torsdag 25. juni 2015

Bloggar eg les

I tillegg til dei i bloggrullen min, er eg innom ein del andre slik dann og vann.
Under her følger nokre av dei:

Det er sikkert fleire eg ser innom også, men det er desse eg kjem på no. Etter ein Facebook-dialog med
Lamme Tanker var det vel bloggarar over 35 år ho etterlyste, og alle desse er ikkje det, men det er litt lett blanding i kva desse skeiv om! 
Kva bloggar ser du innom?




onsdag 24. juni 2015

Kvardagssukk

Eventuelt sjukmeldingssukk eller feriesukk. Altså, eit sukk over forskjellen på det ein får gjort og det som står på to-do-lista… Dette blir eit ærleg innblikk i kvardagen her.
(Eg funderar av og til over det eg skriv på bloggen. Det eg skriv er sant, men det er jo ikkje heile sanninga om livet mitt. Den vil eg ikkje dele, og det ville vore rart! Særleg for resten av gjengen i huset. Men bloggen er eit sortert utval av kvardagen min. Som idag blir ganske ærleg)

Eg veit at ryggen vil bli bra igjen, at ferien kjem uansett, at eg heller ikkje til vanleg rekk alt eg vil, men av og til blir eg litt overvelda over det eg ikkje klarer, evt ikkje rekk. Det er noko med å ha tid til å sjå på alt som ikkje er gjort.
Plena veks, det er godt grovær, men ikkje så ofte tørt nok til å slå den. Må sjå om eg kan lokke junior til å gjere noko med det i morgon. Det er planter som treng å pottast om. Det er ei tomatplante som treng støtte og meir jord(men lyspunkt: det er rødmande tomatar som snart kan prøvesmakast!)
Bilen skulle vore vaska og fått litt stell…
Huset skulle vore vaska(det står seg, naturlegvis, men det har stått seg så lenge…)
Hagen bak huset er gravd opp pga vegarbeid og kloakkarbeid, og kjøkkenhagen hadde ikkje godt av det. Den ser ikkje heilt bra ut, sjøl om abeidskarane har redda stumpane og flytta den eine kassa og prøvd å sette ned igjen plantene. Vi får sjå om plantene tålte lufteturen.
+++
Litt redusert

Ok, nok sutring! (og om nokon lurer på om ikkje mannen kan gjere noko av alt dette, så må han det, men han har ikkje meir enn 24 t i døgnet han heller…)
Idag gjekk eg på kafe! Eg har kjøpt bøker eg skal lese i ferien! Eg har trena. Slike ting klarer eg! Og eg skal lage middag!
Og eg har lukta på den store buketten med peon som pyntar opp på spisebordet!

tirsdag 23. juni 2015

Granskotsirup

Eg har sett bider og oppskrifter både her og der, og har tenkt at jammen skal eg lage granskotsirup ein dag. Det er jo berre å plukke granskot. Det er berre det at sjølv om eg ofte er i skogen, så gløymer eg å ta med noko å plukke i. Det er jo på ein måte ikkje stor fare for å finne verken moden multe eller tyttebær enno… Men ein dag klarte eg få med meg ein pose, og plukka litt her og der og plutseleg var posen full. Ca 1 liter granskot er vel bra?! Små er dei og, og eg syns ikkje eg kunne plukke reint eitt tre, så eg tusla rundt og plukka frå eit tre her og eit tre der.
Fine og lysegrønne

Vel heime fann eg fram oppskrift frå NRK og sette igang.
Eg renska fangsten, slik at det berre var igjen dei friske, lysegrønne skota.
Eg slo på vatn til det så vidt dekte, og sette til kok under lokk i vel ein halv time.
Det kokar sakte, og luktar juletre!
Etter koking, sila eg frå safta og kasta skota, som no ikkje hadde særleg frisk farge lenger.
Safta målte eg opp og blanda med sirup(3 deler saft, 2 deler sukker) og sette til kok(utan lokk) igjen. Det putra ca ein halv time, og vart tjukkare og tjukkare.
Gylden og fin!

Det feridige resultatet hadde ikkje den samme raudfarga som oppskrifta sa, men gylden og tjukk vart den. Vi testa den til Brie på nystekt eltefritt brød på søndag, med besøk ute på terrassen. Alt ville vel smakt godt i sola som omsider kom fram og varma oss, men eg kosa meg med maten! Vel verdt å prøve ein annan gong også, og då må eg ha meir granskot. For 1 liter skot ga omtrent 1 dl sirup!



Husmorpoeng? Jatakk!

mandag 22. juni 2015

Vekestart veke 26

Å, måndag igjen. Idag er det sol så langt eg ser! (eller det byrjar skye over, men kva gjer vel det?) Eg er litt solbrent, varm og god i kroppen. Eg har sitte ute i ein god stol og lese ei lettlest og hyggeleg bok. Eg har drukke litervis med iste og vatn, kjent svetten renne. Etterlengta!
Det har vore godt vær heile helga, vi har grilla, ete brunsj ute, funne fram parasollen, rett og slett kosa oss! Det er slike dagar eg legg i minneboka til haust og vinter og brukar for å fylle batteria når det blir kaldt!

Eg må ha solhatt! Kjenner meg litt som ei gammal
tante, men det er godt med solskjerming.

Grill i sol!

Nakne tær i graset! Det er sommar!


Så eit lite dikt. Er du som meg, er det ikkje same kva pute som ventar på deg. Den rette er god, hotellputer kan vere for tjukke, gjesteputer kan vere klumpete(iallfall her hos oss, må eg innrømme) No har eg ei veldig god pute, passe fast, passe stor, MI pute!

Hvem er det som venter på deg
uansett hva du har gjort
uansett hva du har sagt
mykere enn du hadde tenkt
bedre enn du kunne huske?

Puten din
I det slitte gamle trekket
et eneste stort kinn
av omfavnelse

Gro Dahle

fredag 19. juni 2015

Utelunsj

Det skulle vere opphaldsvær idag. Det slo ikkje heilt til. Det har vore både sol og regn. No derimot, er det SOL. Herleg!
Men igår bestemte eg meg for å ta med matpakka ut i skogen idag, og det gjorde eg. Været fekk ikkje ødelegge. Eg viste akkurat kvar eg ville, min fristad,  eit pausepunkt der eg ofte er.
På tur dit plukka eg granskot,  så no skal det bli granskogsirup. Enno ligg dei på benken og lukte juletre. (Og når eg plukka litt her og der på turen, risikerar eg ikkje å gå for fort og overbelaste ryggen.  Vinn-vinn. Å gå I myr er forresten ganske slitsomt...)
Å sitte ved eit vatn,  åleine,  langt vekk frå støv og kaos. Eg såg ingen andre. Eg høyrte fuglesang. Eg drakk te, åt niste, tomat og nøtter. Skuldrene fall på plass, eg pusta med magen. Litt regn er ikkje farlig og det finnes gode klær!
Nøtter i eit lite glas

No er eg klar for sommarfest på jobb!

(Og i morgon skal eg vaske joggeskoa!)

torsdag 18. juni 2015

Mammamas


«Har du huska...?» trur eg er noko av det eg har sagt mest i mine snart 19 år som mamma.
Pusse tenner, gre håret, skifte truse og sokker, skolebøker, niste, frukost, gymklær, leggetid, datatid, gå ut med søpla, spelelekse, lekser generelt, bursdagsinvitasjonen, innleveringsfristen, lading av mobiltelefon, innetider, lista er lang og lengre enn lang!

Noko har tydelegvis gått inn, dei siste åra har eg stort sett kunne legge bort gymklær og lekser frå lista, det går av seg sjølv, spelelekse likeså(ikkje så rart det siste kanskje, med ein som lever og åndar for musikk). Eg kan kome heim til oppvaskmaksin som er tømt utan at eg har bedt nokon om å gjere det. Skitne klær finn vegen til skitnekleskorga utan mas. Eg treng ikkje vekke om morgonen(men eg minner på om leggetid...) Tannpuss, dusjing og hårstell går også utan mi innblanding. Mat finn dei seg, det kan foregå spennande improvisajon over omtrentlege oppskrifter og kjøleskapsinnhald på dagar mor er borte eller seint ute.

Det er fine saker, eg (det er vel rettast å seie vi, sidan mannen og eg har hatt eit godt teamarbeid her)har altså lukkast med å gje dei ein del grunnleggande ferdigheiter(dårleg nynorskord!) Det er litt rart også, for eg vil så gjerne bidra med noko! Det fører til det ungane kallar mas, eller at eg bryr meg for mykje. «Kvar er du? Når kjem du heim? Korleis kjem du heim? Har du pengar? Kven er du saman med?» Eg blir møtt av: «Mamma, du hadde sove bedre om du ikke hadde brydd dæ så my»
Eg er ikkje sikker på om det går.

Men eg støttar meg til alle fagpersonar som seier det er godt for ungdommen at foreldra bryr seg! Eg bryr meg! Eg bryr meg innimellom for mykje! Som no. Når eldstemann er på ferie, Nordnorge rundt med ein kamerat. Turplaner lagt heilt utan hjelp av mor og far. Det er så eg får lyst å innvolvere alle eg kjenner nord for Trondheim, slik at dei har nødhamn om dei treng det! Eg spør om plaster, kart, ullklær, termos og gode sko. Eg har i det minste etterkvart fått reiseruta, og håpar eg skal få namn på dei som skal få besøk.
(Det kan vere at eg har gjort ting utan innblanding frå mine foreldre, men det er jo noko anna?! Dessutan er det forelda no!)

Denne karen, dog i litt eldre utgåve, reiser
på ferie utan mor iår.


Heldigvis er det enkelte ting er eg best på enno. Klesvask, innlogging på nettbank, utfylling av søknadar, og eg deler villig av min kunnskap! Eg lagar middag som rekk til alle som er innom, noko ekstra til kveldsmat når det er eksamenstid, gir frå meg stova når det er innrykk av vener, låner ut gjesterommet når siste buss har gått, masserer stive eksamenskuldre, lytter til hjartesukk over travle dagar med innleveringar i fleng, er i beredskap om nokon treng å hentast midt på natta, låner ut bil til den som har lappen. Eg sender SMS med lett forvirra spørsmål om kvar dei er klokka tre på natta, når eg trudde dei sov i senga si. Eg har lært meg å sove sjølv om ikkje alle er inne. Det er jo dette ein jobbar mot, at dei skal klare seg sjøl…og eldstemann flyttar til hausten(eg prøvar å forklare minstemann at all omsorg og bekymring vil ramme han då, han berre sukkar). Det er slik det skal vere, og eg reknar med at eg blir vant til det. Fordeler er det jo og, eg vil vite kva eg har i kjøleskapet, eg vil ha mindre klesvask, betre søvn og stillare hus.


(Og enno får eg nyte godt av andre sin kunnskap om oppgradering av datamaskiner, mobiltelefonkjøp, innstilling av tv og radio. Eg har nokon som er sterk og kan løfte sofaen, flytte spisebordet, nokon som kan hjelpe til med oppusiing, slå plena, fylle bensin og peile olje på bilen. Trur begge partar går ut i pluss, og at eg om nokre år får svigerdøtre som forstår at eg har prøvd å klargjere dei til livet!)

Og han som reiste avgarde no i dag tidleg, har fått instruksar som eg berre må håpe han huskar, om å vere forsiktig, ete og kle seg skikkeleg, gjerne gje eit livsteikn innimellom(og mor tenkjer at ho må på Snapchat, det trur eg er einaste staden eg kan rekne med å få kontakt…)

tirsdag 16. juni 2015

Vekestart veke 25

Korleis går det an at når eg har allverdas tid, er eg konstant litt seint ute med vekestarten…. Jaja, her er eg med eit dikt.

Idag i form av eit dikt eller kanskje eit hjartesukk? Eg fann dette på Instagram og kontoen @renpoesi, der blir det lagt ut dikt kvar dag. Vel verdt å følge om du er på instagram!

kjære Gud
er det her du vil jeg skal være
var det dette du så for deg
gjør jeg nytte for meg
er jeg til glede
for andre

Nils-Øivind Haagensen

Måtte dagen din bli fin! Her er det sol og regn, eg fekk sol i ansiktet og kjente eit snev av varme på tur i marka! Godtgodtgodt! Og ryggen fungerar såpass at eg kunne gå meg skikkeleg varm, ein fin dag!