Viser innlegg med etiketten oktober. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten oktober. Vis alle innlegg

mandag 28. oktober 2019

Oktoberslutt

No er straks oktober historie. Idag var det mørkt når eg gjekk til jobb, og mørkt når eg gjekk heim (no skal det seiast at eg satt litt lenger enn vanleg på jobb) Men eg er ikkje så glad for vintertid... eg treng dagslyset!
Sidan bloggen lever litt sitt eige, einsame liv for tida, tek eg eit slags oppsamlingsheat for oktober, og gir deg nokre bilder!

Matpakkelunsj.
Det som er trist om morgonen, smakar
alltid godt til lunsj! Sjølv tørt brød med brunost.

Ut på tur, aldri sur! Og sol! 

Sakte helgefrukost.
Den beste luksusen eg veit
(særleg no når eg står opp kl 6...)

Plutseleg var det frost.
Og ringblomsten måtte gje tapt.

26 år sidan vi gifta oss.

Togtur over Dovrefjell.
Langt der bak er Snøhetta.

Den finsaste utsikta! 
Dukkevogna mi og dukkene fekk
vere med heim att!


Fredagspizza.

Meir tur og meir sol.
Og haustfarger!

Eg har tatt influensavaksine.
Det er jobben, ikkje alderen! 
Oktoberhimmel.
Så glad for kamera på mobilen til å fange
slike øyeblikk


Den første snøen. 
Dette var nokre glimt frå ein hektisk månad! Håper du får ei strålande veke!

fredag 4. oktober 2019

Endeleg oktober

Oktober er fin! (og fredag i oktober; endå betre!)
Vi har bryllupsdag snart og i slutten av  har ingeniørstudenten fødselsdag. I tillegg har eg ei, sikkert håplaus, forventning om rolegare dagar! Optimistar skal ha eit betre liv, har eg høyrt!

September var travel med operasjon, å  komme igang etter operasjon (eg kjem aldri til å innrømme det, men det har kosta meir krefter enn eg trudde å komme igang igjen), alle helger har hatt program og eg har denne jobben der eg enno er ny og usikker.

Eg drøymer om betre tid til å lage skikkeleg middag, handle slik at det ikkje er tomt i kjøleskapet, å ta unna klesvasken etter kvart, overskot til å trene og naturlegvis pågangsmot til å lære det siste på jobb.

Til no har oktober vore bra! På jobb har eg kome litt meir inn i sangersekvensering, eg forstår meir av filsystemet og eg brukar ikkje lenger nesten 50 % lengre tid på å gå til jobb enn før operasjonen. Eg kjenner fleire av kollegaene, men namn kan eg jobbe litt med enno... Heime har vi hatt middag fleire dagar på rad, og kleda eg vaska i september har snart funne vegen tilbake til plassane sine, det står pr dags dato berre to plastbakker med klær i stova og eit stativ som kunne vore tømt... koret øver til konsert i slutten av oktober, og det kan vere at eg klarer lære meg sangane i tide, men det er hjernetrim og konsentrasjonskrevande på ein heilt annan måte enn resten av det eg driv med. Ikkje tek det nattesøvnen min heller.


Å trakke i ein islagt dam...


Langt der nede er byen og fjorden

Lange skuggar i oktobersol


Og idag har eg vore i skogen! Det var sol! Kroppen likte motbakkar, eg fann litt tyttebær og eg fekk kjenne på hausten på sitt beste!


fredag 12. oktober 2018

Vindmøllekamp og andre ting eg ikkje har gjort før

Eg vann mot vindmøllene! (sjå forrige innlegg) Eller, vi fekk igang ein samtale og fann ei løysing. Eg trudde nok vi skulle kome til det, men det er alltid litt spennande medan vegen blir til (eller som ei eg kjenner sa "båten blir til mens vi ror") Idag hadde vi ein riktig hyggeleg samtale, og har ein avtale vidare, om det skulle bli nødvendig. Puh, då kunne eg senke skuldrene.

Pappa (88) og eg plukka litt epler på søndag.

Sist helg var eg i Romsdalen. Der var det mykje frukt. Eg fekk to typer epler frå svigermor, og vinterepler og pærer frå pappa. No er matbua full av frukt og det luktar godt i kjellaren!
Men i tillegg til å ete epler og pærer til frukost og lunsj, det er så luksus å ta fram epler frå pappa sin hage til lunsj, så må eg gjere litt meir med frukta, elles er eg redd dei blir ødelagte. Eg har laga eplekake. Eg funderer på eplesaft, det gjorde vi i fjor, det krever berre at eg er heime nokre dagar på rad. Det er det litt knapt med for tida.
Og eg har hermetisert pærer! Det har eg ikkje gjort før. Men eg hadde jo pærer. Eg har Norgesglass og eg har opptil fleire oppskriftsbøker. (Vrange tunger vil ha det til at vi har fleire kokebøker enn strengt tatt nødvendig. Eg forstår ikkje kva mannen meiner med det. Sist vi talte opp var det ikkje meir enn 43...) Eg googla litt, las litt og sette igang.

Perfekt bloggepære
Med blad og stilk!

Pærebåtar koker i sukkerlake

Nyvaska Norgesglass

Iallfall, hermetisering av pærer er ikkje så vanskeleg, men det tek litt tid. Det skal vaskast glass og strikk, og frukta skal renskast og delast opp. Det skal lagast sukkerlake og frukta skal kokast og over på reine, varme glass. Uansett korleis eg gjer akkurat det, blir det kliss med sukkerlake... eg vaska igår og eg vaskar idag, men nye klissete flekkar dukkar stadig opp! Det blir vel bra etterkvart.

Resultatet

Men til slutt: 3 glass med hermetisk frukt! Snakk om husmor!

Og i morgon reiser eg til Oslo for å treffe studievener. Det er 25 år sidan vi var ferdige bioingeniørar. Kva har skjedd sidan sist!?

lørdag 6. oktober 2018

Sceneskifte

Romsdalstur.  Det virkar som at hausten har kome lengre her, kanskje fordi fjella er nærare og det er kvitt på toppane?




Epler og pærer det henger på trærne, 
Når de blir modne så faller de
NED!
(Eller det er haust storm. ..)