søndag 13. desember 2020

Luciadagen

Eg er ein hamster. Eg samlar på ting. Eg likar tradisjonar. I kombinasjon med jul og advent.... 

Eg har skrive om Luciadagen før, berre les her Eg fekk aldri vere lucia Eg har kome over skuffelsen, og tek att med å pynte til Lucia, med alle dei Luciatoga som er å oppdrive!



Desse fekk eg til jul i fjor.


Kjøpt på salg i vår


Og Lucia og 3.søndag i advent samme dag gir ein litt saktare start på dagen og tid til levande lys. Og skulle eg finne fleire Luciatog, blir dei med heim!

torsdag 10. desember 2020

10.desember

 Dagar kjem og dagar går. Det er desember, eg spelar julemusikk, et klementin, skriv lister. Men mest er det vanlege dagar med tidleg opp, gå på jobb, heim og ete middag og prøve å ta unne klesvask og rydding. Då er det fint med dei små stundene med gullkant.

Soloppgangen sett frå 5.etasje på jobb.

Tekopp og havrekjeks.



Soloppgang i skogen


fredag 4. desember 2020

4.desember

Eg hadde ein tanke om eit lite bloggskriv kvar dag i advent, men sidan vi no er på 4.desember, ser det ut til at det ikkje blir....

Men eg kan jo skrive når eg rekk det?

Eg er veldig glad i NRK Klassisk, og i desember blir det
NRK Jul. Eg høyrer julemusikk allereie. 

Eg har vore litt sliten i det siste, og tenkt at iår skal eg ikkje lage så mykje mat. 
Det kan tenkast at den planen berre blir langt til side, for når eg startar blir eg fort ivrig...
Dei to siste dagane har det vorte både lammerull og grisesylte. Begge deler er prøvesmakt,
godkjent og pakka ned og lagt i frysaren. 


Julekoppane er på plass i skapet. Eg er ikkje så flink på å ta bort
ting til vanleg, men til jul klarer eg rydde plass i skapet
slik at julekoppane får plass. Dei raude er forresten vinterkoppar,
og får stå framme til utpå våren ein gong.


Og plutseleg er eg tilbake med litt advent frå meg til deg!






lørdag 28. november 2020

Koronovember

 Eg er litt sliten, av november og korona. Og kombinasjonen. Eg trur ikkje eg er åleine heller. 

Avisene skriv om det, det er tema i radio og tv. Jula blir ikkje som vanleg, seier dei. Kvardagen er ikkje vanleg.

Ofte tenkjer eg at eg ikkje er så ramma. Eg bur ikkje åleine, mannen er jo her heile tida. Heimekontor sidan mars på han. Ungane er innom innimellom. Eg er på jobb, som vanleg. Litt heimekontor som variasjon enkelte dagar. Eg reiser til Romsdalen på besøk, eller eigentleg er eg ikkje på besøk lenger, vi har jo eige hus (meir om det ein annan gong) Eg treng ikkje reise kollektivt meir enn ein sjeldan gong, men eg har sydd munnbind og er alltid beredt.

Men eg merkar det jo, det er mange ting som skjer med korona i verda. Sitte saman med kven ein vil i lunsjen? Nei. Berre med dei eg jobbar tett med, og helst på god avstand frå dei og. Møter er digitale, nesten alltid, eg saknar å sitte på møter der vi ser kvarandre og og ansiktsuttrykket når eg foreslår noko. 

Det går an å gå i skogen. Det går an å invitere med seg andre,
ta med kaffe og te og prate medan ein går. 


Eg saknar å spontant kunne inviterer nokon på middag eller kveldsmat, og då helst ein heil gjeng. Til sommaren kanskje? Eg saknar å kunne snakke med nokon utan å halde god avstand. Eg saknar å handhelse, eller klemme eller halde rundt nokon. Eg er lei av å vurdere kva som er lurt og ikkje. Eg er ikkje åleine om det heller...

Eg har sett blomsterløk, dei bryr seg ikkje om korona, og
eg gler meg til dei spirar til våren

Eg har møtt folk på kafe, med god avstand,
til god prat. 


Eg saknar å snakke om været! Alle samtalar handlar om korona. Vaksine, jobben min, køkultur... Korleis blir jula? Påska? Sommarferien? Hos frisøren, med tilfeldige folk i butikken, naboar, alle snakkar om korona. Ingen snakkar om is og snø eller sol og solnedgangar. 

Tur i solnedgangen, det er smittefritt!

Digitalt teselskap er betre enn ikkje noko teselskap.
Og då må ein finne fram den finaste koppen og den "nye" tekanna.


Men eg er jo heldig, eg er frisk. Eg har vener, familie, jobb. 

Ringblomster som ALDRI gir seg

Å ha ein stad å reise til.
Å ha ein stad å høyre til.

November er snart over. Desember med lys og varme, juleførebuingar og alt som høyrer til, ligg rett framom oss. Det blir bra, trur eg. Og korona varer ikkje evig!

fredag 27. november 2020

Nesten desember

 Denne blogginga går litt den vegen høna sparkar.

Men no er det snart desember, og eg har tatt fram adventspynten. Lysa kom opp for fleire dagar sidan, etter "ordre" frå dei som styrer. Dette året treng vi lys! 



Dukar, englar, musikk etc skal få kome fram litt pø om pø. 

onsdag 4. november 2020

torsdag 24. september 2020

Haustklisje

Det er altså så fine farger for tida. 

Turen til og frå jobb er full av gode motiv, så eg har kameraet fullt av klisjefylte bilder med haustidyll! Berre litt dit og om eg klarer å fange lyset her...og vips har eg brukt litt ekstra tid. (alt regnværet derimot, det gløymer eg å ta bilder av!)





Men enkelte bilder er meir klisjefylte enn andre. Dette her konkurrerer med nakne tær i grønt gras, tær på sandstrand og tær i snøen! Akkurat no er dette kanskje det finaste eg veit! 


Å vasse i haustlauv. 

onsdag 23. september 2020

Eg, ein hamster

 Hausten er ei fin tid for oss som likar å hamstre! 

Eg har plukka blåbær, bringebær og tyttebær. Eg har ete masse bær når eg har gått i skogen, og eg har mi eiga multemyr der det i år var mogeleg å finne langt meir enn til multekrem i jula. Mannen hjalp meg å få tak i rognebær, for som kjent "høyt henger de" og eg har laga gele til viltmiddag og viltsaus. Eg har vore invitert til bærplukking i fleire hagar, og eg har sylta stikkelsbær og eg har kokt ripsgele.

Gelekoking


                                                   

Og i går fekk vi levert kjøt frå geitekje på døra. Det er delt opp og pakka og noko ligg i salt for å bli spekekjøt(det heiter neppe fenalår når det er frå geit...)


Det er mannen som plukkar sopp. Eg kan berre kantarell...



Mi indre husmor reknar  husmorpoeng og boksar med syltetøy og reknar ut kor ofte eg kan ta opp tyttebær og likevel ha heile vinteren. 

Men no er snart sesongen over for i år... eg finn nok noko anna å hamstre (sko kanskje?)



lørdag 19. september 2020

Knoll og tott?

 I serien "Kirsti prøvar og feiler": 

Georginer

Eg har forsåvidt ikkje feila, enno.





I vår fekk eg tilbod om georgineknollar frå svigermor. Eg tenkte at her har eg lite å tape, så eg tok dei med... Svigermor sa at eg kunne plante dei i potte, så det gjorde eg først. Slo fort fast at det ikkje gjekk, dei vart fort altfor store. Så eg måtte ordne eit bed. Eg tenkte at dei skulle ta ca halve bedet, og sette ei roseplante og nokre ringblomster der også. Vel... rosa har eg flytta og ringblomstrane har vorte vekk... Trur dette var veldig godt fostra knollar, for no er dei over ein meter høge.

Etter kvart vart det knoppar, og no er det masse blomster. Som eg nyut ute, som eg plukkar og sett i vase inne og blandar med dei andre blomstrane eg har i krukker ute. Eg kosar meg!




Men... eg har byrja lese meg opp, og er veldig spent på temperaturutviklinga, når kjem frosten, når skal eg klippe dei ned, når skal knollane opp? Google er min beste og verste ven, eg les hagebøker og diskuterer med andre georgineeigarar. Eg lurer på om eg har passande kasse å lagre dei i, må huske å tørke ute først, slik at dei ikkje rotnar så inn i kjellaren. Skal eg satse på matbua eller vaskerommet? Og ikkje minst; når skal eg ta dei fram igjen til våren?! 

(og vil nokon oppdage det om eg ikkje klarer å få dei til å overleve, og kjøper nye neste år?!)



"Nytt liv av daude gror"

I vår, då koronaen senka seg over landet og våren aldri kom. Snøen derimot, den kom i mengder. Då rydda eg i blomsterpottene frå i fjor, og fann ein vissen, bortimot død stakkar. Identifiserte den som ei potterose som nok haddde vorte ignorert på det grovaste i fjor haust. Eg tenkte at her har eg lite å tape, så eg klipte den ned og tok den inn i huset og ga den stell, vatn, lys og kjærleik.



Den var litt pjusk i starten....


Den kom seg. Fort!

Då sommaren kom, planta eg den i ei plantekasse bak huset. Det viste seg å ikkje vere så lurt, for rådyr likar roser... Så eg sette den tilbake i potte, ei større denne gongen, og plasserte den på rådyr-trygg grunn. Og den har vakse, og sist eg rekna over, hadde den 14 knoppar! Eg er litt spent på om den vil rekke å blomstre før frosten kjem...



No har den kome seg :) Eg må stoppe og sjå litt på den kvar dag når eg går til jobb!



Og eg er spent på om den vil overleve ein vinter til?! Kjenner eg har litt å leve opp til no.


søndag 9. august 2020

Søndag kveld

Frukost i det fri
Søndag kveld er ofte litt vemodig, det er slutt på å sove lenge, gjere som eg vil, la humla suse... Det er tilbake til vekkeklokke og matpakke. No burde jo ikkje det komme som ei overrasking, sidan det skjer kvar veke, men mykje vil ha meir, og det har nettopp vore sommarferie.

Men idag sette eg meg i sola og tenkte tilbake på veka som gjekk, og fann mange gode ting som godt kan huskast på, og kven veit, kanskje blir neste veke slik også?!


Klassisk sommarbilde
-barbeint i graset-
  • fredag var det sol og varmt, skikkeleg sommar og bikini og shortsvær. Alle måltid ute, klestørk og tid til å lese bok.
  • laurdag gjekk eg tur. Eg viste kvar eg starta, eg viste kvar eg ville, men mellom der måtte eg lese kart og finne fram sjølv. Det gjekk bra, det var sol og varmt, eg hadde stilletid åleine i skogen og eg fann multer og blåbær. (muleg eg ikkje gjekk heilt lovleg ein stad, men pytt...)
    Glad dame på tur
  • eg har fått tekstmeldingar frå folk som bryr seg, som spør om ting som berre eg og den andre deler. Det er godt å bli sett.
  • sist helg var vi på tur med gode vener, fantastisk vær, natur og solnedgangar. 


  • eg har fått ny sjef, som samtidig er ein tidlegare kollega. Det er fint!
  • vi har hatt fin familiemiddag med nesten heile kjernefamilien
  • blomstrane mine blomstrar. Nokre syng på siste vers, nokre er midt i blomstringa og nokre er i ferd med å folde seg ut. Eg har blomster i nesten alle rom inne. Det er luksus! Og eg samlar frø frå både erteblomster, ringblomst og blomkarse, slik at eg kan så neste vår. Prøvar dessutan å tenkte på korleis vi skal ha hagen bak huset, og framleis sette pris på å ha rådr der. Dei er litt for glade i roseknoppar og blomkarse og jordbær...

  • skogen er full av bær, eg treng berre litt meir tid, så skal eg ut og plukke meir. Bringebær, blåbær, multer...

  • eg har gjort unne eit år i den nye jobben! Det har gått både fort og sakte. Det har vore noko nytt rundt alle svingar, eg har strekt meg og lært masse nytt, og innimellom vore så overvelda. Men etter ferien merka eg at eg har langt frå august i fjor! Det er godt!
  • eg har vore i fødselsdag hos lillesøster, med antibac og god avstand, kjekt å treffe folk og få god prat og god mat.
  • eg les den siste boka om "Elling", og veit ikkje om eg skal le eller gråte. Den er så bra, og så vond! 

AUGUST
Slutten er vakrest
hvisker svaberget og
løfter den brune kroppen
din litt nærmere solen
vakrest er slutten og
august presangen til
dem med hjerte
for sirisser
rognebær og
solnedganger
Arne Ruste

Eg er så glad i dette diktet, kanskje fordi august er min månad, med fødselsdag. Men samtidig er det månaden for oppstart, av nye ting, men også for fortsetting. Det er hausting av bær og grønsaker, det er jobb og skule og aktiviteter, ting kjem tilbake til kvardagen. Og eg er eit vanedyr, eg likar rutiner og kjente ting. Det er då eg lettast kan ta til meg det nye! 
Ha ei god veke!
"Count your blessing, instead of sheep!"