fredag 7. september 2012

Sofarapport

"Har du blogga noko artig om at du er sjuk, da, mamma?" spurte junior igår. "Nei", svara eg, "kor artig kan vel det bli?!"
Men det vart endå ein dag heime heime, og noko skal ein gjere, så her kjem ein rapport frå sofaen. (og sidan eg er nesten stemmelaus idag, så er det jo genialt å blogge)


Forkjølelse er kjedeleg, det er sår hals, tett nese, dottar i ørene, feber og vondt i kroppen.
Samtidig er det god tid til å lese avisene, drikke bøtter med te(lindrar sår hals) sjå utruleg mykje søppel på TV(dei sender mykje rart i reprise på dagtid, eg såg og sov med tv den første dagen, men så var det nok) god tid til å høre P2 og eg har lese bøker(måtte finne noko lett, det gjekk ikkje med traurig samlivsroman på engelsk)

Så er det å finne ut kva ein har i frysaren, slik at det blir middag utan handletur :) Det er ein god ting, eigentleg, å bruke det ein har, til vanleg er det for lettvint å stikke innom butikken. Det er tida for å la ungane lage tomatsuppe til middag, la dei sjå at oppvaskmakina ikkje blir tom av seg sjøl og at mor ikkje jobbar her alltid:)
Det er kamferdrops, og jakta på den mest effektive nesesprayen og det beste papirlommetørklet. Det er å nyte det vame pleddet, fryde seg over solsikkene som blomstrar i ein vase og vere glad for ei varm ulljakke. Været har spela på lag, årets første hauststormar har foregått utanfor vinduet, litt tidleg, men...
Og det er å berre la tida gå, sove når feberen jobbar, sukke litt og få medkjensle over at ein er sjuk!

2 kommentarer:

  1. Jeg er litt i samme bås som deg... år på siste dagen her med sykemelding, med bronkitt. Ikke moro å "dingle" sånn på halv tolv her hjemme. Igår så jeg tilogmed på Dr.Phil! Ugg.
    Meeen - når alt skal sies så har jeg snart fått strikket ferdig en tunika - og det er jo flott!

    Ønsker deg masse god bedring og jeg håper at du blir fort frisk!
    Lena
    ;o)

    SvarSlett
    Svar
    1. Satser på å vere i farta igjen over helga. Det vart ei lang veke heime, så det gjeld å finne litt lyspunkt:) Håndarbeid orkar eg ikkje, men bøker og radio er betre enn day-time-tv ;) God bedring til deg og!

      Slett