mandag 8. juli 2013

Hæ, regnar det ikkje?

Eg er innom yr.no ganske ofte, eg vil gjerne vite kva vær det blir(og om eg ser på værmeldinga på TV kan du vere sikker på at eg går glipp av været i Trøndelag, evnen til konsentrasjon er lav). Men på yr kan eg sjå innom når eg vil :) og det er oppdatert og greier!
Igår såg eg innom. Eg vaska terrassen på laurdag og oppdaga (heldigvis) at vi ikkje hadde treolje, så eg kunne ikkje olje då. Eg skulle ha fri idag, og draumen og plana var ikkje å olje terrasse... Eg kunne feks godt ligge i sola og lese ;) Men det var meldt regn (veldig lavt hurra) og igår kveld fann eg fram symaskina(det har eg hatt ei plan om, lenge!)og leita i stoffrestar og mønster og la ei plan for kva eg kunne gjere idag.


Lesehest!


Eg vart i tvil kva eg skulle gjere då eg sto opp idag, for det regna ikkje! Det var faktisk ikkje heilgrått og lavt skydekke heller, tvert i mot glimt av blå himmel og solstrålar her og der. Eg syns vi har hatt ein finfin sommar til no, mange dagar der eg har kunne svette i sola, og bli lett solkyssa(eller brent som enklete andre kallar det) medan eg har lese om Harry Hole og alt det fæle som tydelegvis skjer i Oslo. Så det ville ikkje vere krise om det regna bittelitt, nok til at eg kunne sitte inne og gjere hyggeting.

Men tilbake til idag, kva skulle eg velgje? Det vart symaskin og radio! Eg har lese oppskrifter, sydd i glidelås, prøvd og feila, sett saman stoff som passar, eller skulle eg prøvd noko anna, og ombestemt meg igjen. Eg har brukt strykejernet som nesten ikkje huska sjølv korleis de virka... Eg hadde heldigvis mat i huset, slik at det vart middag til alle, for eg skulle berre prøve litt til før eg ga meg, gong på gong. Eg må satse på syvær i morgon etter jobb, for eg har eit par planer og prosjekt eg ikkje rakk idag, og stova er full av stoff og symaskin og synåler som eg må rydde vekk før eg trur det skal ligge utover spisebordet. (plana om at symaksina kunne stå framme på kontoret slik at eg lettvint kunne sy når innfallet kom drukna i alt rotet som alltid er på skrivebordet...)





Symaskina er ein gammal travar eg kjøpte for 25 år sidan for pengar eg arva. Ikkje fancy på nokon måte, men den har det eg treng. Etter at den fekk service ifjor, vart den god som ny! Og no må eg berre huske kor kjekt eg har hatt det idag, kanskje eg skal rydde plass til symaskina på skrivebordet og sy meir! Kanskje prøve meg på eit større prosjekt? Men då meg eg handle meir stoff, leite etter spennande mønster...eg har mykje kos framfor meg!!!




(Men etterpå køyrde eg til OBS! og kjøpte treolje og olja terrassen. I tilfelle du lurte)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar