lørdag 30. juni 2012

Sol og varme

Debby var den som prega dei første dagane her i Florida, men no er det SOL og VARME som pregar oss! Uvante som vi er med slikt, feilar vi litt...gløymer at sjølv om svetten tørkar fort, treng vi væske og mat, oppdagar etterkvart at det er lurt med hodeplagg(jada, eg har no ein fin caps det står Universal studios på) Ser vi på skuggen vår midt på dag, er den kun rett under oss...så høgt står sola(uvant for ein nordmann!) Sola brenn både tidleg og seint, så sjølv eg er flink med solkremen. Vi kjøper litervis med flaskevatn og drikk, og har byrja med det alle amarikanarar gjer: snack. Vi har små posar med lynlås, som vi fyller med kjeks, oppskora frukt, snop etc og et i pausene/køene.
For å få gjort noko før varmen vart for ille, var vi i Universal studios før klokka halv åtte, og enkelte i familien sto og trippa framfor den største og verste berg- og dalbanen til den opna. Kvar si lyst, seier eg, som sat i sola og nytte at det var passe å kle seg i shorts og singlett frå tidleg morgon (men slike tidlege morgonar gjer at ein blir trøtt på kveldane)
Bilen viste 96 fahrenheit kl 14 idag, det er 36 gr C...veit knapt om eg har opplevd det før. Men oh, det er godt!!!
Kveldstemning ved hotellet

fredag 29. juni 2012

En tålmodig liten kar og anna nytt

Dette må være den mest tålmodige karen i reisefølget, han godtek fullt tempo og venting, sol og regn, og stråler opp i eit smil når nokon snakkar med han:
Benjamin
Igår(onsdag) var vi litt late og shoppa litt og bada mykje!

Eg prøvde meg som sjåfør på dei amerikanske vegane, litt nervøs først, så tøff når det gjekk bra:)  På kvelden køyrde vi til Davenport og besøkte Elisabeth, jammen er ikkje verden stor når ein kan dra på kaffebesøk til slekta i Florida! Kjekt å treffe henne og kjekt å sjå leiligheta deira.
Idag, torsdag, har vi vore i Universal studios, der er det ein eigen Harry Potter-del, med slottet og landsbyen. berg-og dalbaner og kafèar og det var heilt klart stor stas!Vi åt på engelsk pub og drakk smørterøl(butterbeer) Konklusjon: der er litt smere, smakar karamell og er litt mykje av det gode!
(
Foran slottet
I tegneseriedelen av parken

onsdag 27. juni 2012

Park-kondis og anna feriesnakk

"Du kan bli våt", endeleg forhåndsomtale som held ord! Klissvåt, tenkjer eg vi seier...
 Lang dag er til ende! Det krever si kvinne(eller mann) å gå i park heile dagen! Eg har testa ut eit av mine nye par med sko, dei var supre! Vi har vore i Animal kingdom og stått i kø, sett ville og villare dyr, nokon utkledd som dyr i parade, utdrag frå Lion King-musikalen, vorte våte av både regn og flåte, reist på safari og gått fottur i jungelen.
Til slutt var vi i badeland(Blizzard beach), det var godt for både store og små! Varmt, vassklier som passa for alle, mest for dei små, mest for mor og mest for fryktlause tenåringar. Alt var laga som eit skisenter i Alpane, der det hadde vorte sommar og varmt plutseleg! Tenk å berre gjere det ein vil, utan å måtte stå særleg i kø eller gjere som nokon andre bestemmer...
Det kan vere godt å ha store søskenbarn når dagen blir lang! (og som det ser, har det vore litt regn)

Dagens kuriosa: Mannen skulle lage middag og tok feil av salsa og pizzasaus til pastaen. Det vart cross-over-food av beste sort, kanskje litt sterkt til dei minste små, men godt! I morgon skal vi kjøpe meir salsa, så vi har til tacoen.

Skjeggøgle (bearded dragon) som vi såg på Orlando Science center igår

tirsdag 26. juni 2012

Shopping in America


Yuhu, eg har eit ekstra gen på shopping, særleg når det kjem til sko! Og idag fekk eg jammen med mann og barn på det, og vi har kjøpt nesten skumle mengder sko ;) Det er heilt andre prisar og utvalget av størrelsar og variantar her, særleg når ein har brei fot eller smal fot eller berre har lyst på noko anna! Men enno er eg oppe i berre to par og det er ingenting!!

Itillegg har enkelte i familien kjøpt fotoutstyr, vi har vore på eit Vitensenter(Dei hadde slangar der, dei har eg ikkje sett, men er såg på aligatorar og skilpadder) det var dinosaurutstilling som var veldig bra og mykje lokal geologi.

Vi har ete på ein særdeles lokal diner til lunsj, det var ein stad der dei fleste truleg gjekk ofte og det var god og rimeleg og rikeleg med mat! Og vi har kjørt rundt og leita etter butikkar og testa samarbeid om GPS og kartlesing. Vi er framleis gode vener!


Idag får eg til å legge ut litt bilder:
Fredag morgon og eg twitrar frå Kastrup


Laurdag var vi i Magic Kingdom, og gutta(bakert) har funne noko med vatn og fart!

På ustødig grunn!
Slik var været i går!

LIke blid tross regn og våte klær!

mandag 25. juni 2012

Debbie

er eit nytt kjennskap eg har gjort idag. Ho er ein tropisk storm og ville være med i Disney Hollywood studios, med den følgje at ikkje ein tråd var tørr då vi kom heim!


Men vi har opplevd forskjelleg lell:) For til forskjell frå Trøndelag er det varmt sjølv om det regnar og bles. Og det er faktisk varmast ute, sidan air condition er på overalt inne, så eg gjekk ut for å bli varm(ikkje standard for ein nordmann!)

Nokre glimt frå igår, då vi var i Disney Magic Kingdom

Vi bur på leilighetshotell, det er luksus med kjøkken, vaskemaskin og fleire bad!



Eg får ikkje lasta inn bilete idag, så det får bli seinare:)

søndag 24. juni 2012

Ferieblogging

Det er ferietid, det er utlandstur og det er familietid!
Fredag reiste vi på årets ferie :) reiseruta var København-Toronto-Orlando. I København åt vi frukost, før vi oppdaga at flyet vidare var forsinka pga torden i Toronto. Heldigvis finns fine kvilestolar i stillesona, dei skal vi finne fort neste gong!
Men omsider gjekk flyet vidare, og då vi kom til Toronto utpå ettermiddagen var flyet til Orlando reist utan oss... Eg fekk oppleve noko nytt, å bli ropt opp på flyplassen :) det var ikkje verre enn at dei hadde nye boardingkort klare til meg. Så vart det sushi og pizza før vi reiste vidare. Det vart seint på natt før vi kom fram, 28t frå vi sto opp til vi la oss, men det gjekk greit(iallfall nesten, vi var litt uggne i kroppen og slappa)
Laurdag morgon kom vi oss opp, fekk henta ut leiebil og etter litt plunder med GPS fann vi vegen til Disney og der sto jammen Margrethe og gjengen og venta på oss ved inngangen! Ikkje verst:)
Kort oppsummert: fredag frukost i Køben, middag i Orlando og kald drikke i Orlando! Laurdag: Frukost i Magic Kingdom, litt solbrent i overskya, varmt vær og middag på hotellet.
I dag regnar det, men vi er klare for nye eventyr!

onsdag 20. juni 2012

Ei tid for alt

heiter det.
No er det tid for avslutningar! Det kjem ryggsekkpost til alle(eller iallfall til dei som har barn som tek fram det som ligg i sekken og viser til foreldra): Ta med grillmat eller piknickurv eller noko til eit fellesbord, eller jenteforeldre tek med kaffe og guteforeldra tek med noko å bite i. Ta med sitteunderlag eller pledd eller stolar å sitte i. Ta med godt humør og frisbee! Det er ikkje værforbehold! Det finns ikkje dårleg vær, berre dårlege klær!
Så kjem mailar om endring av tidspunkt, endring av oppmøtestad og meny. Så kjem telefonar om at nokon må ta med grill, sidan fellesgrillen allereie er utlånt til ei anna klasse og har du gitar? Det er så kjekt med litt allsang! Så kjem tekstmelding om nokon har tid til kjøpe blomster til lærarane og kanskje litt kjeks slik at vi er sikre på at det er nok!
På dette tidspunktet er eg litt lei og byrjar i smug å leite etter ein grunn til å la vere å gå, travelt på jobb? Den går ikkje! To ting på ein gong? Kan nesten gå... Sjuke småsøsken? Nei, han er for stor... Dårleg vær? Tja, kan ikkje forsvare at eg har kjøpt den dyre regnbuksa då...
Så vi går, med kurva full av det som var i kjøleskapet, sidan ingen har huska handle. Det vart kylligfilet til mor, fiskeburger til far og to pølser til junior(og kryssar fingre for at junior ikkje blir sjuk, sidan dei har ligge LITT lenge i kjøleskåpen) Han som ikkje skal på grilling må lage seg ostesmørbrød. Så møter vi andre familiar vi ikkje har sett sidan julefrukosten og som det er kjekt å snakke med og vi et og skrattar og pratar og seier at jammen skulle vi sett kvarandre oftare og det jo ikkje så ille vær når vi først har tatt steget over dørstokken og er uta! Læraren får blomster rog ungane syng ein sang dei kan, og gutane på bakerste rad får beskjed om å ikkje tulle.

Og så, heilt plutseleg kjem sommarferien! Og det er tomt på kjøleskapsdøra og tomt i mailboksen og vi treff ingen andre foreldre, enno vi sa det hadde vore kjekt å møttest eingong utanfor skuleregi. Vi reiser på ferie eller sit i solveggen eller inne fordi det regnar, og trur dette er kvardagen...