tirsdag 22. januar 2013

Vekestart veke 4 / lesetips

Dagane går så fort så fort, veka startar nesten før ein får sukk for seg. I dag er det allereie tirsdag og eg er seint ute med vekestarten... Det kjennes av og til ut som eg brenn lyset i begge endar og at noko varmt er midt under lyset, og at lysninga i enden av tunellen er eit møtande tog. Kort sagt det går fort, for fort, for ofte, for lenge. Dagane mine blir oppetne, eg har skuldrene langt over hodehøgde, kalenderen er full(eg var på møte i dag, vi var 7 stk og vi greidde ikkje finne ein ny dag å møtast før uti mai der alle kunne...kva er det med oss?!) og klokka går fortare enn normalt.
Jobben treng meg, eg les jobbmailen heime for å vere førebudd på overraskingar før neste dag. Heimen skrik etter stell og vask, mannen er ein eg finn sovande på sofaen eller på veg inn når eg er på veg ut! Tenåringane går for kald lut og tørt brød, middag bør vere kjapt å lage og lett å ete... 

Eg likar IKKJE å ha det slik, eg har det ikkje slik heile tida, naturlegvis, men det toppar seg nokre dagar og veker. Kroppen min ropar "nei til stress" og knyter ryggen, nakken stiller seg i konstant giv-akt, forkjølelsen lurer bak eska med snytepapir, eg søv dårleg og for lite.
Eg likar best rett-fram-dagar, dagar eg veit korleis blir, der eg rekk sette på vaskemaskina og henge opp vasken etterpå, tømme oppvaskmaskina, dagar der eg kan snakke med mannen etter middag, spørre korleis dagen har vore til ungane -og ha tid til å høyre svaret, ikkje minst... Eg vil ha livet mitt i water!

Då gjeld det ha pusterom, pustehol. Kanskje ein lunsjavtale, ein kveldstur. Ta ein fridag og sjå dagslys! Treffe fine folk som lar meg vere meg, der praten går om alvor og latter sitt laust. Bestemme at husvask ikkje er viktig, gjere noko lystbetont istaden for. Ein kopp te (og kanskje ein sjokoladebit?) og godt lesestoff. Dei som kjenner meg veit at laurdagsglede for meg er ein stabel aviser og god tid til å lese! Men ein stabel bøker er og fint:)  Eg veit det, men gløymer det stadig vekk, særleg når kvardagen sakte men sikkert slår om tempoet til fortare enn fort, at eg må finne ei lomme i kvardagen.

Idag sette eg meg i kurvstolen ved vedomnen etter middag, og las bok før eg skulle på møte. Noko av det luraste eg har gjort på lenge! Varme og godstol og bok, perfekt!! 






Eg har rekt å lese litt i det siste, heldigvis, ei lita pustelomme og flukt frå kvardagen...
Anbefaler alle bøkene det er bilde av her! 
  • "Haren med øyne av rav" er ei familiehistorie om jødar, rikdom og Europa i endring. Og om ein skatt som er redda, som det einaste familieminnet gjennom krigar og forfølging. 
  • "Himmel over London" er krim, historie i historia, kva er realisme og kva er fantasi, kven drøymer og kven diktar? Fasinerande! 
  • "Jeg nekter" er sorg og glede, barndomsminner, sett frå fleire sider og vil vi nokon gong forstå det som skjedde oss, vi som ikkje er del i historia ein gong!? (og eg fekk den av junior til jul, han hadde plukka den ut sjøl, med hjelå i bokhandelen og prøvd å forklare kva bøker mor brukte lese! Blink!)
  • "Hestekrefter" er historia til mange som voks opp på bygda, kanskje ikkje med dei samme konfliktene, jenter som reiste og gutar som vart igjen. Trist så det held, munter så du ler og får lyst å lese høgt!
  • "Å telle duer" Ei perle av ei bok, fransk, om nokon som ikkje passar inn, nokon som ser og nokon som blir sett. Den må du lese!!! 
Dagens ord er ei setning frå den siste boka, som beit seg fast i meg, som er gjenkjenneleg frå begge sider:
Hvis det å være intelligent handler om vilje, ville jeg vært ett geni, det skal jeg hilse og si. For jeg har anstrengt meg, jeg. Det har jeg! Germain Chazes(som er hovudperson i boka)
Ha ei strålande veke med lave skuldre og finn dine pustehol i kvardagen!

2 kommentarer:

  1. "Jeg nekter" er ei virkelig god bok.
    Rørende, og med et veldig godt språk.
    Per Petterson har skapt sitt eget univers...

    Anbefaler deg å se filmen,
    "Møte med Margueritte,"
    etter boken "Å telle duer."
    Den er, i likhet med boken, veldig fin.

    God bok! (:

    SvarSlett