sjøsjuk. Ikkje vart eg redd heller, det hadde eg vorte i fjor om nokon drog med meg på slik fjordferd. Vi las kart og rekna og tenkte og fann hamna vi skulle i, og omtrent kor lang tid det ville ta.

Det plaska godt!

Treng ikkje vindmaskin på båt i motvind!

Det var tid til litt sol på leggane!

Det er ganske sakte med seglbåt, enten den går for segl eller motor. Lite bråk og lite fart. Iallfall når ein går for motor og det er stabil (om enn litt ruskete) sjø. Når ein kjem inn i rytma, er det litt mindfullness. Det blir tid til tekopp, aviser, løse kryssord, prate, sjå utover fjorden (på tur tilbake såg vi mange niser som dreiv ein slags synkronsvømming rundt båten) og bli litt solbrent på nasen. Eg vurderer fat med høge kantar til servering i båt, evt kun doble skiver servert i serviett, for då eg hadde smurt skiver i fart igår og skulle sende dei opp til mannen ved roret, kom det ei litt brå bølge, og vips låg all maten i dørken... Pytt, berre kjentfolk og kjente fugleartar som har opphalde seg der.

Mat før brå bølge
(illustrasjonsfoto)

Framme i gjestehamna i Sivertsvika var det lett å finne båtplass, sol, stille og roleg, reint og fint på sanitæranlegget, lett å få fyllt diesel. Alt vel altså! Vel til kai vart det fiskesuppe, så eit liten runde for å sjå seg rundt og til slutt ein fabelaktig solnedgang! Klisje på klisje med farger og lys og skyer!
Etterkvart vart det natt, eg blir grusomt trøtt av slik uteliv. Planen om å sitte lenge og lese og småprateutgjekk. Eg sovna og vakna av ein lyd og med mitt litt reduserte nattsyn utan briller, såg eg båtmaster som sklei forbi utan for vindauget. Skvatt litt, for eg byrja lure på om vi hadde byrja drive frå kai... Heldigvis viste det seg å vere ein anna  båt som kom seint!
Mann og kone et fiskesuppe.

Kveldsstemning
Solnedgang

Utpå morgonsida måtte eg på do, og då eg kom ut på dekk hadde sola allereie stått opp. Det var blikkstille fjord, heilt stille rundt meg, alle andre sov nok,  fuglane gnei enno søvnen ut av auger og nebb, eg såg berre ein hegre som letta frå moloen. Inn fjorden kom hurtigruta sigande, og det var nesten vanskeleg å gå og legge seg igjen. Men halv seks er litt tidleg start...
Då eg omsider sto opp på rett, vart det egg og reker til frukost på dekk, nybrygga te i kanne, kryssord og god tid. Vi snakka med folk i dei andre båtane, og det skal båtfolk ha, dei er veldig hyggelege. Vi snakka båt og modell og pluss og minus med det eine og andre. Vi fekk gode råd om Hustadvika og segling i ferien, historier om båtbyggarar og tur i Karibien.


Men vi skulle heim igjen, vi måtte berre vente til vaffelsalget starta. Det er nemleg vaffelsalg kvar søndag! Mette på både frukost og nystekte vaflar, med ferdig rydda båt og ved godt mot, la vi ut på fjorden. No var det vind! I rett retning! Det tok litt tid før vi fann rytmen og rett stilling på segla, men så fekk vi ein så lang segltur som vi aldri har hatt før i eitt strekk! Litt ruskete i overgangen mellom to fjordar, men eg trua ikkje med å hoppe på sjøen denne dagen heller. Eg kunne sitte i short og tskjorte og jobbe med d-vitaminsanking og brunfarge (note to self: solkrem på nasen neste gong, den vart gløymt i går. Kirsti er raud på nasen!) Det vart vindstille akkurat då vi låg i leia for ferga, og der bør ein jo ikkje bli for lenge. Så vi starta motoren og gjekk siste stykket tilbake til rett plass i Trondheim. Litt sliten, og veldig fornøgde. Kanskje blir det ferie i båt i år?

Vind i segla 
Tenk deg at horisonten er horisontal...
No er det måndag igjen. Det er 2 veker til ferie. Det er lite folk på jobb, det gjeld å halde humøret oppe. Ein båttur gjev ei kjensle av ein liten ekstra ferie. Det er bra!
Det er klart for vekestart. Eg likar Odd Børretzen, han har fine tekster om segling, og livet og slikt. Og på min første tur i ei gjestehamn, passar det med denne sangen; "Tønsberg hamn". Då eg var oppe midt på natta, kunne det virka som om alt var stille, men neida!


Lytt og nyt!
Og ha ei strålande veke, på sjø eller land!

søndag 9. oktober 2016

Vekestart veke 41

Søndag og snart klar for ny veke.
Her er det sol dagane lange og spektakulære solnedgangar kvar kveld. Litt mørkare kvar morgon og ettermiddag. Kalde netter og varme dagar, akkurat som hausten skal vere. Passe kledd på tur til jobb, og altfor varm på tur heim.

Frå dagens tur

Haustferien startar no, og junior har allereie skrudd av både klokke og kalender, høyrest det ut som. Samtidig har han ambisiøse planer om skulearbeid, vi får sjå kva som skjer.

Idag er det bryllupsdag, 23 år saman med mannen. Minimal feiring enno, sidan jakta krever sitt, men han skal få restar av langtidsstekt lammelår når han kjem heim.


23 år har altså gått sidan eg litt skjelven gjekk inn i kyrkja og vi begge sa JA. Fine dagar, lange dagar, slitsomme dagar, kvardag, fest, ferie, tidlege morgonar og seine netter. To flotte soner, felles bekymring og glede. God og dårleg helse. Studietid, doktorgrad, jobb, permisjon og sjukmelding. Oppturar og nedturar. Alt vi har hatt saman! Klart det må bli eit dikt om kjærleik og viktige val idag!

Jeg velger meg kun en egenskap
fra øverste hylle
Å være sånn at du spør deg selv
hver bidige dag
hva du skal med
andre enn meg
Trygve Skaug

Ha ei fin veke med dei du har rundt deg!

Og dette skal mannen få når han kjem heim. Lammelår -utbeina av meg, før frukost- stekt 8 timar!
Med løk, potet, spisskummen, koriander, ingefær, honning, aprikos, dadlar og rosiner,

mandag 18. januar 2016

Vekestart veke 3

Eg har igrunnen alltid vore ganske royal av meg. Eg hadde utklippsbok med det som den gong var kronprinsbarna då eg var lita. Eg har ei av bøkene enno, men er redd den andre har forsvunne i flytting og rydding ein eller annan gong. Det er ikkje alltid i livet ein ser kva skattar ein har mellom hendene.
Då eg var lita syns eg det var ganske stas at Sonja og Harald gifta seg nesten på fødselsdagen min, eg var 2 dagar då dei gifta seg. Eg syns liksom vi hadde noko felles... Eg ser gjerne kongelege hendignar på fjernsyn, feks er italiadukka mi døypt på samme dag som Haakon Magnus. Dåpskjolen var eit gult frottehankle og eg hadde seleskjørt og skulderveske i raud skai.
Litt usikker på kva eg har rundt halsen, men det er truleg ein slags "pelskrage" etter inspirasjon av Sonja.
Eg har sett utallige kongelege bryllup, og arrangerte til og med prinsesseselskap då Haakon og Mette Marit gifta seg. Vi åt prinsessekake og hadde iallfall litt etikette inne. Då Märtha og Ari gifta seg, hadde vi selskap med ordensbånd og tiara alle mann!
Ein slags tidleg "scrapbook" ,
utført av 5 år gamle Kirsti
Det var difor litt overraskande at eg ikkje fekk med meg at kong Olav døydde før dagen etter!
For 25 år sidan var eg student,  og eg budde i kollektiv med to venninner i Oslo. Då eg sto opp 18.januar og møtte dei andre til frukost var eg heilt uførebudd på meldinga om at kong Olav var død. Det var litt merkeleg! Eg var og er ein rev etter nyhende, følgjer med i aviser og på radio(den gongen fanns jo ikkje internett, og vi hadde ikkje tv!!) men dette hadde eg altså ikkje høyrt. Det var jo ei spesiell tid i verda, med krigen i Kuwait og redselen for at det skulle spre seg, iallfall i Midtausten og kanskje vidare, så eg trudde eg var godt orientert.
Grunnen var at eg kvelden før hadde besøk, av han som no er min mann. Det var akkurat den kvelden vi fann ut at det skulle vere oss. Eg var langt inne i mi eiga rosa boble! Å ha ein slik dag som minne, der to så viktige ting skjedde, er litt rart. Vi gløymer iallfall ikkje datoen vår!

Det var spesielt å bu i Oslo også den perioden. Vi reiste ganske fort ned til Slottet, hadde med lys og tente. Eg hugsar godt alle folka, lyshavet, blomster og kort som låg der. Heile byen var stille, tross alle som kom og gjekk.  det var snø og litt kaldt, trur eg. Dagane fram til gravferda var annsleis enn vanleg, og sendeprogrammet på radio og tv var endra. Den dagen gravferda var, fekk vi fri frå studia. Eg hugsar vi var fleire samla hos ei studievenninne og såg seremonien på tv. Det var høgtideleg og sterkt!

Men tilbake til mannen og meg, 25 år er lenge. Samtidig har det gått fort! Det er godt å ha nokon å høyre saman med, og vekas dikt må handle om dette. Tross kongeminner og 25årsjubileum for kongeparet, dei blir feira av så mange, dette er til mannen og meg:

PERFEKSJON

Jeg velger meg kun én egenskap
fra øverste hylle;
å være sånn at du spør deg selv
hver bidige dag
om hva du skal
med noen andre enn meg

Trygve Skaug

Eit bilde til frå utklippsbok mi. Her er Märtha med bestefar, og dagens kongepar står i bakgrunnen.

Ha ei flotters uke!

fredag 9. oktober 2015

Bryllupsdag

22 år saman med mannen! Snart halve livet. Ikkje verst! Vi er glade det er slik. Det er jo ikkje sjølvsagt at det er slik. Mykje kan skje på 22 år. Alle dagar er ikkje solskinn. Det er litt av alt! Som livet elles.

Heilt ferske ektefolk

Men ein ting vi ikkje tenkte på då vi bestemte oss for bryllupsdato, var elgjakta... Det er alltid elgjakt på bryllupsdagen vår, hehe! Så vi gjekk ut og åt middag og feira i går, slik at mannen kunne reise på jakt idag. Mannen fekk gåve av meg i dag tidleg, og eg fekk rose av han før han reiste. Vi var sånn passe romantiske og litt klissete, slik at 17åringen sukka litt.


Saman med gåva idag, fekk mannen eit dikt, som eg syns beskriv ekteskapet godt!

Ekteskap

Ekteskap er to om alt,
to om bankbok, sukker, salt,
oppvaskbenk og lengt og håp,
fjernsynsskjerm og kjøleskåp,
godlynt drøs, og dumme tretter,
varme bein i kalde netter,
to om siger, to om tap,
Først og fremst er ekteskapet
ein å dela natt og dag med
og ein venn å le i lag med.

Ingvar Moe

torsdag 14. mai 2015

Skodilla...

Idag har eg og mannen vore på biltur, ein slags søndagstur på Kristi himmefartsdag. Russen som kom heim kl sju idag tidleg fekk ikkje ein gong tilbodet, og 17-åringen kunne vel nærast sett det som straff om han måtte være med…
Fjorden baby!

Mannen og eg har køyrt, sett på kart, hatt matpause i bilen, ete middag på ei brygge, ete is. Vi har sett sol og regn, mange gonger begge deler. Vi har sett fantastiske skyer, høg himmel, kjent vinden blåse. Vi har køyrt langs fjorden, sett bygder og fjell og dal. Ei fantastisk bru.
Vi har prata om eit og hitt, berre vore saman og hatt god tid. Det er fint det!

Og eg har kjøpt sko! Kule sko eg slett ikkje skulle ha, men som eg brått kjente eg trong!
Kjærleik ved første blikk! 
Dei måtte berre få vere med meg heim! "Hæ, har du kjøpt nye sko idag, mamma?!" var reaksjonen til dei heime. Ja, så klart! Nokre ting berre treng eg.