torsdag 14. november 2019

November

Eg har i fleire år hatt prosjektet "å leve i november", altså ikkje ta advent og desember og jul på forskot. Eg veit ikkje kva som har skjedd, for i år har eg ikkje rekt å tenke tanken på å ta noko på forskot, eg har meir enn nok med å spa unna det som skjer her og no!
Og det hjelper naturlegvis at været har vore bra, kaldt og klart, ikkje regn og mørkt! (ikkje for det, eg saknar dagslys! Det er mørkt når eg står opp og mørkt når eg kjem heim frå jobb.) 

Men i helgene er det lys! Her er nokre glimt frå sist helg:

Asalea i solnedgang

Lys i mørketida!


Litt advent har snike seg inn...det vart ein boks peparkaker med heim ein dag, og eg jobbar med å drikke opp juleteen får i fjor!

søndag 10. november 2019

Farsdag

Søndag, god tid, farsdag.
Og tid til lang frukost.
Mannen har vore ei veke i Wien med jobb, og det var godt å starte dagen roleg, med god tid, mat og prat.


Det er liksom ikkje slik når eg spring i meg frukost på kvardagane...

mandag 4. november 2019

Måndag

Enkelte måndagar er meir måndag enn andre måndagar. Idag for eksempel.


Ikkje det at det var noko spesielt ille som skjedde, men kombinasjonen

  • måndag
  • mange minusgrader ute
  • måndag
  • november
  • måndag i november
  • glatt å gå til jobb
  • måndag
  • sove for lite
  • tomt for brød
  • kaldt inne
  • eg er heime åleine
  • måndag
  • det er tidleg i november

Men eg gir ikkje opp!

Eg drakk ein kopp te før eg gjekk på jobb. 
Eg har mykje ullklær, og kledde meg godt.
Eg tok bilde av meg sjølv med glitterfilter, det hjelper!
Eg lagde middag av restar  #etoppmatendin Gulrot og blomkål i omeletten er undervurdert.
Eg har sove middag. 
Eg har prøvd å vinne over klesberget på vaskerommet. 
Eg har fyra tett og trufast frå eg kom heim frå jobb. 
Eg har bakt rundstykker. 
Eg har førebudd noko eg gruar meg litt til. 
Og eg har lese ei heilt enkel, lett bok, med ei dame som ser inn i bakgrunnen på framsida (det er ein eigne sjanger! https://biblioteket.trondheim.kommune.no/innhold/voksen/tips-og-anbefalinger/manedens-leseutfordring/februar-en-bok-med-en-person-med-ryggen-til-pa-forsiden/)
No skal eg snart ta på nattkjolen i ull og sove! 

onsdag 30. oktober 2019

Foredrag

Då eg starta i nyjobben (kor lenge er ein jobb ny, forresten? Eller kor lenge er eg ny? Det har starta minst 3 stykker etter meg) vart eg spurt om å ha eit foredrag om den forrige jobben min. Det har ført til at eg i det siste har sett igjennom mange hundre bilder, for å finne illustrasjonsbilder. 
Bilder er effektivt til å få igang mimring!




Eg skal ikkje gje dykk dei mest blodige her! Ikkje til dei nye kollegaene heller, når eg tenkjer meg om.



Sopp sett i mikroskopet er fantastisk vakkert!



tirsdag 29. oktober 2019

Det eine treet

Du veit dei beskjedane om at "på tirsdag stiller alle i svart eller grått"?



Trur nokon ikkje fekk med seg den beskjeden. Eller så er dette eit tre som har sin eigen stil!

Fint var det iallfall då vi såg det i skogen på søndagsturen vår!

mandag 28. oktober 2019

Oktoberslutt

No er straks oktober historie. Idag var det mørkt når eg gjekk til jobb, og mørkt når eg gjekk heim (no skal det seiast at eg satt litt lenger enn vanleg på jobb) Men eg er ikkje så glad for vintertid... eg treng dagslyset!
Sidan bloggen lever litt sitt eige, einsame liv for tida, tek eg eit slags oppsamlingsheat for oktober, og gir deg nokre bilder!

Matpakkelunsj.
Det som er trist om morgonen, smakar
alltid godt til lunsj! Sjølv tørt brød med brunost.

Ut på tur, aldri sur! Og sol! 

Sakte helgefrukost.
Den beste luksusen eg veit
(særleg no når eg står opp kl 6...)

Plutseleg var det frost.
Og ringblomsten måtte gje tapt.

26 år sidan vi gifta oss.

Togtur over Dovrefjell.
Langt der bak er Snøhetta.

Den finsaste utsikta! 
Dukkevogna mi og dukkene fekk
vere med heim att!


Fredagspizza.

Meir tur og meir sol.
Og haustfarger!

Eg har tatt influensavaksine.
Det er jobben, ikkje alderen! 
Oktoberhimmel.
Så glad for kamera på mobilen til å fange
slike øyeblikk


Den første snøen. 
Dette var nokre glimt frå ein hektisk månad! Håper du får ei strålande veke!

søndag 20. oktober 2019

Livet

Livet går litt fort, eg trur nokon har triksa med kalenderen min, for det kjennes ikkje ut som det er ledige hol der.

Men eg gjer så godt eg kan, eg er på jobb, eg er på korøving, båten har kome på land (heilt utan mi hjelp) og haugen med skitne klær held seg på stabilt nivå (å få den vekk, virkar som ei umuleg oppgåve)



Eg har ein ambisjon om å skrive eit skikkeleg innlegg ein kveld, veit ikkje kva kveld.