søndag 10. mai 2020

Søndag i mai

Sove lenge, ete god frukost med mannen. NRK Klassisk og laurdagsavisene.
Puslespel og NRK P2.


Gå tur i skogen.
Ligge litt til lading på sofaen.

Søndag altså!
(og ja, det er snø. Nysnø i mai!)

torsdag 7. mai 2020

"La det lykkes"

Den eine etter den andre rundt meg byrja å snakke om frø dei hadde sådd. Lenge tenkte eg at nei, iår orkar eg ikkje (trur eg tenkte det i fjor også...)
Men alt snakket påvirka meg, og brått vart eg ivrig. Eg fann blomsterjord, såkalla årgangsjord, det er nok den beste. Eg fann krukker og eg fann frø. Frå i fjor eller eit anna år.


ringblomster
Så eg sådde ringblomster og erteblomster.
Ringblomsten spira kjapt og villeg. Erteblomsten har eg ikkje sett noko til enno. Eg vart faktisk så i tvil, at eg kjøpte nye frø. Som eg har sådd idag, saman med blomkarsefrø. Då eg leita etter flerie blomsterpotter, fann eg blomkarsefrø frå eit eller anna år, som eg har plukka og tatt vare på. Eg sådde nokre av dei og, spent på om dei kjem opp.

Blomkarsefrø, lagra i kjellaren i fleire år.
Så no skal det stellast og passast og vatnast, og forhåpentlegvis er det snart varmare tider, slik at eg kan sette plantene ut (denne helga er det spådd nattefrost og snø)

Tittelen på innlegget, er eit sitat frå min nabo i barndommen. Når ho sådde frø, eller baka eller gjorde noko anna ho ikkje var heilt sikker på, sa ho "la det lykkes!" Og det seier eg og no, for eg vil ha blomster og farger til sommaren!


Då eg leita etter krukker og jord og forskjelleg, fann eg ei potterose. Den var inntørka og trist, men eg såg små skot på greinene. Den har fått vårklipp, varme, lys og vatn og vips har den starta å vokse. Så no passar eg grundig på, og satsar på roser etterkvart!

søndag 3. mai 2020

Kva no?

Eg skulle blogge masse i koronatiden. Jada, det skjedde iallfall ikkje!

Men eg er her. Påska kom og gjekk, eg har vore på heimekontor og jobbkontor.Eg har hatt studentar heime. Mannen har heimekontor. Vi har ikkje vore på korøving, ikkje treft vener, ikkje invitert naboar på påskemiddag.

Rare dager, dagar med god tid. Rare dagar utan rutiner og dei vante vanene. Når ein saknar kollegaer å diskutere med. Når det er reglar for kvar ein kan sitte i lunsjen og kven ein får sitte saman med. Når det er normalt å ta ni-kaffe på skype, også med dei på nabokontoret!

Dagar med sakn. Etter familie ein ikkje kan besøke, og der telefon ikkje er ei god erstatning. Eg har vorte god på nettmøter, med vener, kor, familie og kollegaer, nye og gamle.

Eg har fått mange skiturar. Og gåturar. Men særleg ski. Sesongen vart ikkje så verst! Og etterkvart fann vi ut at vi kunne gå tur med fleire, det var ein måte å møtes på!



Og det har vore god tid til å lage mat, på godt og vondt! Det er jo ikkje berre å sitte inne og ete heller...



Nå i kveld fant jeg ett øyeblikk med sol, mørk himmel og en fin regnbue!



Då passar det å seie som så mange andre: Alt blir bra!

onsdag 25. mars 2020

Kva skal vi gjere?

Idag har eg vore på jobb, sånn fysisk, ikkje berre på heimekontor og skype og via nett og meldingar og epost. Eg har vore på jobb, eg har hatt på kvite klær, eg har tatt meg av prøver, eg har gjort førebuing til analysene i morgon og eg har snakka med folk. Eg har ete lunsj saman med fleire, men det er ikkje utan restriksjonar. På alle bord ligg det påminning om å halde avstand, det står sprit rundt om og det er utarbeid planer for kven som skal ha lunsj når og saman med kven. Vi er delt i to lag, for å førebygge at alle blir sjuke på ein gong og vi har bemanning døgnet rundt. (eg jobbar berre på dagtid da, men halvparten av tida på heimekontor) 

Men heime kjenner eg innimellom på brakkesjuka. Eg har lyst å treffe folk, gå på kafe, gå på butikken utan å vere redd for smitte. Då er det ein ide å ha nettmøter, som i sosiale treff. Igår var det storfamilien som hadde kahoot og fellesmøte på nettet. Trur vi var ca 23 stykker. Takk til niese som tok initiativ og inviterte oss. Idag har eg snakka med begge sonene på ein gong, med video. Det kan fint kombinerast med kjeks og ein tekopp!
For det er noko med å sjå folk, ikkje berre snakke. 

Familietreff!

tirsdag 24. mars 2020

Kva skal vi finne på?

Det er viktig med rutiner i kvardagen, men det er jammen viktig med variasjon også, no når dagane er litt vel like med heimekontor og samme folka rundt bordet (mannen er triveleg selskap, men no har det berre vore oss to nokre dagar) Og no skal vi fortsette med dugnadsarbeid, vere mest mogeleg inne, ikkje ha store folkemengder til over påske, og då må vi ha planer! 
(eg legg ikkje i veg med opppussing, nedvask og slikt altså!) Eg skal ikkje berre vere heime, eg har ein jobb der eg trengs, så det er 50% heimekontor og 50% jobb på ubestemt tid framover. Ein dag skriv eg kanskje om jobben min også. Der skjer det mykje for tida!


Eg har lagt nokre planer som eg skal dele med dykk dagane framover. 

Idag har eg fått påskete i posten, og ingefærkjeks. Te skal bryggast i kanne, og så må ein velge kopp. Eg har ei plan for dei neste dagane, trur eg klarer meg godt ut karanteneperioden: 
Ny mummikopp kvar dag! (ikkje nyinnkjøpt, men arbeide meg gjennom koppane i skapet)


Mannen og eg som lurer på om det blir båtliv
til sommaren.
Og skulle karantenen vare endå lengre, skal eg sjå om eg ikkje har fleire koppar å drikke te av... Det er ikkje så veldig god plass i skapa mine!

søndag 22. mars 2020

Corana-sysler

Eg ser at folk ryddar i skap, boder, vasker hagemøbler, sår tomatfrø og vaskar vindu.

Eg?
Eg legg puslespill!


Lukta av nybakt brød

Eg har bakt brød. Det er frykteleg lenge sidan sist, så det føles på sin plass å skryte litt av meg sjøl! Som vanleg startar eg omtrent med ei oppskrift, og ender med å slumpe det saman til passe seig. Slik også idag.

Men det som gjer at eg skriv om det no, er alle minna som kom over meg medan eg stekte brød. Ute var det sol, fuglesang og snøsmelting. Ein ekte vårdag. Då eg sette brøda i omnen, måtte eg sette opp glaset på stova, for det vart så varmt inne.


Nybakt





Og då kom dei, minner som lukter kan hente fram. Lukta av brødbakst, lukta av vår og minna om slike dagar. Når mamma bakte brød og eg kom inn til lukta av nystekte brød, og lukta av vårdagen ute, sidan mamma hadde sett opp kjøkkendøra for å lufte på kjøkkenet. 
Og så vart det ekstra rart, sidan eg tenkjer mykje på mamma om dagane no, det er eit år sidan ho døydde, og dagane var fulle av sorg, gode minner og planlegging av gravferd. (Og eg tenkjer på dei som står midt i dette no, når det er restriksjonar på gravferder og det å få vere saman)

Så eg laga meg ei god skive med smør og brunost, og tenkte på alle skivene mamma smurte til meg. Det er mykje omsorg i ei påsmurt skive!