Sist veke var det på tide å få båten på land. Det høyrtest så enkelt ut, syns eg, når folk snakka om det før. Eller, det eg eigentleg tenkte, medan eg nikka interessert, var "skrekk og gru, så glad eg slepp!" I fjor låg eg søvnlaus dei siste nettene før alt skulle gjerast, eg var nervøs og hadde lite oversikt! Iår tok eg lettare på det! Men fort gjort er det ikkje...
Alle desse, og fleire, ligg klar for vinteropplag.
Onsdag var vi og lånte hengar og henta båtkrybba* vi skulle låne. Torsdag flytta mann og son båten 18 nm til vinterlagerplassen. I regn. Lite vind, så det var visst mest motor. Fredag sette vi opp båtkrybba, i pøsregn. Laurdag kom, med litt regn og etterkvart sol, og det var dugnad for å løfte alle båtane på land. Trur det var 15-20 båtar som skulle opp.
Vi sett opp krybbe, i mørke og regn!
Men eg har sydvest!
Interessant observasjon frå sidelinja, dette er ei manneoppgåve. Eg var den einaste dama som var med. (Vurderer neste år å leve meir opp til kjønnsrollemønsteret, eg skal vere med på dugnad, og stille med kake til alle) Eg er ikkje så aktiv i alle oppgåver, sidan eg høyrer så dårleg og er heilt utan retningshørsel, er eg ikkje aktiv i sjølve heiseoperasjonen, men eg er god på rydding og ikkje minst å bruke høgtrykksspylar. Det er artig og! Laurdag kveld var roleg, det var godt å fyre opp, lage ein enkel middag og sige ned i sofaen!
Undervegs i arbeidet.
Mann vaskar båt. I sol
No står det att å pakke båten inn, det bør skje før snøen kjem.
Det er litt vemodig at sesongen er over. Og det er litt godt. For no er det haust, og hauststormane er på veg. Det er kaldt på fjorden, og i fjorden no. Vemodet er at no er det slutt, idag var set så fint lys, då hadde det vore fint på fjorden, uansett... Samtidig kan eg glede meg over langturen i sommaren! Alt vi såg og opplevde, og ikkje minst alt eg mestra!
Satsar på godværssegling, solnedgangar, frukost på dekk og lave skuldre til neste år og! Men først er det vinter og andre sysler på programmet. Og til våren båtpuss og reparering av småting og utsett av båt.
Krølla hår er ofte artig. Det er lett å få volum idet. Krølla hår er litt eigenrådig, iallfall det eg har. Kombiner det med båt, vind, regn, saltvatn... Yepp, det blir mykje artig av slikt!
Etter 7 dagar i båt er eg heime, klar (sånn litt) for ei veke jobbing. Eg syns kjøkkenet gynger, og eg gler meg til å sove i senga mi og ha do innan kort rekkevidde. Det er ikkje så stas å vakne kl 3 og måtte på do, kle på seg, klatre over nabobyen og rusle til sanitæranlegget i regn...
Men vi har hatt det fint, med sol, regn og vind. Trangt i båten, men mykje mindfullness og så mykje fint å sjå! Det kjem inntrykk og opplevinga i veka som kjem, under kategorien 'ut av komfortsona' og 'Kirsti gjer ting ho ikkje har gjort før'!
Men no er eg heime. Orkideen min sto i full blomst som velkomstkomite, og eg skal sove!
No kjem bilde på bilde med skryt, av båt og vær og meg sjølv. Du er advart!
I helga har eg vore på testtur. Eg trong det, dersom ferieplana skal gjenommførast (den er litt avhengig av vær og slikt også) eg måtte ha ein litt lengre tur med båten, med innlagt overnatting. Værmeldinga var ikkje så allerverst, ifølge Yr skulle det iallfall vere opphaldsvær. Kanskje til og med sol? Mannen meinte det kunne bli lite vind, og kanskje mest i feil retning, men vi la ut på laurdag.
Ja, etter å ha sove lenge, ete lang frukost, og handla diverse samt pakka. Då er det brått ikkje så tidleg på dag lenger, men pytt, det er lyst lenge (og eg visste igrunnen ikkje kor lang tid vi måtte berekne å bruke heller. Eg har lært litt om fart og knop og nautiske mil og kart og slikt i helga)
Pikkpakk i båten, klar til tur!
Det med vinden stemnte, det var lite av den. Før det vart mykje vind, rett mot. Kvittoppa bølger, sol og vassprut. Saltvatn i håret er vel bra? Litt kaldt kanskje, men eg vart iallfall ikkje sjøsjuk. Ikkje vart eg redd heller, det hadde eg vorte i fjor om nokon drog med meg på slik fjordferd. Vi las kart og rekna og tenkte og fann hamna vi skulle i, og omtrent kor lang tid det ville ta.
Det plaska godt!
Treng ikkje vindmaskin på båt i motvind!
Det var tid til litt sol på leggane!
Det er ganske sakte med seglbåt, enten den går for segl eller motor. Lite bråk og lite fart. Iallfall når ein går for motor og det er stabil (om enn litt ruskete) sjø. Når ein kjem inn i rytma, er det litt mindfullness. Det blir tid til tekopp, aviser, løse kryssord, prate, sjå utover fjorden (på tur tilbake såg vi mange niser som dreiv ein slags synkronsvømming rundt båten) og bli litt solbrent på nasen. Eg vurderer fat med høge kantar til servering i båt, evt kun doble skiver servert i serviett, for då eg hadde smurt skiver i fart igår og skulle sende dei opp til mannen ved roret, kom det ei litt brå bølge, og vips låg all maten i dørken... Pytt, berre kjentfolk og kjente fugleartar som har opphalde seg der.
Mat før brå bølge
(illustrasjonsfoto)
Framme i gjestehamna i Sivertsvika var det lett å finne båtplass, sol, stille og roleg, reint og fint på sanitæranlegget, lett å få fyllt diesel. Alt vel altså! Vel til kai vart det fiskesuppe, så eit liten runde for å sjå seg rundt og til slutt ein fabelaktig solnedgang! Klisje på klisje med farger og lys og skyer!
Etterkvart vart det natt, eg blir grusomt trøtt av slik uteliv. Planen om å sitte lenge og lese og småprateutgjekk. Eg sovna og vakna av ein lyd og med mitt litt reduserte nattsyn utan briller, såg eg båtmaster som sklei forbi utan for vindauget. Skvatt litt, for eg byrja lure på om vi hadde byrja drive frå kai... Heldigvis viste det seg å vere ein anna båt som kom seint!
Mann og kone et fiskesuppe.
Kveldsstemning
Solnedgang
Utpå morgonsida måtte eg på do, og då eg kom ut på dekk hadde sola allereie stått opp. Det var blikkstille fjord, heilt stille rundt meg, alle andre sov nok, fuglane gnei enno søvnen ut av auger og nebb, eg såg berre ein hegre som letta frå moloen. Inn fjorden kom hurtigruta sigande, og det var nesten vanskeleg å gå og legge seg igjen. Men halv seks er litt tidleg start...
Då eg omsider sto opp på rett, vart det egg og reker til frukost på dekk, nybrygga te i kanne, kryssord og god tid. Vi snakka med folk i dei andre båtane, og det skal båtfolk ha, dei er veldig hyggelege. Vi snakka båt og modell og pluss og minus med det eine og andre. Vi fekk gode råd om Hustadvika og segling i ferien, historier om båtbyggarar og tur i Karibien.
Men vi skulle heim igjen, vi måtte berre vente til vaffelsalget starta. Det er nemleg vaffelsalg kvar søndag! Mette på både frukost og nystekte vaflar, med ferdig rydda båt og ved godt mot, la vi ut på fjorden. No var det vind! I rett retning! Det tok litt tid før vi fann rytmen og rett stilling på segla, men så fekk vi ein så lang segltur som vi aldri har hatt før i eitt strekk! Litt ruskete i overgangen mellom to fjordar, men eg trua ikkje med å hoppe på sjøen denne dagen heller. Eg kunne sitte i short og tskjorte og jobbe med d-vitaminsanking og brunfarge (note to self: solkrem på nasen neste gong, den vart gløymt i går. Kirsti er raud på nasen!) Det vart vindstille akkurat då vi låg i leia for ferga, og der bør ein jo ikkje bli for lenge. Så vi starta motoren og gjekk siste stykket tilbake til rett plass i Trondheim. Litt sliten, og veldig fornøgde. Kanskje blir det ferie i båt i år?
Vind i segla
Tenk deg at horisonten er horisontal...
No er det måndag igjen. Det er 2 veker til ferie. Det er lite folk på jobb, det gjeld å halde humøret oppe. Ein båttur gjev ei kjensle av ein liten ekstra ferie. Det er bra!
Det er klart for vekestart. Eg likar Odd Børretzen, han har fine tekster om segling, og livet og slikt. Og på min første tur i ei gjestehamn, passar det med denne sangen; "Tønsberg hamn". Då eg var oppe midt på natta, kunne det virka som om alt var stille, men neida!
Lytt og nyt!
Og ha ei strålande veke, på sjø eller land!
Vi har båt!
Ein Hallberg Rassy på 29 fot frå 1985. Båten har vore på plass i over ei veke. No er masta oppe, riggen er klar, vi har vant og segl. Vi har hatt rev i segla på tur, og det har ingenting med at eg jobbar ved Veterinærinstituttet å gjere. Ikkje noko med Ylvis og "What does the fox say?" heller. Eg utvidar ordforrådet kvar dag; det går i stag og fokk og knop. Nautiske mil og nye knutar. Segle på kryss? Ikkje noko problem, men å forklare det er verre...
Vi har segla i vind og stille(eller då var det vel eigentleg ikkje segling?) Vi har hatt oppe segla fleire gonger, både med hjelp av støttekontaktane(hurra for naboar som kan segla og har tid til å vere med på tur) og åleine. Eg veit forskjell på storseglet og fokka. Vi har lagt til og frå kai, det første er verre enn det siste. Men vi har gjort begge deler og framleis vore vener etterpå. Det er jo laga både filmar og sangar om kor ille det kan gå. Båt er ein slags ekteskapstest! Eg hoppar ikkje i land når det er meir enn ein meter til kaia. Eg hoppar ikkje i det heile, eg stegar i land, og eg knytter fast båten.
Ut på tur! Både storsegl og fokk oppe.
På sikt skal eg lære meg å legge til kai sjøl også. På sikt. Enno kan mannen få øve meir, med meg som sidekommentator og synsar. Men slik i tilfelle mannen ein dag får bommen i hovudet, må eg vel kunne å legge til kai.
Mannen syns eg lærer fort (snill mann som forstår at det er smartare med ros enn mas!)
Ved roret!
Og no lurer eg litt på kvar sjømannskunnskapen min kjem frå. Kan det vere arv?
Bestefar(morfar) hadde rutebåt; MB "Vega". Han gjekk mellom Eidsbygda og Molde på 30talet og under krigen. Han måtte nødvendigvis kunne å legge til kai og fortøye.
Då han vart eldre, rodde han ofte på fjorden for å fiske til eige bruk. Han røkte fisk og laga tørrfisk. Då mamma var lita, hadde ho eit styrhus frå ein gamal båt som leikestove.
Solnedgang i Trondheimsfjorden
Oldefar(på den andre sida av slekta) sydde klær og rodde/segla fra Romsdalen til Lofoten på vinteren for å selge under Lofotfisket. Det er eit godt stykke!
Då han skulle bli far for tredje gong, tok han med sonene på 5(som vart min bestefar) og 3 år på fisketur. Då dei fekk ein fisk, brukte han den same fisken gong på gong, utan at sonene oppdaga det, slik at gutane glade og fornøgde kunne dra fisk, og vere tålmodige slik at dei kunne vere ute lengst mogeleg. Eg veit ikkje kor lang tid det tok, men tilslutt gjekk dei i land og fekk møte veslesøster Solveig.
Pappa segla, som tidlegare nemnt, i ung alder. Han var på sildefiske ved Stadt fleire vintrar på 50talet. Og dei siste åra har han fiska mykje i fjorden heime. Og saman med pappa har eg sett mykje garn i fjellvatnet ved hytta. Eg har lært meg å ro i rett fram, for fisken gjekk ikkje på garn som står skeivt, så vidt eg forsto. Og han prøvde å lære meg gode knutar å knyte fast båten med. Dei sitt dessverre ikkje som spikra i hukommelsen.
Teakbestikket er arv etter tanta Marwild, og det er ho som har måla koppen min.
Eg har hatt onklar som fiska. Huskar godt då eg fiska med onkel Iver og vi fekk storsei på 8-9 kg. Eg var kanskje 10 år, og fisken virka like lang som meg og eg var litt usikker på om båten ville velte. Stolt fekk eg med meg fleire fiskar heim til mamma.
Eg fiska med onkel Kåre også. Han lurte på kva fisk eg ønska meg til middag, eg sa "aure". Så dorga vi langs eit nes, og vips, der beit auren på! Truleg mest flask, men eg var mektig imponert! Så sette vi kurs til hytta deira og fisken vart stekt av tante Marwild og servert med nypotet med eit dryss av dill (som eg ikkje likte, men det gjorde ingenting akkurat då) og rømme. Eigentleg fortener den hytta eit eige blogginnlegg, for der var eg mykje og levde som ei prinsesse!
Fjorden eg voks opp ved. Det går an å ha båt her!
Eg har vakse opp ved fjorden. I ei rekkje av bønder som fiska til eige bruk -for å ha mat. Båtlivet var nok meir nytte enn kos, sjølv om eg mistenker at enkelte kan ha rodd seg ein tur ein sommarkveld av rein glede.
Vår båt skal vere meir kos enn nytte. Det er planlagt at den skal virke blodtrykkssenkande og gje lave skuldre (altså må vi øve meir på å legge til) Vi har hatt ein test, med lunsj i båten, tekopp og aviser. Det var særdeles avslappande! Vi skal samarbeide om å segle, sakte i solnedgangen og litt kjappare i solgangsbris. Egg og bacon i morgonsol, og kanskje ein fisk i solnedgangen? Då kjem det godt med at eg har så gode sjømannsgener!