mandag 30. april 2012

Slekters gang

I går vart ei lita frøken som eg er gamletante til døypt, det vil seie at eg er i besteforeldregenerasjonen?! Det er barnebarnet til mi søster, rett nok storesøster, men lell...
Då byrjar tankane å gå ;)
Min dåpsdag, med gamletante og bestefar

Min bestefar var fødd i 1880. Slikt skjer i familier med slakke i generasjonene. Han var 88 år når eg vart fødd(og på bildet over saman med søstra si som var litt yngre, men lell fødd i ca 1890. Gamletanter er altså gamle, unntatt meg då. Eg huskar dessutan gamletane som litt streng og bestemt, men mest omsorgsfull. Godt forbilde)
Eg huskar bestefar så vidt, som ein tålmodig, snill bestefar. Han døydde då eg var 5 år.
Vi samarbeida, på den måten at han plukka opp det eg kasta ut


Som vaksen har eg så mange ting eg gjerne skulle spurt han om, han opplevde så mykje av forandringar! Han var 2 gonger i USA før 1912, jobba som skogsarbeidar første gongen og kjøpte seg gard andre gongen. Så kom han heim, traff bestemor, gifta seg og flytta igjen til USA i 1917. Der dreiv dei gard og fekk to barn. Bestemor trivdes godr, men bestefar sakna fjella der dei budde på prærien. Då eg såg "Huset på prærien" dikta eg nok litt inn om bestemor og bestefar:) Dei kom tilbake til Norge på 20tallet og slo seg ned i Norge. Korleis var det å reise så langt den gongen, han kunne ikkje språket, hadde knapt med pengar,  kunne ikkje systemet. Eg syns det var langt då eg reiste til USA for første gong i 2007, og spennande å skulle oppleve noko nytt. Han hadde ei eventyrlyst eg ikkje har arva.
Korleis var samfunnet i Norge før 1900 når han vaks opp på ein liten husmannsplass, og måtte byrje å jobbe før hanvar 10 år, på ein gard langt borte? Ikkje som no når ungene mine er borte nokre dagar, og eg sender tekstmelding og lurer på korleis det går. Og før det kunne vi iallfall ringe. Sendte dei brev den gongen, kom han seg heim til jul eller hadde han flytta og måtte ha sitt eige liv og klare det sjøl?
Ung dame i leikegrind
Dette er eit tema eg skal skrive meir om seinare. Muleg det er alderen, men eg har vorte meir opptatt av gamle dager:)
Og til neste innlegg frå gamle dager, skal eg scanne bilda!

1 kommentar: