søndag 30. september 2012

Pannekakefrukost

Enkelte tradisjonar inneheld det meste! Når vi blir einige om pannekakefrukost er det ikkje vanskeleg å få nokon til å stå opp og hjelpe til. Ikkje at vi brukar starte så tidleg...denne frukosten blir berre laga når vi veit at vi har god tid. Kanskje vi heller skulle kalle den pannekakebrunsj. Sverre er verdens beste pannekakesteikar og vi andre dekker bord, pressar appelsinjuice(jada, idag hadde det vorte svikt i logistikkavdelinga, vi hadde ikkje appelsin...måtte drikke kjøpejuice) steiker bacon etc. Vi lagar maten saman, tek oss litt ekstra tid når vi et, ingen ting hastar og det er kanskje difor dette er ein gulltradisjon i familien?
Frukostproduksjon

Mor må berre bruke koppen sin for å få alle til å skjønne at ho treng hjelp!


Bacon, blåbær og lønnesirup :)
Vi har vore på iHOP(www.ihop.com ) i USA, der er porsjonane rause med pannekaker med ALT av tilbehør som banan eller omelett eller ekstra bacon og ei mugge lønnesirup... Det er veldig godt og veldig lurt at vi må reise langt for å ete der :)
Men vi kan skape stemninga heime, med litt enklare tilbehør. 
Tilbehøret er viktig, sjøl om vi naturlegvis burde
ha plukka blåbæra sjøl


Så får vi sjå når Sverre får realisert planen om å mose banan og ha i røra, bananpannekaker! Neste gong?



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar