Viser innlegg med etiketten vennskap. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten vennskap. Vis alle innlegg

søndag 9. august 2020

Søndag kveld

Frukost i det fri
Søndag kveld er ofte litt vemodig, det er slutt på å sove lenge, gjere som eg vil, la humla suse... Det er tilbake til vekkeklokke og matpakke. No burde jo ikkje det komme som ei overrasking, sidan det skjer kvar veke, men mykje vil ha meir, og det har nettopp vore sommarferie.

Men idag sette eg meg i sola og tenkte tilbake på veka som gjekk, og fann mange gode ting som godt kan huskast på, og kven veit, kanskje blir neste veke slik også?!


Klassisk sommarbilde
-barbeint i graset-
  • fredag var det sol og varmt, skikkeleg sommar og bikini og shortsvær. Alle måltid ute, klestørk og tid til å lese bok.
  • laurdag gjekk eg tur. Eg viste kvar eg starta, eg viste kvar eg ville, men mellom der måtte eg lese kart og finne fram sjølv. Det gjekk bra, det var sol og varmt, eg hadde stilletid åleine i skogen og eg fann multer og blåbær. (muleg eg ikkje gjekk heilt lovleg ein stad, men pytt...)
    Glad dame på tur
  • eg har fått tekstmeldingar frå folk som bryr seg, som spør om ting som berre eg og den andre deler. Det er godt å bli sett.
  • sist helg var vi på tur med gode vener, fantastisk vær, natur og solnedgangar. 


  • eg har fått ny sjef, som samtidig er ein tidlegare kollega. Det er fint!
  • vi har hatt fin familiemiddag med nesten heile kjernefamilien
  • blomstrane mine blomstrar. Nokre syng på siste vers, nokre er midt i blomstringa og nokre er i ferd med å folde seg ut. Eg har blomster i nesten alle rom inne. Det er luksus! Og eg samlar frø frå både erteblomster, ringblomst og blomkarse, slik at eg kan så neste vår. Prøvar dessutan å tenkte på korleis vi skal ha hagen bak huset, og framleis sette pris på å ha rådr der. Dei er litt for glade i roseknoppar og blomkarse og jordbær...

  • skogen er full av bær, eg treng berre litt meir tid, så skal eg ut og plukke meir. Bringebær, blåbær, multer...

  • eg har gjort unne eit år i den nye jobben! Det har gått både fort og sakte. Det har vore noko nytt rundt alle svingar, eg har strekt meg og lært masse nytt, og innimellom vore så overvelda. Men etter ferien merka eg at eg har langt frå august i fjor! Det er godt!
  • eg har vore i fødselsdag hos lillesøster, med antibac og god avstand, kjekt å treffe folk og få god prat og god mat.
  • eg les den siste boka om "Elling", og veit ikkje om eg skal le eller gråte. Den er så bra, og så vond! 

AUGUST
Slutten er vakrest
hvisker svaberget og
løfter den brune kroppen
din litt nærmere solen
vakrest er slutten og
august presangen til
dem med hjerte
for sirisser
rognebær og
solnedganger
Arne Ruste

Eg er så glad i dette diktet, kanskje fordi august er min månad, med fødselsdag. Men samtidig er det månaden for oppstart, av nye ting, men også for fortsetting. Det er hausting av bær og grønsaker, det er jobb og skule og aktiviteter, ting kjem tilbake til kvardagen. Og eg er eit vanedyr, eg likar rutiner og kjente ting. Det er då eg lettast kan ta til meg det nye! 
Ha ei god veke!
"Count your blessing, instead of sheep!"

onsdag 26. september 2018

Italia

Fem dagar miniferie i Italia.
Mat, drikke, sol, varme, gode vener. Eit friminutt i kvardagen.
Eg reiste med høge skuldre, det var så mykje som skulle på plass før vi reiste. Jobben skulle leggast til side, men ein del ting skulle gjerast før eg reiste. Vi skulle pakke, ordne huset, vi sto opp nesten midt på natta.

Men så kom vi fram. Til varme, vener og skuldrene senka seg. Det var varmt. Mellom 25 og 30 gr og sol frå skyfri himmel kvar dag. Og varme, mørke kveldar, uterestaurant og mygg.


Resturant i vatnkanten. Kom med eigen båt og henta oss.

Så kva gjorde vi?

Vi tok tog. Det var fint når ein har vore oppe ein halv dag før togturen starta. Berre sove litt i togsetet, lese bok, sjå på landskapet, undre seg på kor langt det er igjen. (og etterpå tenke at tog er ekstra fint, fordi nokon av dei andre punkterte på motorvegen, tog punkterer sjelden!)







Vi åt mat. Mykje god mat. Frukost på kafe, foccacia, croissanter, sjokoladefylt bakverk, cappucino og te. Servert i kanne, som er den ultimate luksus for meg. Lunsj på kafe, treretters! Ok, eg åt ikkje treretters til lunsj, men det kunne eg ha gjort. Salat, pizza, pasta, pai, grønsaker. Is i gågata, sitronsorbet. Karamellis. Middag på kafe. Fireretters, minst. Mange forrettar, pasta med ulike sausar og hovudrett og dessert. Mykje sjømat. Tiramisu til dessert.

Lucca

Klesvask på veggen

Varm dame

Vi gjekk. Mange steg kvar dag! Rekorddagen inneheldt omtrent 23000 steg. Vi var i gamlebyen i Lucca. Gjekk på bymuren, vandra i tronge gater. Såg klesvask som hang på husveggen, akkurat som på film. Såg i butikkar. Prøvde sko. Vi gjekk i Cinque terre, frå Monterosso al mare til Vernazza. Etter lunsj gjekk vi vidare til Corniglia. Gjekk i gatene i La spezia. I båthamna. Til borgen i La spezia. Vi gjekk på matmarked. På søndagsmarked. Der var det mange intalienarar.

Portovenere

Vernazza

Corneglia

Hamna i La spezia, det er ledig plass til båten vår!
Vi var på båttur. Til og frå ein resteurant på ei øy utenfor Portovenere. Frå La spezia til Monterosso, ute på Middelhavet. Turistfraktebåt, jada, men det var så fint. Sol, sjø, fuglar, byer og gardar som kunne vore med i "Der ingen skulle tru at nokon kunne bu" når som helst!

Middelhavet!

Vi (eg) shoppa. Ja, det vart sko, og ein linkjole på salg, fordi det var så varmt at lin var det einaste rette. Vi kjøpte ost og pølse og skinke på matmarkedet.

Gule sko! Italienske sko.
(Og les gjerne "Italienske sko" av Henning Mankell.
Ikkje særleg mykje om Italia eller sko, men god bok)
Fornuftige sko!

Shopping


Så var turen slutt. Det var tog tilbake til Milano, og ein travel sprint med koffert i søndagsrushet på Milano centrale (togstasjonen) for å rekke flytoget. Inn på flyplassen, levere koffert og gjennom sikkerthetskontrollen og så kjem kvardagen brått litt nærare.

Livet på ein togstasjon

Ein slik tur, med folk ein kjenner godt. Der det går fort mellom alvor og latter, der ein kan ta både litt tunge tema og veldig lette samtaleemner. Det er rikdom det! Det var ein skikkeleg energibust å ta ein haustferie i sommarlege Italia. Gode minner til minneboka!

mandag 17. september 2018

Ut på tur!

Og denne gongen skal eg lenger enn til lokal skog!

Eg skal til Italia! Landet med pizza, pasta og gelato... Nam!
Eg har aldri vore der før, no skal vi reise saman med ein heil gjeng gode vener. Programmet er lagt, vi skal både få med oss Cinque Terre, Lucca og mykje anna.

Cinque Terre
http://www.domondonart.com/product/cinque-terre-italy-maranola-pink/
Det eg forbind mest med Italia, er turen mamma og pappa var på der i 1973. Eg var 5 år, og syntes nok dei var langt vekke. Ikkje at eg huskar det, for eg var saman med storesøsken og besteforeldre, men eg var nok ein mammadalt. Når eg oppfatta at Italia er ein støvel, huskar eg ikkje, men støvel=sko=lik bra land vil eg tru, no.

Då mamma og pappa kom heim, etter å ha sett på lastebilar og gravemaskiner, køyrt buss i Milano og sett at nokon rett og slett bar vekk ein liten Fiat som sto i vegen for trafikken, vanka det gåver! Storesøskena mine fekk tyggegummi (dei fekk sikkert noko meir, men eg huskar best tyggegummien!) Dei fekk kvart sitt metallskrin med tyggis, det var uendeleg mykje tyggis! (for ein 5åring) Eg trur eg fekk ei pakke, eg var for lita fro meir. Men eg fekk dukke! Som kunne gråte, og synge. Trur det var noko eg hadde ønska meg. Eg var litt skuffa over at ho hadde mykje svart hår og festsminke, men det var ei babydukke, basta! Ho skreik, eller sang, når du sette plate inn i ryggen på henne. Ho vart døpt same dag som kronprins Haakon Magnus, i eit gult, stort badehankle. (huskar ikkje om ho hadde noko namn, eigentleg, kanskje det var Sonja eller Märtha?)

No skal eg pakke, for ein tur tilbake til sommaren, for værvarselet er svært lovande for sandalar og sommarkjole. Eg har leita fram passet, reisehåndbok, lesestoff. Idag har vi bestilt togbillettar frå Milano til La Spetzia. Eg må telle pengane mine, det er så mykje eg har lyst på. Parmesanost, parmaskinke, is, salat, tomat, fin middag, sko og vesker. Vi får sjå.

Eit snev reisefeber og nesten tre dagar til avreise!

søndag 17. desember 2017

3.søndag i advent

Vips var det 3.søndag i advent, og det er berre ei veke til julaften. Huskar eg kjente meg skikkeleg snytt første gongen eg oppdaga at 4.søndag i advent og julaften fall på samme dag. Kunne det verkeleg vere lov? Slå saman to dagar på den måten?! No tenkjer eg meir på at advent blir litt kort når julaften er på søndag... Men det må innrømast at så veldig stressa er eg ikkje, vi blir ferdige, etter prinsippet "godt nok" og vi tek det vi rekk! Men skulle du kjenne på sresset, så les dette diktet, sakte:

Berre ta det heilt med ro
Du pustar
Hjartet slår
Hår og neglar veks
Kvil i denne tomme stunda

Hans Sande


Brillene dugga på innsida og snødde igjen. på yttersida
 Litt farefullt i nedoverbakkane, meg eg oppdaga hunden før
eg kjørte på den...og det same med dei to
små som streva oppover i fiskebein.

Eg syns vi har fått mykje ut av helga. Vi har bakt litt. Vi   Mannen har vaska badet. Eg har vaska skapet med servise på stova, det er fullt og det bakerst blir fort litt støvete... Ikkje no lenger! Vi har gått på ski, medan det snødde og løypene vart finare og finare (litt straff for det idag, ryggen syns det vart mange oppoverbakkar) Vi har hatt lange frukostar, med levande lys og fyr i omnen. Saktetid og lave skuldre.


Og idag har vi vore på grautfest, lang tradisjon med vener. Det blir færre barn som er med, men kan dei, så kjem dei (men mine satt fast i ein kontrabass eller eit fjell) Spleiselag, nokon fiksar graut, andre spekemat og flatbrød, nokon kake og snop til kaffen. Vi sett av tid saman. Dette er folk eg kjenner godt, og dei kjenner meg og mi historie. Vi treng ikkje mykje tid for å kome til kjernen! Idag kom vi inn på bekymringar, det å bekymre seg for ting, meir eller mindre med god grunn. Og vi snakka om korleis vi lever med, kloke løsningar og gode tips. Skal ikkje påstå at vi har løst alt, men det var ein god prat. Medan vi åt kaker og julegodter!

Trur eg er ganske klar for ny veke no!

Det er ikkje så mykje lys i desember,
men det som er er vakkert!



søndag 29. oktober 2017

Vekestart, og straks november

Søndag kveld. Dei kjem oftare og oftare.
Denne veka har hatt mange fine punkt, og mykje normal kvardag. Kvardag er undervurdert!

Men jammen er det fint med dei punkta som skilelr seg ut også. Eg har vore på kurs, på danskebåten. Fine folk, masse kunnskap, Ny lærdom, viktige innspel og god samtale. Og god mat, litt shopping(jada, det vart nye sko...) Og kraftig vind over skagerak, så nattesøvnen vart litt begrensa!




Igår traff eg Anja, frå bloggen Avdeling holt. Det er litt spennande å treffe folk for første gong, som ein på ein måte likevel kjenner. Men det gjekk knakande godt! Vi åt lunsj, spaserte i haustsola på Akershus festning, vi var innom Kosekroken og til slutt var vi på Fetsund lenser. Undervegs gjekk skravla bortimot uavbrutt! Og eg fekk gåver med mykje omtanke bak. Anja var akkurat så hjertevarm og hyggelig som ho er på bloggen.  Ein super dag!



Og så kom eg heim, til kjæresten min! Som hadde ordna middag og dessert og då gjorde det ikkje så mykje at det regna ute.

Idag har det snødd... men vi har vore i skogen lell! Det berre krever litt omstilling å huske at det blir både vått og kaldt!
Fint på tur, men sofa, tekopp og frokostdessert i
eiga stove er ikkje så verst!


Ein må sette seg nokre mål. Her er mitt.


Det er faktisk grenser
for hvor voksen
man kan bli.
#natteravn 
(funne på Instagram)

Oktober er straks historie, november lurer rett rundt hjørnet. Det nærmar seg jul. Dei første julegåvene er kjøpt og levert. Eg skal på nuytt kurs veka som kjem, men så satsar eg på litt rolegare dagar heime.

tirsdag 23. mai 2017

Vekestart veke 21, bildedryss frå siste veka

Det foregår lite blogging for tida. Så lite at eg lurer på om eg må slutte med vekestarten min, for no har eg gløyt den fleire gonger. Men idag skal du få!

Eg tenkte eg skulle gje deg nokre bilder frå sist veke, slik at du ser kva eg driv med når eg ikkje bloggar. Eg sitt ikkje berre heilt stille i sofaen og tenkjer djupe tankar. Eg fartar litt rundt også.
Men først eit dikt av Ragnar Hovand. Det er mest til mannen, også tidvis omtala som "herre og mester", han syns innimellom det blir sagt med litt mykje ironi på stemma. Han hadde fødselsdag på søndag, då var eldsteson tilbake i Kongens klær, yngsteson på "Unge produsenter"-samling og mor på husmorferie. Vi hadde organisert gåve, og eg huska ringe han og seie gratulerer med dagen, men selskap var det dårleg med. Difor må han få eit dikt no:

Eg veit ikkje, eg

Eg veit ikkje
kven eg er
eller kor eg kjem frå
eller kven mor mi og far min er
eller kva eg skal ha til middag
eller når eg har fødselsdag
eller korfor eg sit her
eller kva katten og hunden seier
eller kva farge det er på himmelen
eg veit berre
at det er deg eg vil kysse
akkurat no
Ragnar Hovland 

Det er ikkje verst å vite det, etter over 20 år ilag!

Det har vore 17.mai, med russ i huset. Russen merka vi lite til, og dagen vart feira med kaker og baccalao(ikkje is og pølser), samt tog og flagg og bunad. Iår hadde eg nye, gode bunadssko, og slapp heilt unna gnagsår.
Klar for frukost!






I helga var eg på ein liten miniferie. Ein ettermiddag i eit vårleg Oslo, Varmt og godt, grønt og skjønt. Laurdag på Afternoon tea-party i Drammen, med tema tiara og perler. Då gjeld det å ikkje vere feig i pyntinga! Triveleg lag, nydeleg pynta bord og god mat. Og høge hæler og tiara på hodet!

Grønt og solrikt i Slottsparken
Festbord

Må pynte seg når ein kan!



I går skogtur, det byrjar bli grønt. Den aller nydelegaste lysegrønne fargen på trea, kvite tepper av kvitveis, fuglesang, våte myrer og gode sko. Perfekt kombinasjon.



Idag har eg fått sett i potter både blomkarse og erteblomtplanter eg har fått. Eg har leita fram pallekarmane mine, no gjeld det berre å få fyllt dei med jord og sjå om eg finn igjen frøpakkene mine.


Og til slutt idag har eg vaska to bunadsskjorter, og tenkjer at no er tida inne til å sitte i sofaen, og det blir utan å tenkje særleg djupe tankar!
Ha ei fin veke!