lørdag 21. mai 2016

Prolaps, operasjon og kva no?

Det har gått 4 veker sidan operasjon. Det har på ein måte gått fort, på den andre sida har eg kjent på brakkesjuke og vore alvorleg utålmodig i periodar. Mannen har ikkje nekta veldig når eg har brumma og lurt på om nokon andre kan merke at eg er lei. Eg har prøvd som best eg kan å halde meg til reglane: ikkje for lang tur, kvile ofte og mykje, ikkje støvsuge eller vaske golv(enkelte reglar er enklare enn andre å følgje :) Men bør eg fortelje mannen at den siste regelen ikkje er så streng lenger? Er liksom ikkje sikker på om eg kjem til å huske å fortelje det) Og eg har gått på eit par smellar,  der eg har gjort for mykje og ville meir enn eg klarte. Noko anna ville kanskje vore rart?
Eg har brukt timesvis på sosiale medier, eg har lese masse bøker(nokon gode, og nokre riktig lettleste, litt rosa bøker) Eg skal skrive litt meir om bøkene eg har lese ein annan dag, iallfall dei gode bøkene. Eg har gått tur, i større og større sirklar i nabolaget.
Slik såg arret ut rett etter operasjonen.
11 metallstiftar heldt det saman.

Denne veka har eg vore på kontroll og alt ser bra ut. Fysioterapeuten på sjukehuset var fornøgd med framgangen, hadde berre enkelte kommentarar til korleis eg skal gjere øvingane mine. Eg får lov til å gå lengre turar, eg kan gå fortare enn eg kunne rett etter operasjon. (For ikkje å snakke om at eg har fått sjå at skogen har vorte grøn medan eg har vorte friskare)
Samtidig kjenner eg at alt ikkje er på plass, eg blir fort sliten i ryggmusklane, eg slit med å sitte lenge, eg har mykje trening igjen. Eg har ansvaret sjølv(iallfall nesten)og må lære meg å leve med ryggen min og kva den treng. Det blir innimellom ein vanskeleg balansegang. Idag har eg gjort for mykje, det straffar seg no i kveld... Eg må legge ei plan for å komme tilbake på jobb, eg treng plass til ein madrass på kontoret og har plutseleg veldig lyst på eit kontor utan glassvegg...
Slik ser ryggen ut no. Og ser du godt etter, ser du eit arr under, det er frå 2004,
og det til venstre er frå 2006...
Rett etter operasjon, bleik, men nokså fatta.

Rett etter operasjonen var eg usikker på om det var verdt det, full av smertestillande, kvalm og med vondt både her og der. Men no, når isjassmertene er nesten heilt borte, er det heilt klart verdt det!

På skogtur i går!
Det går framover :)
No er det berre resten igjen. Nevrokirurgen meiner eg skal unngå fleire prolaps, skivene mine er snart borte... og alderen tel visst også litt, og det er jo eit pluss?! Eg og ryggen må øve oss på å ta plass, bruk "ryggkortet" for det det er verdt, sa fysioterapeuten. Så no er du førebudd!

Og for spesielt interreserte; her er ein video av ein operasjon: (det er blod og skalpellar, eg har ikkje klart å sjå heile...)



Og er du som meg, er dette litt meir greit å sjå på:

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar