søndag 29. mars 2015

Eit glimt av søndag (vekestart veke 14)

Søndag, og eg har jammen klart å legge ut eit glimt av kvar dag denne veka.
Idag må det bli kakebilete. Eg bakte sitron- og valmuekake igår, oppskrift kan du feks finne her. Eit glimt av fornuft sa meg at vi nok burde ha gjestar! Og det fekk vi. Kjekt!

Påskekake!
Vi åt den med lemoncurd og krem til.


Å kunne sitte saman nokre ettermiddagstimar, ete godt, prate om laust og fast, både alvor og mindre alvor, berre vere saman er godt!

Vennskap

Hva jeg søker i vennskapet
Nesten ingenting og likevel mer
enn jeg kan finne alene. For ennu leter jeg
og jeg søker ikke lenger trøst og trygghet
ikke engang bekreftelse søker jeg
Det har jeg fått eller stjålet som barn
Det forsøker jeg å gi mitt eget barn
Jeg er langt over førti år
Det er ikke mer å hente av slike ting
Min ensomhet blir ikke mindre av å støtte seg
til andres

Hva er det da jeg søker
Jeg går og bærer på biter av visdom
brokker av mening, ilanddrevne skår av
skjønnhet, bruddstykker som ikke passer sammen.
Og det jeg søker er noe som stemmer med mine
funn, de få og forferdende øyeblikk
da mine ord og en annens ord
plutselig faller på plass i hverandre
Og jeg ser mer enn jeg kan se alene
Jeg ser!

Stein Mehren 

Ønskjer deg ei strålande god påske! 
Det kjem nok nokre påskeglimt innimellom.


lørdag 28. mars 2015

Eit glimt av laurdag

Dersom eg hadde huska å ta bilete, kunne eg vist fram 32 rundstykker, 3 loff og ei kake med sitron og valmuefrø! Men nei, eg gløymte det før eg rydda opp og fraus ned det vi ikkje skal glede oss med til frukost.
Eg laga lemoncurd av eggeplommene som vart til overs etter baksten. Og den har eg bilete av! Den skal vi ett saman med kake og krem i morgon! Eg har aldri laga det før, og fann ikkje noko oppskrift som passa heilt ;) så det vart litt ad hoc, men det vart bra:
6 eggeplommer
50 gr smør
-rørast saman i ein kaserolle
Tilsett safta av 2 sitronar(og reve sitronskal, dersom du ikkje allereie har brukt det opp i kaka, som enkelte det kan vere naturleg å trekke fram hadde gjort)
-varm opp, sakte, med stadig røring(eg brukte iallfall 20 min) til det tjuknar
125 gr smør smeltast inn i massen under stadig røring(det er mykje røring) og sett til avkjøling.

Etter avkjøling fyller du det på glas, haldbart ca 3 veker i kjøleskap.
Ekte påskefarge!

Smakar kjempegodt på nystekt loff!!
Ellers er det godt til kaker, på scoones saman med krem etc.

Det eg eigentleg skulle gi deg eit glimt av, er turen eg hadde i skogen idag.
Det var skikkeleg påskestemning! Sol, snø(ok, ein del is også, det var perfekt med piggsko) varmt, lite folk, fuglesang etc. Eg kosa meg! (og eg er støl sånn i etterkant…det er mykje motbakkar i Estenstadmarka!)

Og med ein slik bustete hårsveis(bustetroll, med andre ord) er eg på lag med andre skogtroll!

fredag 27. mars 2015

Eit glimt av fredag

Påskeferien er her!
Det er lave skuldre og sakte tempo. Det er diverse planer for feriedagane, men i kveld gjer vi lite! Det er godt og sunt, trur eg.

Fredagsmiddag med pai med løk, skinke og spinat.

Det var fredagsstemning og eit drag av "snart ferie" i lufta på jobb idag også. Vi sa farvel til ein kollega som skiftar jobb etter 24 år, det var kake og talar. Og utlodning av påskeegg! Eg vann ikkje, sikkert like sunt. Men jammen blir ein som barn igjen ved sjansen til å vinne eit egg fullt av smågodt!

I morgon er plana å få fram påskedukar og divers pynt, men først må det ryddast. Så kvelden i dag skal nytast i sofaen!
God fredagskveld!

torsdag 26. mars 2015

Eit glimt av torsdag

Eller "slik lever dei der", kunne og vore overskrifta.
På baksida av huset vårt ender tomta mot ein fyklesveg som har vore planlagt oppgradert sidan vi flytta hit for 20 år sidan. Det går 30 bussar der i timen i rushen, så vi gler oss på at det blir oppgradert.
Og no skjer det. Etter 20 års venting.
Då ungane var små, turde eg nesten ikkje la dei leike bak huset, fordi det er rett ut i vegen med mykje trafikk. Skitten av alt vegstøvet var det og.
Men no bur vi altså på sida av omlegging av veg, kloakk, gangveg, bygging av støyskjerm etc. Dei har fellt masse bjørketre, dei har gravd, fyllt på masse, tomta vår blir brukt som lager for ein masse metallrør(eg veit ikkje kva dei skal brukast til) Og innimellom hoppar eg høgt av alle lydane, har du feks høyrt lyden av metallkontainer dratt etter gravemaskin på asfalt? Det er ikkje noko ein gløymer med det første.
Eg gler meg til det blir ferdig, då blir baksida av huset meir brukbar. Men det er først i 2017… først er det 2 år med anleggsarbeid, delvis i vår hage.

Idag såg det slik ut, hushjørnet til vestre.
Litt spent på om kjøkkenhagen som du glimtar til venstre
vil få plass og ro i år.


 For ei veke sidan var det slik.


Og for tre veker sidan tok dei ned trea våre.

Men når det blir ferdig, med støyskjerm og grøn mark igjen, drøymer eg om frukttre og drivhus bak her. Her kjem kveldssola også, særleg når all skogen er borte. Så kva med eit lite lysthus?!

onsdag 25. mars 2015

Eit glimt av onsdag

Eg gler meg til påske! Eg gler meg til å finne fram pynt og sette utover, legge på vårlege dukar og ha lyse farger på blomstrane!
Og eg klarte ikkje vente lenger då eg fann dei søtaste påskeharane :) Men desse lever farleg, villdyret lurer på byttet.

Leoparden lurer på byttet


(og så vart det visst to glimt av onsdagen, for eg må vise fram kor blå himmelen var då eg gjekk til jobb idag, og der fekk eg fram at eg gjekk :) For første gong på lenge, rett nok.)

Ok, litt stram i maska vart eg i konsentrasjonen over fotografeinga.

tirsdag 24. mars 2015

Eit glimt av tirsdag

Idag har eg ein slags fri. Eg har nytta høvet til å sove litt lenger enn vanlig.  Eg har gått tur og vore innom IKEA. IKEA er nok av det kjedeligaste eg veit...jada,  dei har mykje, det er litt å sjå på, ting eg plutseleg kjem på eg treng. Men det tek så lang tid, og dei eskene eg skulle ha flere av, finnes ikkje lenger. Eg fann andre, eg har kjøpt tulipanar og ramme til eit bilde som har ligge lenge på vent. Eg klarte å unngå å kjøpe servietter,  lys og batteri! 
Men før alt dette åt eg frukost.  Eg drakk te og åt omelett med masse brokkoli, løk og basilikum. Eg las avisene, på papir! Eg høyrte radio. Eg prøvde med varierende hell å ikkje surfe på nettet.  Eg hadde lys og levande blomster. 
Det passar med hashtag #kvardagsluksus #luksus etc 

mandag 23. mars 2015

Eit glimt av måndag

Eg har gått tur i skogen idag. Det slo meg undervegs at eg nok burde tenkt på at det ikkje er like mykje vår i skogen som i byen… Isen låg blank og glatt over heile vegen. Heldigvis finns det stiar inni mellom trea, og der var det bart, så eg kom meg fram. For eg hadde naturlegvis tenkt at joggesko var rette fortøy, og ikkje piggsko. Neste gong kan det vere at eg tek piggsko :)


Men der isen hadde smelta, var det herleg sørpete og skittent! Eg er glad vi har vaskemaskin, slik at eg berre kunne kaste alt eg hadde på meg, inkuldert sko, rett dit då eg kom heim!
Og med ein tur i skogen, har ryggen fått rotasjonstrening for idag.

Så får vi sjå om eg klarer kome med eit glimt av tirsdag i morgon.