Kaldt. Men for eit lys! Og fine løyper. Godt selskap. Mykje folk på parkeringsplassen, men skogen var stille!
Det har vore mange fine skiturer i desember. Å kjøpe nye ski var lurt (sjøl om det kjentes litt dyrt) ski med faste fellar gjer det veldig enkelt å kome seg ut, det er berre å ta dei med, så er eg klar.
Men no er det nyttårsaften. Eg må gjere nokre førebuingar og etterkvart pynte meg.
Godt nytt år til deg som les! Eg veit jo ikkje kven alle er, men eg håpar kvelden blir fin og at 2018 nlir eit godt år for DEG.
søndag 31. desember 2017
fredag 29. desember 2017
Jul og romjul
Eg er her. Berre ikkje så mykje på nett.
Juledagane går fort. Det er mykje mat. Vi har vore borte på besøk, vi har hatt besøk. Eg har vore på jobb. All tida eg skulle bruke til å sitte i sofaen og lese eller sjå film har blitt borte.
Snart er romjula over, og vi skal starte eit nytt år. Men først skal eg lese litt!
![]() |
| Ikkje ei jul uten alligator |
![]() |
| Og det må vere englar i treet. Helst mange. |
![]() |
| Frukost 1.juledag |
![]() |
| Kvit jul. På skitur. |
![]() |
| Julehjort |
Juledagane går fort. Det er mykje mat. Vi har vore borte på besøk, vi har hatt besøk. Eg har vore på jobb. All tida eg skulle bruke til å sitte i sofaen og lese eller sjå film har blitt borte.
Snart er romjula over, og vi skal starte eit nytt år. Men først skal eg lese litt!
fredag 22. desember 2017
22.desember, kva har eg brukt dagane til?
Idag er det 22.desember, og første juleferiedag. Eg vakna i mørket, sto opp, slo på lyset i stjerna og og fyra opp. Ute hadde det snødd i natt, så etter dei siste dagane med is og regn og varmegradar, hadde forsvunne under eit (tynt) kvitt lag. Eg laga ei kanne te og skar ei skive av julebrødet eg bakte i går. Høyres det ut som ein klisje? Det kan høyrest slik ut, men det er heilt sant!
![]() |
| Frukost |
(Og peparkakebakarane som forsvann ut av huset ei stund etter at avisbodet hadde levert avisene i dag tidleg, hadde både rydda og vaska etter seg, stort sett)
I november, då det verka uengeleg lenge til jul(kanskje ikkje så lenge som då eg var 8 år, då var det omtrent like lenge frå 1.desember til julaften som frå jul til sommarferie) skreiv eg fleire lister med kva eg skulle gjere i desember, og har eg klart å følgje mine eigne planer? (altså, eg har jo varma fiskekeker til middag, vaska klær, vore på jobb og slikt, men i tillegg) Ikkje huskar eg kva eg skreiv heller...men no skal eg sjå det punkt for punkt:
- julemusikk! Ja! Dette har eg klart. Om morgonane på veg til jobb har eg høyrt på NRK klassisk, og kosa meg med å sleppe politiske debattar etc, kanskje eg berre skal fortsette den vanne?
- julebakst, eg har bakt berlinerkransar og brune pinner. Julebrød i fleire rundar, dei har ein tendens til å bli oppetne ganske fort! Felles bakekveld med vener, eg bakte lefser og delte med dei andre, og fekk kolakaker, havrekjeks og krumkaker i bytte. Ein god tradisjon vi skal halde ved like! Den engelsek fruktkaka er laga for ei stund sidan, og skal nytast når juletreet er tent i morgo kveld.
- juleblomster, kanskje ikkje så mykje som planlagt, men eg er på runde to med sviblar og amaryllisen blormstrar. Ny azalea blomstrar saman med den eg kjøpte til jul for 3 år sidan. Krans på døra har vi ikkje, men eg har kjøpt juletre. Einer med lys og kuler i nisjen i trappa, det skaper stemning i heimen.
- adventskalender. Eg har vore kalenedergeneral på jobb, men heime har det vore litt til og frå. Det hadde litt med ein liten Romsdalstur i starten av desember å gjere, eg kom på etterskot med både det eine og det andre. Trur eg har igjen meir enn halve tekalenderen, men den kan eg gjerne drikke i romjula og på nyåret også! Felleskalender med mannen og kalender dei dagane ungane er heime, har vorte berre nesten... Men kanskje neste år?!
- julekrybba kom fram 1.desember, og har fått ein ny figur nesten kvar dag. No manglar berre Maira og Jesusbarnet. Denne vesle stjerneguten pyntar opp på stova og syng med kvar gong eg sett på julemusikk! (trur eg)
- LYS! Eg har tent levande lys, eg har hatt lyslenker, eg har stjerne med lys, kuler med lys og lysestake i kjøkkenglaset. Det gjer så godt!
- lammerull og sylteflesk. Eg har laga begge deler, og tomatsilda er laga. Alt er testsmakt og godkjent, no ventar eg berre på å kunne ta det fram til julaften. Gler meg! Og eg har kjøpt røkt villaks, juelansjon, gode ostar, rømmesild, fenalåret er fedig og klart til smaking. Nam! Svolte treng vi ikkje vere denne jula heller!
- klementin, det er advent altså! Lurer på kor mange kilo vi har ete...
- Ta fram julepynten lille julaften, og pynte huset, altså i morgon. Det blir kjekt!
- julegåver er vel også ein del av advent. Trur det meste er i hus no, men eg har igjen ein del innpakking. Det får bli i natt eller noko.
- eg har kjøpt julegodteri og gøymt unna, og det skal bli stas å ta fram. Alltid marsipanfrukter og i år også norske nøtter. Det er smak av barndom det!
- julehatt! Den og julegenser blir nok ein fast tradisjon i desember, til spesielle høve. Særleg på jobb, der enkelte har lurt på kva eg eigentleg driv med! Både julegenser og Lucia har eg tatt meg av i år :)
- Julebrev er det dårleg med, kanskje det blir tid i romjula? Eg kosar meg iallfall med å lese det alle de andre sender meg!
(om eg er så i ruta at eg har tid til å sitte her og blogge i det vide og breie? Tja? ! Det er ein måte å unngå at eg gjer for mykje, for ryggen syns vel at eg har strekt meg vel langt i det siste. Så då prøvar eg leve litt saktare, til glede for resten av familien, som heller vil vaske enn at eg skal bli liggande)
![]() |
| I skogen er det ferdig pynta! |
Og jul blir det! Uansett! Med eller utan hybelkaninar i krokane...
torsdag 21. desember 2017
21.desember
Juleferie!
Det er godt det. Og dersom ryggen no kunne spele på lag med meg, så blir eg nok feridg. Eller, ferdig blir eg uansett, når julaften kjem er det jul, uansett.
Ikveld kom yngstemann heim. Eldstemann bakar pepparkaker med vener, mannen er på møte(kven er det som legg komitemøter til 21.desember?!) Eg passar sofa og tv og skriv handleliste. Gler meg på dagar med familie og vener. God mat, god tid, eg er heldig!

| Amaryllis og stjerne i blåtimen |
mandag 18. desember 2017
18.desember
Det finns dei som må ha med seg alle Star wars-filmane. Og så du har meg. Så eg har vore heime åleine i kveld. Eldstesønnen har kome heim på juleferie, og vart med faren på kino.
Eg har gjort forskjellege ting. Men særleg ein viktig ting: tomatsilda er no på glas! Og er vi heldige, held den heilt til jul! Det kjem vel an på om eg klarer halde meg...
Og eg har gjort meir og er snart på rett stad på kalenderlyset. Mykje å halde styr på i adventstida!
Eldstesonen kom seg laus frå fjellet, og om nokre dagar kjem yngste sonen heim. Mistenker at han har med kontrabassen sjøl om det er ferie.

søndag 17. desember 2017
3.søndag i advent
Vips var det 3.søndag i advent, og det er berre ei veke til julaften. Huskar eg kjente meg skikkeleg snytt første gongen eg oppdaga at 4.søndag i advent og julaften fall på samme dag. Kunne det verkeleg vere lov? Slå saman to dagar på den måten?! No tenkjer eg meir på at advent blir litt kort når julaften er på søndag... Men det må innrømast at så veldig stressa er eg ikkje, vi blir ferdige, etter prinsippet "godt nok" og vi tek det vi rekk! Men skulle du kjenne på sresset, så les dette diktet, sakte:
Berre ta det heilt med ro
Du pustar
Hjartet slår
Hår og neglar veks
Kvil i denne tomme stunda
Hans Sande
Eg syns vi har fått mykje ut av helga. Vi har bakt litt.Vi Mannen har vaska badet. Eg har vaska skapet med servise på stova, det er fullt og det bakerst blir fort litt støvete... Ikkje no lenger! Vi har gått på ski, medan det snødde og løypene vart finare og finare (litt straff for det idag, ryggen syns det vart mange oppoverbakkar) Vi har hatt lange frukostar, med levande lys og fyr i omnen. Saktetid og lave skuldre.
Og idag har vi vore på grautfest, lang tradisjon med vener. Det blir færre barn som er med, men kan dei, så kjem dei (men mine satt fast i ein kontrabass eller eit fjell) Spleiselag, nokon fiksar graut, andre spekemat og flatbrød, nokon kake og snop til kaffen. Vi sett av tid saman. Dette er folk eg kjenner godt, og dei kjenner meg og mi historie. Vi treng ikkje mykje tid for å kome til kjernen! Idag kom vi inn på bekymringar, det å bekymre seg for ting, meir eller mindre med god grunn. Og vi snakka om korleis vi lever med, kloke løsningar og gode tips. Skal ikkje påstå at vi har løst alt, men det var ein god prat. Medan vi åt kaker og julegodter!
Trur eg er ganske klar for ny veke no!
Berre ta det heilt med ro
Du pustar
Hjartet slår
Hår og neglar veks
Kvil i denne tomme stunda
Hans Sande
![]() |
| Brillene dugga på innsida og snødde igjen. på yttersida Litt farefullt i nedoverbakkane, meg eg oppdaga hunden før eg kjørte på den...og det same med dei to små som streva oppover i fiskebein. |
Eg syns vi har fått mykje ut av helga. Vi har bakt litt.
Og idag har vi vore på grautfest, lang tradisjon med vener. Det blir færre barn som er med, men kan dei, så kjem dei (men mine satt fast i ein kontrabass eller eit fjell) Spleiselag, nokon fiksar graut, andre spekemat og flatbrød, nokon kake og snop til kaffen. Vi sett av tid saman. Dette er folk eg kjenner godt, og dei kjenner meg og mi historie. Vi treng ikkje mykje tid for å kome til kjernen! Idag kom vi inn på bekymringar, det å bekymre seg for ting, meir eller mindre med god grunn. Og vi snakka om korleis vi lever med, kloke løsningar og gode tips. Skal ikkje påstå at vi har løst alt, men det var ein god prat. Medan vi åt kaker og julegodter!
Trur eg er ganske klar for ny veke no!
![]() |
| Det er ikkje så mykje lys i desember, men det som er er vakkert! |
torsdag 14. desember 2017
14.desember
Eg er åleine heime, og etter jobb idag tok eg meg saman og tok meg lista ei av listene mine og reiste på ein handlerunde for å kunne krysse av ein del punkt når det gjeld gåver. Eg blir svett og varm og litt matt allereie før eg startar slike dagar...men du verda så godt etterpå. Kjøpesenter rett før jul er stress, uansett, men eg måtte innom for enkelte ting fekk eg berre der. Eg vart naturlegvis ikkje ferdig, men eg har ei plan og ei ny liste med det som manglar.
Shoppinga vart avslutta med middag på kafe, eg er tross alt åleine heime! Og medan eg åt, kryssa eg ut det eg hadde gjort og sette nye punkt på lista.
Vel heime rydda eg spisebordet, tente lys og sette på julemusikk. Aksjon innpakking var igang. Den som leitar, finn, og etterkvart fann eg igjen klistremarker, gåveband og meir papir. Det passa godt å gjere dette åleine heim. Då kunne eg kikke på det som skal vere her i huset også, utan at nokon kom innom på feil tid. Og eg er så fornøgd med enkelte av gåvene, at det held hardt å ikkje fortelje om dei. Må vel vente litt med å avsløre?
Shoppinga vart avslutta med middag på kafe, eg er tross alt åleine heime! Og medan eg åt, kryssa eg ut det eg hadde gjort og sette nye punkt på lista.
![]() |
| I aksjon |
![]() |
| Klar til utdeling |
![]() |
| Fordelt i poser |
Vel heime rydda eg spisebordet, tente lys og sette på julemusikk. Aksjon innpakking var igang. Den som leitar, finn, og etterkvart fann eg igjen klistremarker, gåveband og meir papir. Det passa godt å gjere dette åleine heim. Då kunne eg kikke på det som skal vere her i huset også, utan at nokon kom innom på feil tid. Og eg er så fornøgd med enkelte av gåvene, at det held hardt å ikkje fortelje om dei. Må vel vente litt med å avsløre?
Abonner på:
Innlegg (Atom)