lørdag 15. februar 2020

Folk eg er på nikk med

Eg går ein del på ski. Eg likar å gå på ski. Ut i skogen og over myrene.



Når ein går på ski, møter ein andre som går på ski. Ein møter ulik folk etter kvar ein er i marka. Og når på døgnet, eller kva vekedag det er.

I motbakkane rett etter parkeringsplassen blir eg rask forbigått av ein som sist kjøpte nye ski i 1980, for då slutta han å dra pulk og tenkte han skulle teste desse nye glasfiberskia alle snakka om. Han kjøpte nye treningsklær samtidig. Alt er godt brukt, han er lang og tynn og det ser ikkje ut som han går så fort, men det gjer han.

Går eg på formiddag ein fridag, møter eg han på godt over 80 som er på tur tilbake bilen, når eg såvidt har starta å gå. Han vil gjerne stoppe for å prate, han er på tur heim til kona -ho er ikkje så sprek lenger- og dei skal drikke formiddagskaffe. Han har ikkje vore så langt i dag "berre rundt om til Bratsberg og tilbake over Liaåsen, og kanskje ein sving om Rossmoen". Tru meg, dei fleste går ikkje så langt.

Pass deg! Brått kjem det ein med pulsklokke!

I lysløypa etter jobb møter eg han som har pulsklokke og ALT nytt i både ski og stavar og bekledning, som slett ikkje slår av ein prat, som kavar på, med Birken eller Marcialoga i blikket. Og nåde deg om du sinkar han i ein motbakke. Han er ca 42 og er svært nær ei midtlivskrise!  Eg møter også han som har betre råd enn form, og som intenst håpar på at alt i utstyr vil gje han god form, helst utan trening... men har han er allereie i midtlivskrisa!

På formiddagen kan du forresten også møte damene med boblejakke, nystelt hår(dei brukar ikkje lue, til nød pannebåd, og går aldri i dårleg vær) dei har sminke ein Grand Prix-fest verdig, og det er rettast å seie dei trippar avgarde. Sakte. Gjerne med ein bitteliten hund, evt ei venninne ved sida. På tur til nærmaste stad med kaffe og kanelbolle.

Nye løyper, "trikkeskinner", sol, og eg er på 
det høgste punktet i marka.
 (svett og andpusten) 

På søndag møter du barnefamiliar, førebudd på alt, med eit håp om å komme litt lenger enn sist søndag, med oppakning for dei fleste forhald, kriser og behov. Pølser, bleiar, ekstra vottar, sitteunderlag, ved til evt bål, akebrett og bærmeis. Og pulk. Dei fleste kjem ikkje så langt før baktroppen er kalde/ våte/ tørste/ har blitt dytta/ insisterer på å gå først/ ikkje vil gå lenger +++. Men av og til møter eg desse familiane langt inn i marka, det er solskinn og idyll og pølser på bål.  Det fortener dei!

Naturlegvis møter eg andre også, som kosar seg med nye løyper. Unge og gamle. Folk eg seier hei til, eller iallfall er på nikk med. Nokre går fort, andre glir avgarde. Det er folk med kondomdress, og andre med nikkers. Ryggsekk eller rumpetaske. Vi kan diskutere skismøring, det er vel blått som gjeld idag? "Nei, eg har kjøpt felleski", ja, kan du anbefale det?, og så snakkar vi litt til, skryt av dei som kjører løyper, før vi går kvar vår veg.


Og så har du meg. Som berre går på ski!
(Eg kjøpte felleski for 3 år sidan, eg har skidress frå i fjor,  eg er litt opphengt i kor lag tid eg brukar på faste rundar, eg veit kor mange turar eg gjekk i fjor. Eg veit om dei skjulte perlene i marka, der det går lite folk. Eg likar ikkje å bli forbigått, eg vil helst gå forbi dei eg når att. Eg tek det roleg i nedoverbakkane. Eg høyrer skiløypene rope på meg, og er innom skisporet.no mange gonger pr dag når det snør for å sjå om det er kjørt løyper. Neida, eg kjem nok ikkje inn i noko gruppe!)

lørdag 8. februar 2020

"Eit bilde kan lyge meir enn tusen ord!"

Forrige helg var eg i Romsdalen. Det kunne eg skrive mykje om, kanskje ein annan gong.
Litt tilfeldig møtte eg fleire eg for tida kun har kontakt med via Facebook og Instagram og slikt. Kjekke, tilfeldige møter med småprat. Men eg fekk ei påminning om at ingen er berre det vi ser.
For kva legg eg ut på sosiale medier?

Dagens skitur
Ikkje eit ord om bakglatte ski, evt klabb, og isete løyper

Dei eg møtte skrytte veldig av kor ofte eg er ute på tur (og ei av dei nemnte forresten bøker og sko også...) men ja, det er mykje bilder av tur på Instagram, og det er sant. Men ikkje heile sanninga!

Utsikt mot mitt fjell. Sett frå svigers si stove.
Ikkje eit ord om slaps og sludd og eit grisevær utan like.
Stort sett såg vi ikkje fjorden ein gong!
Men av og til er det ein god grunn til å sitte inne og prate :)
 Livet er jo stort sett ikkje tur. Livet er jobb, kollegaer, irritasjon, for lite tid, ting eg ikkje kan (eller utfordringar som enkelte kallar det) Lange møter. Mange møter. Oppgåver å følgje opp. Travle morgonar, og glatte fortau. Kjøkkenbenk full av oppvask, haugar av reine klær, som ventar tålmodig på at nokon legg dei på rett stad. Sko i yttergangen, jakker og skjerf utan fast plass. Ein mann på reise, soner både her og der. Uferdig strikketøy, halvferdig strikketøy, strikketøy med feil som ventar å at nokon eg tek seg meg saman. Bunker med aviser, havleste bøker. Familieliv som ikkje skal delast på sosiale medier. Sjukdom. Kjensla av å ikkje strekke til medan livet hastar avgarde!

Bildet er ikkje arrangert. Dessverre.

Men det som er på sosiale medier er gode bøker, kloke sitat, tekoppar og tulipanbukettar!  Nye sko. Kafetreff, utsikt frå kontoret, snøvær og julepynt.

Når jobben av og til gjer at eg har kontor ein annan stad i byen, og eg
må bytte buss og kan sjå på Nidarosdomen medan eg ventar på neste buss.

Eg trur ikkje eg skal byrje å legge ut alt som det er, ufiltrert! Men det var litt artig og interessant med ei påminning om kva andre ser.