onsdag 17. juli 2013

Å sjå Noreg i 3.gir...

...eller biltur i sus og motordur!

Vi har Sharan. Den ser ikkje så verst ut, men ein skal ikkje skue bilen på lakken. Eg og den har vore litt avmålte mot kvarandre i mange år, igrunnen heilt sidan den slo seg litt vrang rett etter at vi kjøpte den. Den har slått seg vrang fleire gonger etterpå, det hjelp ikkje på samarbeidsviljen frå mi side. Eg må lell yte den rettferdigheit og seie den har vore bra, dei periodane den ikkje har stått på verkstad.

Tenkt deg å køyre heim frå konfirmasjon 30 mil unna, så seint som mogeleg 16.mai, med trøytte ungar og finklær og sludd og 2 gr og stopp når du er halvvegs... Då er det sanneleg godt det fins veghjelp og leiebilar!
Eller kva med når mannen skulle hente meg nyoperert på sjukehus, 20 mil unna, og fekk motorstopp etter 10 mil... Det var også 16.mai, forresten, den bilen kan kalenderen. Då fekk vi hjelp på ein liten bilverkstad på timen.

I periodar har den vore alt anna enn vasstett, og eg har køyrt bil med regnklær innnandørs for å unngå dusjen frå takluka, og brukt bøtte for å tømme dørken.

Det var ikkje stas den gongen vindusviskarane ikkje virka heller, når vi køyrte i styrtregn. Vi fulgte ikkje rådet om å køyre fort, slik at vatnet berre kunne renne av rutene av lufttykket... Heldigvis byrja viskarane å virke igjen etter ein times tid. Då køyrte vi heim i eitt strekk, turde ikkje skru av motoren!

Eg har vore sint og frustrert og lei, men så har den vore innom verksted og kome ut igjen litt betre enn før, men oftast ikkje heilt frisk. Eg har vorte på fornamn med servicemennene, som kanskje helst hadde sett at eg ikkje kom, med bilfrustrasjon i blikket og tordensky over hovudet!
Med gammal bil, kjem ein til det punktet at kvar reperasjon blir vurdert etter om det vil lønne seg. Og dersom det kjem flerie reperasjonar etter kvarandre, då blir det litt sånn at no må i berre slite litt til på den.

Og denne sommaren... Ingen bilferie, men tur til foreldre og svigerforeldre, treffe søsken og gå å jazzfestival. Det er over 30 mil kvar veg, samt småkøyring der. På tur dit juksa den litt, men fekk den i 4.gir etter 9 mil! På tur tilbake fekk vi den aldri meir enn i tredje gir. Gleder og frustrasjonar med automatgir, alle i bilen heldt pusten kvar gong vi var ferdige med ei 60sone, ville den liflige lyden av giring kome no? Nei. Det var mykje bråk i bilen. Ein må berre puste med magen og sjå ut på naturen og nyte det ein ser. Og vi har laga meir eller mindre gode sangar om å sakne 4.gir og knusktøre ordspel og vitsar.

I morgon skal bilen inn på sjukestova, næraste på avlastningsopphald nokre dagar, så blir det ny vurdering, skal den få hjelp eller flytte til dei evige eksosskyer?

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar