Viser innlegg med etiketten vår. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten vår. Vis alle innlegg

torsdag 4. mars 2021

Mars

Årets første marshelg. Eg har planer!

  • vi skal ha middagsgjester! Huskar ikkje sist det skjedde. Vi må planlegge menyen.
  • det snør, og eg SKAL på ski. Får tru det er nok snø til det og at foten held (den treng nok enno litt tid etter overtåkk og brot i desember)
  • eg skal sitte litt og sjå på at plantene mine veks. Det spirar i det vesle "drivhuset " mitt. 

  • eg skal strikke. Eg har meir garn enn tid og tålmod, ser det ut til...
  • eg skal drikke te! Eg har kjøpt påskete, og den startar eg på allereie no
    Skal ikkje sjå vekk frå at det kan bli kjøpt meir te...

  • eg nyt at dagene blir lenger, at det er lyst både på veg til jobb og heimover, eg likar lyset når det snør i ettermiddagsskumringa.
    Blåtimen

  • kanskje skal eg lese litt, rydde hus, brette klær etc, men det er ting om skjer uanhengig av årstid..

torsdag 7. mai 2020

"La det lykkes"

Den eine etter den andre rundt meg byrja å snakke om frø dei hadde sådd. Lenge tenkte eg at nei, iår orkar eg ikkje (trur eg tenkte det i fjor også...)
Men alt snakket påvirka meg, og brått vart eg ivrig. Eg fann blomsterjord, såkalla årgangsjord, det er nok den beste. Eg fann krukker og eg fann frø. Frå i fjor eller eit anna år.


ringblomster
Så eg sådde ringblomster og erteblomster.
Ringblomsten spira kjapt og villeg. Erteblomsten har eg ikkje sett noko til enno. Eg vart faktisk så i tvil, at eg kjøpte nye frø. Som eg har sådd idag, saman med blomkarsefrø. Då eg leita etter flerie blomsterpotter, fann eg blomkarsefrø frå eit eller anna år, som eg har plukka og tatt vare på. Eg sådde nokre av dei og, spent på om dei kjem opp.

Blomkarsefrø, lagra i kjellaren i fleire år.
Så no skal det stellast og passast og vatnast, og forhåpentlegvis er det snart varmare tider, slik at eg kan sette plantene ut (denne helga er det spådd nattefrost og snø)

Tittelen på innlegget, er eit sitat frå min nabo i barndommen. Når ho sådde frø, eller baka eller gjorde noko anna ho ikkje var heilt sikker på, sa ho "la det lykkes!" Og det seier eg og no, for eg vil ha blomster og farger til sommaren!


Då eg leita etter krukker og jord og forskjelleg, fann eg ei potterose. Den var inntørka og trist, men eg såg små skot på greinene. Den har fått vårklipp, varme, lys og vatn og vips har den starta å vokse. Så no passar eg grundig på, og satsar på roser etterkvart!

onsdag 24. april 2019

Takk for turen!

Idag var eg i skogen, og såg etter skiløypene. Det kunne jo vere at det var nok snø til ski?! Men eg var såpass realistisk at eg hadde ikkje med meg ski.
Ei veke med 20 varmegrader og sol hadde virka. Det var stort sett bart, berre litt slush-aktig snø og tett med kvistar og barnåler...
Det var supert å gå, med terrengsko og gåstavar. Ingen fare for ikkje å bli svett i motbakkane på den måten heller.

Motbakkesliten. Uten ski.




Det er fint med ski i mørkret også 


Solskinn eller snøvær, fint på kvar sin måte 



Men det er litt vedmodig! Eg har hatt så mange, fine, gode skiturar i vinter. Eg har tenkt lange tankar, gått av meg frustrasjonar, gått av meg jobbutfordringar(det har vore mange skiturar med det som årsak i vinter) eg har sett naturen, høyrt på skogens ro og kjent den krype inn i meg. Eg har gått meg svett, angra på at eg valgte den lengste runden, jubla når eg har gjort unna dei verste motbakkane, gledd meg over nedoverbakkane(nesten kvar gong) Sendt gode tankar til dei som rydder løyper og køyrer spor, det er lite som er meir luksus enn å legge ut på tur i nye spor -særleg når eg er førstemann. Eg har gledd meg over at eg slo til og kjøpte felleski hausten 2017, det har gjort skilivet mykje lettare.
Her gjekk eg på ski for 8 dagar sidan...

No er vinteren over! Eg tenkjer at det kjem kanskje ein vinter til, med snø og kulde, også i år. Sjøl om det er vanskeleg å sjå for seg der eg gjekk i våt myr eller mellom kvitveistuene i skogen idag. Men uansett er nok skisesongen over. Så takk for turen! Vinteren er god å ha!

tirsdag 15. mai 2018

Vi skal ikkje sova bort sumarnatta

Så i kveld har eg gått tur. Og kjent lukta av våren, sett kveldslyset og sikkert sett 50 shades of green. Så utruleg fint! Og hadde det ikkje vore for jobb i morgon, så hadde eg gått endå lenger, og sett meg i ein stol ute og sett lyset bli vekk og kome tilbake igjen. Det er ikkje så langt mellom dei to tidspunkta no. Og enno skal det bli lysare netter, i over ein månad til. Og det skal bli grønare, men er det noko finare enn dei grønne fargene som er no når det akkurat har vorte grønt!?










Vi skal ikkje sova bort sumarnatta,
ho er for ljos til det.
Då skal vi vandra isaman ute,
under dei lauvtunge tre.
Aslaug L Lygre

tirsdag 1. mai 2018

Veke 18

Eg trur eg har klart å finne få bilder over til Dropbox no, iallfall bilder frå sist veke. Så her kjem eit lite tilbakeblikk. Ikkje berre det, eg har funne ut korleis eg kan vise bilder på tv-skjermen, direkte frå telefonen, og kjenner meg som eit teknisk vidunder!


På måndag fekk eg ny telefon. Her er litt av utstyret. #tekniskinnsikt


Tirsdag måtte eg klappe meg sjølv litt på skuldra. Denne fekk eg av svigermor i fjor. Den har overlevd vinteren, og den har overlevd at eg har potta om og delt den i to og den blomstrar! Bill.merk. #grønnefingre!


Onsdag var eg innom sjukehuset for eit lite inngrep. Eg fekk heldigvis seng og masse smertestillande. Det vart ein del venting, som forventa, eg las bok før inngrepet og syns synd på meg sjølv etterpå! No er eg mykje betre. #venting


Pga onsdag, brukte eg mykje av torsdagen på sofaen. Det blir litt hang-over... #sofadag


Fredag og eg prøvde ut ei ny oppskrift. Thai-inspirert laks med paprika og kinakål, med kokte byggryn til. Trur eg må teste ut byggryn fleire gonger, eg er ikkje heilt overbevist. #byggryn


På laurdag kom eg meg på ein liten tur. Ein eller annan gong i april har det vore gåsungar, men no er dei heilt klart ikkje ungar lenger... #vår


På søndag besøkte vi denne damen, og lange fleire, og kanskje særleg bonden!  #mohairgeit



mandag 16. april 2018

Veke 15

Dette var veka då våren kom! Like rart kvart år. Det går frå kuldegrader på natta og snø over heile plena til varme og sol og krokus og den første lunsjen på terrassen! Jippi for årstidene. Eg syns vinteren har vore super, men eg elskar våren også.

På måndag kjøpte vi nye fjellski til meg! Hurra! Kanskje rekk eg bruke dei før snøen forsvinn?
Gler meg til å bruke dei, sjøl om det kanskje ikkje blir denne sesongen.

Tirsdag, sol og småsko. Sjøl om eg likar ki og snø, er dette eit høgdepunkt kvart år.
Det kjennes som å fly! Akkurat her var det ikkje is heller, hehe.

Onsdagen tok meg frå bar asfalt til skitur. Seint på ettermiddagen, med full sol!
Det var fint, og føret var varierande, frå is i sporet til slush
Torsdag var det sceneskifte igjen. Årets varmaste dag, til då, var perfekt til båtpuss,
skifte av sinkanode på propellen og anna forefallande arbeid. Vi rakk å bli ferdige
til felles båtutsett i år også.


Fredag bakte eg fylte horn til dei som skulle sette ut båt på laurdag, og
litt til middag på fredag kveld. 

Laurdag var eg på familiedag på Sund folkehøgskole.
Her er utsikta frå øverommet til junior. den er slett ikkje ille!
Det var musikk og sang og latter og talar og informasjon fra alle
dei ulike linjene. Og god mat.

Søndag kome med sol og varme, og litt tid innimellom til å nyte dagen på
terrassen. Te og lesestoff og snø som smelta slik at vi nesten kunne
sjå korleis den krympa!

torsdag 5. april 2018

Jeg velger meg april

Påska er over, med sol og sol og sol. No har vi endeleg fått slik vær at vi har noko å klage på! Idag har det starta å snø, i rause mengder. Og no trur eg det er heilt normalt med snø i april, men at vi gløymer det, kanskje fordi påska er over? Det var tidleg påske iår, så at det snør i starten av april er vel ikkje så rart... Snø er kvitt og vakkert, (og upraktisk.)


Misforstå meg rett, eg gler meg til vår. Gjerne no snart. Vi har ein båt vi skulle hatt klar til utsett neste veke, og det krever både opphaldsvær og gjerne litt varme. Det er ikkje meldt det dei første dagane. Vegane er glatte, folk sklir rundt,
Eg vil gjerne sitte i solveggen, eg kan godt kle på meg, men sol, tekopp og lesestoff, ja takk! Det vart ikkje idag.


Påskeliljer i aprilsnø

Men eg har ved og varme klær, og ski. Så eg klarer meg vel ei stund til. Men om nokre veker, kan eg få litt vårkjensle då??
Så skal eg prøve å nyte siste del av vinteren først.

Dagens skitur. Nok snø. Lite folk ute.


Avisene er fulle av tilbud på grill, hagemøbler og lette vårsko.  Og ute er det .... snø!

Nedsnødd dame


JEG VELGER MEG APRIL
Jeg velger meg april
I den det gamle faller,
i den det ny får feste;
det volder litt rabalder,
– dog fred er ei det beste,
men at man noe vil.
Jeg velger meg april,
fordi den stormer, feier,
fordi den smiler, smelter,
fordi den evner eier,
fordi den krefter velter,
– i den blir somren til!

Jeg velger meg april, sa Bjørnson, og eg vel å halde mest fast på siste del: "-i den blir somren til!" Det blir nok iår også...
Men kanskje ikkje i kveld.

Det snør utanfor stoveglaset.

mandag 12. mars 2018

Måndag

Idag kjente eg brått på ein voldsom lengsel etter sol, varme, å kunne gå i småsko og utan ull. Det ser ikkje ut til å bli med det første. Eg fyrar opp i omnen med ein gong eg står opp. Det er på med vintersko og vinterjakke og ullskjerf før eg skal ut om morgonen.
Til helga kjøpte eg meg påskete og påskeliljer i krukke. Det er snart påske? Igår hadde vi rast i ei solside då vi var på skitur, det er varme i sola! Det går den rette vegen!


 Søndagsfrukost. Med påskeliljer og te.



På veg heim frå jobb idag kjøpte eg ein liten bukett tulipaner. Eg trøystar meg med blomster, og at været iallfall er stabilt, det er ikkje regn og glattis. Det er lenge lyst, sjølv om det snør. Idag igjen.


Og eg trur at når våren først kjem, kjem den brått! Men det er vel lov å drømme om varme, sjøl om ein likar ein stabil vinter!?
Kanskje eg skal finne fram påskedukane mine allereie?

mandag 5. mars 2018

Veke 9

Sist veke var ganske travel, slik eg huskar den. Det var musikarar og studentar innom, og ut igjen. Utlån av bil. Glede og ødelagte håp i samme rom. Fullt hus. Liv til langt på natt, og frå tidleg morgon. Eg var på jobb. Iskaldt ute. Vinter. Helgetur. Vises noko av dette i bilda eg tok?

På måndag laga eg ei stor gryte chili con carne, og etterkvart som huset fyltes av gjestar, hadde eg i meir bønner! Utmerka måte å drøye maten på #husmortriks Studentane sette pris på maten, det var fullt rundt spisebordet og eg gledde meg over livet i heimen (og syns det er godt når det roar seg igjen)

Tirsdag morgon på jobb. Petriskålene er klare til avlesning. Av og til kjennes jobben ut som ein rebus utan kjent svar, andre gonger er det meir rett fram. Uansett ei oppgåve som krever at ein er vak frå morgonen av! Og ordtaket "bedre og bedre dag for dag" gjeld absolutt her. Dette er livslang læring.

Onsdag og venteselfie på jobb.  3 minutt er ikkje lenge, iallfall ikkje lenge nok til å gå og gjere noko anna, men lenge nok til at ein kan leike seg med mobilkamera! (eg har tatt menge selfiar i det siste,  kanskje det må delast?)

Kontorutsikt. Gnistrande kaldt, iallfall til Trondheim å vere. På det meste nesten minus 17. Men når ein sitt inne og ser på sola, så kjem vårkjensla!

På fredag var vi komne til Romsdalen. Her er mitt favorittfjell i kveldsol, men sett frå ein litt annan vinkel enn vanleg. Blir litt poetisk av slike fjell, og byrjar sitere dikt inni meg, "Dei gamle fjell i syningom" , "No ser  eg atter slike fjell" etc.

Laurdag bakte eg ei slags Mor Monsen-kake. Eg bakar skuffekaker så sjeldan at det avgjort bør visast fram på bloggen! Og bakaren har førsteretten til smaksprøve, som du ser... Det vart såpass vellukka at eg vurderer ei reprise på eige kjøkken! (Eg laga kjøttkaker også, dei vart godkjent av pappa, og eg tek i mot husmorpoeng om du deler ut!)

På søndag og på heimveg igjen. Eg har mobiltelefonen full av bilder av fjell etter denne helga. Eg gjekk ikkje ein einaste tur på fjell, men eg såg dei rundt meg på alle kantar, og dei var så fine! Det kan bli ein bloggpost med berre fjellbilder etterkvart!


Grunnen til at vi var heime, var begravelsen til ein onkel. Det var ein fin dag, midt oppi alt. Han var glad i fjell, turar og særleg å fiske. Ein av sangane var "Har du fyr", og den er så fin at eg må dele den med deg her og no.  Lytt og nyt!