onsdag 20. juni 2012

Ei tid for alt

heiter det.
No er det tid for avslutningar! Det kjem ryggsekkpost til alle(eller iallfall til dei som har barn som tek fram det som ligg i sekken og viser til foreldra): Ta med grillmat eller piknickurv eller noko til eit fellesbord, eller jenteforeldre tek med kaffe og guteforeldra tek med noko å bite i. Ta med sitteunderlag eller pledd eller stolar å sitte i. Ta med godt humør og frisbee! Det er ikkje værforbehold! Det finns ikkje dårleg vær, berre dårlege klær!
Så kjem mailar om endring av tidspunkt, endring av oppmøtestad og meny. Så kjem telefonar om at nokon må ta med grill, sidan fellesgrillen allereie er utlånt til ei anna klasse og har du gitar? Det er så kjekt med litt allsang! Så kjem tekstmelding om nokon har tid til kjøpe blomster til lærarane og kanskje litt kjeks slik at vi er sikre på at det er nok!
På dette tidspunktet er eg litt lei og byrjar i smug å leite etter ein grunn til å la vere å gå, travelt på jobb? Den går ikkje! To ting på ein gong? Kan nesten gå... Sjuke småsøsken? Nei, han er for stor... Dårleg vær? Tja, kan ikkje forsvare at eg har kjøpt den dyre regnbuksa då...
Så vi går, med kurva full av det som var i kjøleskapet, sidan ingen har huska handle. Det vart kylligfilet til mor, fiskeburger til far og to pølser til junior(og kryssar fingre for at junior ikkje blir sjuk, sidan dei har ligge LITT lenge i kjøleskåpen) Han som ikkje skal på grilling må lage seg ostesmørbrød. Så møter vi andre familiar vi ikkje har sett sidan julefrukosten og som det er kjekt å snakke med og vi et og skrattar og pratar og seier at jammen skulle vi sett kvarandre oftare og det jo ikkje så ille vær når vi først har tatt steget over dørstokken og er uta! Læraren får blomster rog ungane syng ein sang dei kan, og gutane på bakerste rad får beskjed om å ikkje tulle.

Og så, heilt plutseleg kjem sommarferien! Og det er tomt på kjøleskapsdøra og tomt i mailboksen og vi treff ingen andre foreldre, enno vi sa det hadde vore kjekt å møttest eingong utanfor skuleregi. Vi reiser på ferie eller sit i solveggen eller inne fordi det regnar, og trur dette er kvardagen...

1 kommentar:

  1. Treffende og godt sagt! Kjøleskapet ser tommere og tommere ut mot sommeren. Og det er deilig! God sommer :-)

    SvarSlett