Viser innlegg med etiketten jakt. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten jakt. Vis alle innlegg

torsdag 26. september 2019

Biltur

Mange timar i bil, eg var stort sett bakseteramp/ baksetekommentator på turen til og frå Asker. Det vart god tid til å ta bilder!

Solnedgang ved Mjøsa


Sol  sett frå baksetet

Baksetepilot

Storelgen i Storelvdal
Elgjegeren fotograferer.

Elgen på Elverum
No er det elgjakt! Mannen er i skogen. Det passar godt med nokre bilder av elg, som var enkelt å kome på "skothald" av (fotoskothald rett nok) Stor var dei og! SÅ får vi sjå korleis det er med jaktlukka!

tirsdag 6. februar 2018

Elgfest

Eg gløymte å legge ut bilde frå elgfesten som var på laurdag! Snakk om tabbe!

Eg tok ikkje så mange bilder, men dette skal du få sjå. Er det elgfest, er det berre rett og rimeleg med eit elggevir over kakebordet!

(og på kakebordet var det både romkake, bløtkake og ostekake!

Det var ein triveleg fest, hyggelege folk, god mat (ikkje så overraskande at det var elg til hovudrett kanskje?) og dessverre ikkje toradermusikk i år.

mandag 24. oktober 2016

Vekestart veke 43

Hei til alle saman! Eg reknar nesten med det er nokon nye som les dette, etter alle som har vore innom på forrige innlegg, om hørsel og slikt. No er det tilbake til meir vanlege innlegg, ikkje fullt så personleg og mykje meir kvardagsleg.
Du skal få eit dikt, nokre glimt frå helga mi og bilder, alltid bilder frå tur!

I helga skulle vi rydde og ordne til vinteren. Pakke hagemøblar og rake lauv. Men altså, plutseleg var det mogleg med ein ekstra jaktdag for jegeren, og i det fine haustveret var det ikkje så mykje å lure på. (Og når resultatet vart ein elg og mat til vinteren, skal vi vel ikkje klage) Og altså, når det er fint ver, er det fint i marka, og eg fekk med meg konsert med junior på dagtid, samt å drive ein del kontrabass-transport. Kontrabass er eit litt vanskeleg instrument både å bære langt og ta bussen med... På laurdagskvelden vart det kafe og ballettforestilling med ei venninne , då gjer det ikkje så mykje at hagemøblane framleis står ute. Det er fint ver og det kjem nye dagar med tid til å rydde! Enkelte ting står seg...på godt og vondt!
Ryddelista inneheld i tillegg tømme kompostbingen, vaske vindu og pakke vekk det siste frå båten. den lista blit liksom aldri tom!


Eg må nok lese og lære litt meir om ballett for å nyte det fullt ut. Men at dei var flinke er utan tvil sant, eg vart mektig imponert! Då primaballerina dansa "Svanens død" vart eg nesten rørt til tårar, det er noko av det vakraste eg har sett!

Vekas dikt, eller sitat, handlar om noko eg gjer så ofte eg kan: GÅ!

Tap for all del ikke lysten til å gå! Jeg går meg til det daglige velbefinnende hver dag,
og fra enhver sykdom.
Jeg går meg til mine beste tanker,
og jeg kjenner at ikke en tanke er så tung at jeg ikke kan gå fra den.
Når man slik fortsetter å gå,
så går det nok.

Søren Kierkegaard (1813-1855)
Barfrost

Det er berre å nyte, og la tankane flyge


Hausten altså



Lite slår gleda ved å gå! Kjensla av å bruke kroppen, bli sliten. Ha tid til å tenke, lukte , lytte. At eg går meg frå sjukdom, er nok ikkje sant, men eg går ikkje på meg meir sjukdom. Eg går iallfall av meg tunge tankar, eg fører lange samtalar med meg sjølv, resonerar og vrir på problem. Går av meg frustrasjon og går på meg eit smil!

Ha ei god veke, og god tur!

fredag 30. september 2016

Ein fredag i september

...og ikkje kva som helst slags fredag, den siste i september.
Nokon bryr seg ikkje om at det er oktober i morgon, ute blomstrar jordbærplanta og serverer raude bær kvar dag(men dei byrjar bli litt sure, det er vel litt lite sol og varme)

Dagen starta tidleg, som vanleg, og litt travelt. Eg vil gjerne rekke mest mogeleg dei timane eg er på jobb, eg lærer (om enn noko treigt) at det begrensningar, sjølv for meg, og det kan gje litt høge skuldre... Eg fekk iallfall gjort ein del før eg tok helg. Og eg gjekk heim frå jobb, med ulljakke og regnjakke(og dessverre ikkje støvlar) og kjente på klar haustluft og såg fine haustfarger.



For den som ikkje veit det, så er det elgjakt no, det fører til at eg, inntil kvota er skote, er elg-enke dei fleste helger. Når i tillegg eldstejunior er på veg tilbake til militærteneste og minstejunior er på hyttetur, betyr det at eg er heime åleine! Yuhu!
Sliten i ryggen og med litt sår hals, blir det vel ikkje all verdas utskeiingar og sprell, men eg skal kose meg!

Eg har rydda, vaska og ordna i heimen(heilt til ryggen sa stopp), med den tanken at når eg er åleine, så må det halde seg ryddig lenger? Håpar den teorien stemmer...noko seier meg at det kan bli eit hardt møte med realiteten! Og eg har kjøpt blomster og plukka litt ute i hagen, då er det helg!


Eg har laga pizza med rødbeter, gulrot og blåmuggost. Det var kjempegodt, og kan fort bli laga flerie gonger. Eg har ein bunke aviser, radioen på P2(og eg har vore innom NRK Alltid klassisk) Eg har Pepsi Max i kjøleskapet, og før junior oppdaga posen, hadde eg 8 bitar smågodt. Ikkje no lenger... Eg har ullpledd og ved, dersom eg vil fyre. Eg har blinka meg ut eit par program eg skal sjå på tv, og eg skal lese på senga til eg sovnar frå boka(utan at nokon klagar på lyset) og sove lenge i morgon!
Eg har ein avtale om lunsj på kafe i morgon, og eg skal kjøpe fleire aviser. Eg skal kanskje gå tur i skogen, dersom det ikkje regnar iallfall. Eg skal lade batteria!

Hausten altså

Og eg gler meg til dei andre kjem heim igjen etterkvart, det er det beste med å vere heime åleine, at eg veit det ikkje varer evig!


mandag 12. oktober 2015

Vekestart veke 42, elgjakt, bærtur og fyr i omnen

Det er måndag. Av ulike grunnar sitt eg i sofaen istaden for å vere på jobb. Eg har fyr i omnen, har fått frukost og høyrer P2. Det går seg vel til utover dagen. Eg skal, forhåpentlegvis, ta stinga etter operasjonen idag, satsar på at det har grodd godt og at eg får vaske håret etterpå(eg er ikkje ei jåle, slik eigentleg, men håret byrjar få eit vist grått preg etter snart 14 dagar med tørrshampo) Igår kveld og i dag tidleg har det vore grauttjukk skodde, det har vore skikkeleg haustkjensle! Altså, godt å fyre opp og kjenne varmen spre seg i huset.

Det er så masse bær igjen i skogen

Både laurdag og søndag har eg vore på bærtur. Lenge! I tillegg til gleda over å kunne gå i skogen, kjenne at kroppen virkar i motbakkane utan at ryggen protesterar med ein gong, helse på dei ein treff, alle lydane og lukta, er det bær! For meg er bærplukking ein slag mindfullness! Eg er heilt tilstades, eg tenkjer på bær, ser etter bær, smakar og luktar. Eg er heilt til stades! (og så var det litt dumt at eg tråkka over på tur tilbake til bilen, for då blir det ikkje meir tur denne veka...) I går vart det nyrørt, kortreist tyttebær til elgsteika og blåbær med vaniljesaus til dessert!

I helga har mannen vore på elgjakt, som vanleg på hausten. Eg har fundert på desse helgene med jakt, det å vere gift med ein jeger. Fordelene med jakt er fleire;

  • vi får mat(ok, det finns andre enklare og raskare måtar å fylle frysaren på, men dette er god, rein mat!)
  • eg får senga for meg sjølv, eg kan lese så lenge eg vil på kvelden utan at nokon spør om når eg skal slukke lyset! (ulempen er at eg les altfor menge)og eg kan lese avis i senga når den kjem om morgonen, snu meg og sove vidare! 
  • mannen får masse tid ute i skogen, frisk luft og mykje lys, saman med andre med samme interesse
  • eg kan gå på kafe utan dårleg samvit for at nokon andre jobbar i heimen, det eg ikkje gjer er det berre eg som ser...
Men det er ulemper også; 
  • det er ingen å varme kalde bein hos på natta
  • eg må diskutere innetider med 17åringen åleine... 
  • eg et middag åleine, for junior er ute med kompisar (men eg kan ete alle dei "rare" rettane som resten av familien er skeptisk til)
Altså, pluss og minus også med elgjakta! Veldig kjekt når han kjem heim igjen iallfall.

Vekas dikt er eit dikt, slik eg les det, om å møtes. Eg tenkjer på menneskemøter om dagen, kven vi ser når vi møter kvarandre. Litt fordi eg nettopp har fått eit dødsbudskap. Litt fordi eg har møtt igjen folk eg ikkje har sett på lenge, ser vi det samme no? Eg møter mange. Mange ser meg, kven ser dei? Kva gjer møta med oss? Kva sitt vi igjen med? Måndagsfilosofering :) Og det er herleg med dikta til Jan Erik Vold, rare setningar og nye måtar å lese på!


SVARET
Hvem er det
du
er, hvem er det vi er, som er
glade, glade
- jeg ser inn
i et par
øyne som lever
og får
til svar: Vi er to som fikk
en tid
sammen, her nede, til å være
glade - skal vi prøve på det?
(Jan Erik Vold)



Ha ei strålande veke, i møte med folk, deg sjølv og dagane!

Eit bilde å kvile i



fredag 17. oktober 2014

Du veit du er gift med ein jeger når

det er lettvint å bruke elgkjøt til middag!
Onsdag kom kjøtet i hus, og ytrefileten av ein kalv fekk æra av å bli fredagsmiddag! Yngstemann hadde lenge ønska seg biffmiddag, eldstemann greidde teoriprøva for bil på første forsøk idag og idag var dagen for å nyte.

Eg skar opp potet i båtar, gulrot, sellerirot, persillerot og kvitbeter i stavar, slo over litt olje og sette i omnen. Så laga eg pepparsaus, oppskrifta fann eg her. Mannen stekte biff og eg fann tyttebærsyltetøy i frysaren. Yummi!!!


Og til glede for evt nye lesarar som ikkje følgjer meg verken på instagram, Facebook eller Twitter, fredag er dagen for litt latter. Ein får ikkje meir artig enn ein lagar sjøl!
Og horna kjem frå ein hjort, slik for ordens skuld.

fredag 7. februar 2014

Kulturåret og utelivsdama

Må jo lage ei overskrift som fenger?!
Til jul fekk eg billettar til konsert med Stein Torleif Bjella frå gullgutane mine, konserten var denne veka. Så oppdaga eg at "Abrahams barn" gjekk på teateret i januar, og då eg kjøpte billettar til dette stykket, tenkte eg at dette var eit høve til å bruke kulturlivet litt meir aktivt enn eg oftast gjer i løpet av eit år. (eg er nemleg svært glad i sofaen, men etter å ha lese kor farleg det er, forsto eg at noko måtte gjerast)
Plana som vart lagt rett etter nytt år er som dette: Minst ei kulturoppleving pr månad!

Og denne siste veka her eg verkeleg brukt byen!! (det er så eg nesten har angra, for det vart litt travelt :) )
Sist fredag hadde vi nyttårsbord med kvinneforeninga! Det er ein lang tradisjon, etter at vi måtte gje opp å møtest i desember, det var alltid andre julebord, avslutningar på jobb, skule, barnehagar etc, og kaker som måtte bakast og hus som skulle vaskast. Fast tradisjon er det også å snakke om tidlegare treff, som det året vi åt ein stad der alle varmomnane hadde gått i stykker og det  var -17 ute…brrr! Året etter gjekk vi ein stad med peis, røyken slo inn og låg lavt over borda! Men på nyttårsbord hadde vi det fint!
Onsdag møtte eg ei som ikkje fekk med seg nyttårsbordet. Vi evaluerte jula, nyttåret og livet generelt. Nyttigt og artig!
Torsdag var det på tide å gå på konserten med Bjella. Mannen og eg fekk ein fin kveld, vi er ikkje så flinke til å gå ut saman, vi kjem ikkje på at ungane har vorte store og ikkje treng barnevakt lenger…
Jammen klarte eg finne ei glipe og ta bilde!

I morgon er det elgfest! Jaktlaget til mannen møtes for å ete opp indrefileet frå jakta i haust, mimre om jakta og danse gammaldans, for dette jaktlaget har eige gammaldansorkester! Her kunne eg skrive noko ironisk om både jakthistorier og gammaldans, men det brukar vere ein triveleg kveld.
Måndag kjem det eg er mest spent på; vi skal på musicalen "We will rock you" på Strinda videregåande. Eg kjem truleg til å glise skamlaust frå øyre til øyre  og gråte ein rørt liten mammatåre, for der er minstemann med i bandet(og han er eigentleg for ung) Dei siste vekene har han knapt vore heimom, det har vore skule på dagtid og øving på ettermiddag- og kveldstid, heime har han tømt brødboksen og sove litt. Men humøret har vore strålande, han gjer noko han verkeleg likar: spele bass!

Med slik start på året, er det spennande å sjå om eg klarer følgje opp… Eg må snart leite etter det som skjer i mars og april, for det er kjekt å kome seg ut og oppleve noko anna.

Men med eit slikt program, eg har jo vore på jobb også, er det noko som glipp… Kjøleskapet er hengsla om, men har ikkje fått funksjonen "fylle seg sjølv", men den funksjonen har skitneklekorga fått. No er det helg, tid til å handle, vaske klær, lese aviser, sove litt og vere saman med mannen(monstemann skal jo øve, og den andre junioren er borte) Gler meg!


søndag 27. oktober 2013

Vekestart veke 44 (og eg veit kvar pølsemakaren er)


Det er haust, det er snart ny veke og eg er i rute(iallfall om eg ikkje tenkjer for godt etter)!! 

Årets tider
Nå er høsten her
og høsten er en liten gul mann
som kommer ut av skogen
med kofferten sin og plukker lauvet ned av
trærne og tar med seg blomsterstilkene og mange
av fuglene, og så maler han himmelen
grå og mørk, og lager triste søledammer i veiene.
Arild Nyquist

Heldigvis er det sol og fine dagar om hausten også! Men i kveld blir det vel tidleg mørkt etter at vi stilte klokka, sukk.

Eg har, som før nemnt på bloggen, ein indre hamster! Eg har også ei indre husmor som elskar å lage mat(men som lever eit litt stille liv i lengre periodar), og når du kombinerar desse blir det fullt i bod og frysar! I sommar spurte eg svigerinna mi, som er husmor både av utdanning og legning, i tillegg til å vere lærar,  om korleis ein lagar pølser. Sidan mannen er jeger har vi mykje elgkjøt, og det jo hadde vore artig å bruke det til noko anna enn steik også. Istaden for berre å overlevere ei oppskrift, lova ho å kome og vere med på pølsemaking. Igår var den store dagen! 
Eg bestilte tarm på butikken, det er ein slik ting som får ein til å kjenne kontakten med gamle dagars matauk og husmødre i generasjonar bakover og eg fekk rett og slett mentalt forkle og skaut! Ikkje berre bestilte eg, eg huska hente den også! (det er inga sjølvfølge når ein lever pendlarlivet og kjem heim seint heim på fredag kveld) 
Vi tok opp kjøt frå frysaren, rydda kjøkkenet og handla inn allehånde, ingefær, salt og pepar og meir kjøt etter liste frå kurshaldaren for å spe på med. Så sette eg mannen igang med å lese bruksanvisninga til kjøtkverna, og eg rydda litt meir!  Kursleiaren kom og vi var igang! Det var oppmaling av kjøt, blanding, krydring, steiking av prøvekake, smaking og det mest spennande av alt: pølsehorn og fylling av pølseskinn! Det er noko med å stikke hol for luft, fart på fylling, håndlag og kommunikasjon, armar og bein og tarm som sprekk...alt går betre med litt trening! Og det blir ikkje verre med godt humør heller! Latter lettar arbeidet! 

Pølsemakarar

(og den lampa heng berre heilt feil i forhold til pølsemaking og fotografering!)


Det var fullt hus, med meg og mannen, ein junior som var fotograf og kommentator, kursleiaren, ein nevø som er kokk og ei niese som har mange års fartstid som pølsemakarassisten og som hadde ansvar for å putte kokepølsene i posar for frysing. Broren min hadde ansvar for avislesing og vart sendt på IKEA for å handle skoskap til kursleiaren og REMA for frukt og sjokolade. Undervegs fann vi ut at dette burde fleire få del i også, så via nettbrett kobla vi opp Skype og sendte live pølsemaking til mamma og pappa! Underhalding for heile familien! 
Vi laga elgmør som no heng oppe på loftet til tørking, og grisemør, som er grov, krydra middagspølse som vart frosse og skal bli fine middagar framover!
Fine elgpølsene som skal bli mør!

Tørking av mør
Etterpå vart det pizza og Pavlovakake(takk til kurshaldaren) for å feire han som fylte 17 år denne veka, og RISK-speling med høgt lydnivå og sterkt engasjemnt! Finfin laurdag! Og idag er det godt å sitte i sofaen, lese laurdagsavisene, ete druer og kjenne på søndagen. 
Hm, kva gjer den sjokoladen nede i høgre hjørne?


søndag 2. september 2012

Du veit du er gift med ein jeger når (3)

...august og september er tida for å ete tom frysaren for elgkjøtet frå i fjor for å få plass til (forhåpentlegvis) årets fangst!
Det er eit luksusproblem, men heilt reelt. Idag vart det viltgryte, igår pizza med elg, sist helg elgsteik og i veka lapskaus. No har eg fått oppskrift på elgsodd som må prøvast og kanskje vi skulle hatt elgkarbonader ein dag?
Variert kosthald!!

søndag 25. mars 2012

Du veit du er gift med ein jeger når... (1)

...du vaknar søndag morgon og mannen er borte.

 
Idag var det feltkyting i Tømmesdalen. 
Vi snakkar om ein mann som likar å sove lenge, fyre i omnen og lese. Idag var det opp klokka åtte og gjere seg klar, kjøre 4 mil og gå tur i roten snø og skye på pappfigurar.
Men når det er førebuing til elgjakt, då er det andre reglar som gjeld tydelegvis. Jakta startar allereie i september, så det gjeld å vere førebudd.
Forstå det den som kan.
..to be continued..