søndag 30. november 2014

Vekestart veke 49

1.søndag i advent!!! No snør det faktisk bittelitt ute, men det er sikkert borte i morgen. Det er lys og stjerne i vinduet og fiolette dukar på plass. Her er alt på stell, eller iallfall vart det det utover dagen. Eller…kassa med adventspynt som står midt i stove, vitnar om at det er litt igjen. Men litt av sjarmen med desember er å pynte litt etter litt, tenkjer eg vi seier!
Adventskransen/lysfatet vart ferdig seint i går kveld, og var klart då vi åt adventsbrunsj idag. Konkurransen om å tenne lysa er ikkje like hard som før om åra, så iår slapp mor til. Sangen vi syng er det ikkje diskusjon om, det er:

No tenner vi det første lys,
åleine må det stå,
Vi ventar om det vesle barn,
i krubba lagt på strå.
Sigurd Muri

Og vi syng på nynorsk!  Og tradisjonen tru, er det nokon som må prøve seg på "lagt på skrå", det høyrer med!



I det heile har det vore sang- og salmefokus i helga. Eg har vorte heilt salmehekta av #nrksalme og tv-sendingane. På fredag hadde eg det som bakgrunn då eg satt og arbeidde. Eg fulgte med når folk eg kjente og kora dei syng i skulle på skjermen. I går kveld vart vi sittande til langt på natt og sjå tv. Mamma kunne fortelje at ho og pappa hadde sitte til klokka to i natt, vi snakkar om godt vaksne folk på rett under og litt over 80 år. Pappa hadde vore oppe kl halv seks idag, for å sjå meir. Svigers har sitte klistra til skjermen der dei var.
Etter brunsj idag, gjekk mannen og eg ned til Vår Frue kirke, og fann plass i benkeradene. Akkurat då var det ikkje kø for å kome inn, så vi slapp stå ute og fryse. Tida går fort i godt selskap, for plutseleg hadde det gått 2 timar. Det var mektig å få vere med å synge kongesangen! Det var så taket reiste seg! Og no sitt eg i sofaen for å få med avslutninga på #nrksalme, salmeboka minutt for minutt. Det har vore sjelebot! Kjenner eg har pusta med magen, slept ned skuldrene og mannen har fått merkbart lavare blodtrykk. Til og med 18åringen og kompisane satt oppe i natt og fulgte med på salmemaratonen!!
Vår Frue kirke

Inne i kyrkja
Kanksje er eg litt rar, men då deler eg tydelegvis skjebne med fleire, for det var kø for å sleppe inn i kyrkja.

Eg planlegg litt (jule)musikktips på bloggen fram mot jul, og då kan det dryppe ein og annan salme også der.
Ha ei strålande veke! Eg skal ha fri og gler meg på det:)




lørdag 29. november 2014

Novemberslutt/adventsstart

Eg har tenkt at eg skulle oppsummere november litt. Eg har tenkt, og det har ikkje kome lenger. Men eg skal prøve no.
Det har kosta meg svært lite å ikkje starte desemberkavet i november iår, eg har ikkje sakna julemat eller julekaker. Eg har bevist utsett det meste av julegåvekjøp(/stress), men eg har flittig notert lister dei siste vekene. Litt av grunnen til at eg har vore så avslappa er kanskje alt det andre som har skjedd?
Eg har hatt masse fine opplevingar i november, med festar og besøk. Det har vore god haustmat og ting å sjå fram mot kvar helg. Eg har hatt mange fine turar i marka. Været har vore bra, eg har fått masse dagslys i helgene. Men dei siste dagene har eg kjent på gleda over at det snart er advent!
Og eg trur også at det å bestemme seg for ikkje å starte på pynting og julematen, gjer noko med meg mentalt. Eg har "fri" frå det! Dette er tredje året eg bevist og aktivt har unngått "jul i november", det verkar sikkert også inn?


Idag har eg tatt fram adventspynten, eg hadde berre lagt så tett plan at eg ikkje rakk pynting før seint på dag. Eg fekk med meg mannen på skogstur nesten før dagslyset kom! Vi plukka einer, granbar og mose, slik at eg kan dekorere litt, om ånden skulle kome over meg. Så måtte det handlast inn mat. Når eg trur vi har fullt kjøleskap, viser det seg at nokon har bakt kake, laga seg ein raus omelett til lettvint middag, eller rett og slett berre ete kveldsmat. Eg treng litt tid på å venne meg til desse storetarane som tenåringssonene oftast er! Så eg måtte to turar ut for å handle…. No skal det halde til måndag! (håpar eg….) Eg har hatt ei plan om å lage leverpostei, og  idag vart det, midt i kaoset:) Skal prøvesmake den på brødskiva mi til kveldsmat!


Men innimellom og til slutt kom iallfall stjerna opp og vi fekk pynta hjortehorna til mannen. Det har eg og junior#2 hatt planer om lenge, og vi rakk det nesten medan jegeren var ute. Fint vart det uansett! Meir pynt skal det bli framover, det er kalenderlys og adventskalender(der må eg vel gjere ein innsats i morgen…) Eg skal finne fram fiolette dukar, men adventslysa er ferdige til bruk til frukosten i morgon, første søndag i advent.

Eg hadde tenkt å ha ein slags kalender på bloggen, men vi får sjå om det blir. Det får vere måte på å skaffe seg arbeid…. Kanskje blir det noko enkete dagar? Eg gler meg iallfall på desember, kakebakst, lys og pynt, gåvepakking og juelbrev. Eg kjente julestemninga kom snikande i går, då eg såg på #nrksalme og det var advents- og julesongar frå tv-skjermen!

mandag 24. november 2014

Dikt og slikt

Når han på 18 skal ha diktprosjekt og finne to dikt å lese høgt, samanlikne og analysere, er det jammen godt at mor har ein blogg der ho stadig legg ut dikt! Særleg når det enno er heile to dagar til det skal vere ferdig og han ikkje har starta enno. Mor kjenner visst mest på stresset!

Det er litt fint å leite saman og finne ord som talar til begge. Finne dikt som seier noko om det same på ulik måte. Vi bestemte oss for dikt om venskap, og fann mange ulike vinklingar. Så får han velge sjølv til slutt, og eg får gleda av å vite eg har delteke.

Men mammahjertet bankar litt urytmisk, for eg veit at neste år bur han ikkje heime lenger. Eg må nyte hausten!

søndag 23. november 2014

Vekestart veke 48

Det går unna, sise veka i november no. Om eg er klar? Tja… Eg skal pakke ting til adventskalender, eg må berre kjøpe dei først. Eg skal lage lister til julegåver, som eg skal kjøpe veka etterpå. Eg skal finne kvistar og mose og granbar i skogen, eg må berre gå tur og plukke, så skal det bli adventspynting. For no gler eg meg til advent! Til lys og stjerner i vindauga, til kalenderlys, til pepparkakelukt og til å åpne min eigen kalender! Eg har nemleg fått tekalender :)
Takk til Jorun!

Ein #minnekopp

Og teen skal eg drikke frå koppen eg har fått til minne om Hanne Kari, som døydde i fjor.

Helga har vore full av venskap, fest, latter og alvor, mat og drikke. Bytur, shopping, kafetur. Prat tidleg og seint. Slik går det når damer er samla! Igår kveld hadde vi treretters middag, ro og tid til å nyte den, til å ta pauser, og til å ete oss gode og mette! 


Eg fann eit dikt av Rolf Jacobsen om vennskap. Då eg las det første gongen syns eg det nesten var litt melankolsk og dystert, kjenner vi kvarandre?! Slik på ordentleg? Men så las eg ein kommentar som sa noko å grunde på: "det viktigste ikke er å virkelig kjenne noen (kan en det?), men å ha hatt noen å ikke kjenne." 

Kjente jeg deg?

Kjente jeg deg
egentlig. Noe
du aldri fikk sagt eller
vi lot ligge. Halv-
tenkte tanker. En skygge
som strøk over ansiktet.
Noe i øynene. Nei
jeg vil ikke tro det.
Men det kommer igjen. Natten
har ingen lyd,
bare rare tanker. Ord
som stiger opp av søvnen:

Kjente jeg deg?
Rolf Jacobsen

Med ønskje om ei god veke til deg!

fredag 21. november 2014

Prioriteringar?!

Prioritering kan vere vanskeleg! Eg skal ha besøk i helga, og kven vil ha det på seg at huset er rotete og skittent?! Eg vil jo helst ha plusspoeng og stjerner i husmorboka… SÅ kvar skal ein byrje i ryddinga?
Eg har hatt fri idag, litt med tanke på at eg får besøk og litt fordi eg er sliten og treng åleinetid. Altså kunne eg vaske...
Men fridagar er så vanskelege, eg blir delt i kva eg vil. Sove lenge fordi eg endeleg har tid til det, eller stå opp til vanleg tid og nyte sakte frukost med radio, avis, levande lys? Rusle rundt i pysjamas lenge og avslutte frukosten med ein klementin? Gjere masse fornufige ting eller bruke dagen til noko lystbetont og ufornuftig?(ok, det treng ikkje vere motsetning mellom desse!)


Det vart ein kombinasjon idag. Eg sto opp til nesten vanleg tid, fyra i omnen og åt frukost. Så bretta eg masse klær medan eg framleis satt framfor omnen og høyrte radio. Etterpå gjekk eg tur i marka. OH glede!
På veg til sola!

Smultronstëllet er no islagt, men eg testa ikkje isen. 
Eit melisdryss med snø over tytebærlyngen
Litt skummelt er det med snø over isen…eg datt berre bittelitt ein gong. Men å gå over frosne myrer er noko av det beste som finns!

Eg meiner, dette måtte då vere det luraste å gjere idag? Det viste seg at husarbeidet venta på meg til eg kom tilbake, og hadde vore hos fysioterapeuten, og vore på kafe og gjort enkelte småærend. No er det mørkt ute, og eg ville ikkje gått tur no! Det meste gjort av husarbeid kan gjerast inne sjølv om det er mørkt ute, eg har tid til å blogge litt, og eg trur ikkje eg kjem så verst ut av det på husmorpoengskalaen!
Så no må gjestane berre kome!

mandag 17. november 2014

Måndag morgon blues

Det er måndag morgen. Det er måndag morgon i november! Det vart ein sein søndag kveld med kino for dei andre og rydde-tv-lese-etc-kveld for mor. Det er frost på bakken, mørkt og kaldt. Det hjelp med levande lys på bordet og fyr i omnen. Eg får lyst til å trøste dei trøtte tenåringane, ta dei på fanget litt, men den tida er forbi. Eg får smøre matpakker, gje ein klem og snakke istadenfor. Det er tid til det idag, sidan eg skal litt seinare ut av huset. Ein kokar kakao, mor bryggar seg ein stor kopp te. Avisene blir lesne, det er konkurranse om å få tak i teikneseriane først! Eg likar å bla gjennom først og så gå tilbake og lese det eg festa meg med etterpå.
Lys på frukostbordet

Men det er framleis måndag morgon blues, eg får ikkje opp tempoet! Eg les avisa, tek tran(!) ønskjer dei andre ein god dag når dei forsvinn kvar til sitt. Det er ein forskjell for nokre år sidan, då dei måtte ha hjelp til å passe klokka og huske det dei skulla ha med(og det gjekk jo ikkje alltid bra, for mor huska ikkje alt! Turdag? Gym?!) Eg tømmer oppvaskmaskina, sett på ei klesmaskin, vaskar opp det som står i vasken. Eg passar klokka. Eg skal ha eit møte med ein ergoterapeut frå kommunen for å få hjelpemiddel heime til hørselen min(igrunnen til mangelen på hørsel), og kjenner at eg møter ei mental sperre i meg sjølv når eg seier at «Ja, eg treng noko som gjer det enklare» (og ikkje minst sikrare, røykvarslaren skal varsle meg med vibrasjon om den går om natta) Ventar på innsatslyst for å gjere noko nyttig. Den viser seg ikkje. Men eg rydda igår, så det ser ikkje så verst ut, for kven veit kva slike som kjem på heimebesøk er interessert i? Sjekke hybelkaninane under senga? Sorteringssystemet for skitne klær på vaskerommet? Filteret på oppvaskmaskina?
Eg gjer nokre notatar til møtet. Ryddar litt her og der, er spent.

Dagen er i ferd med å bli kveld

Dette skreiv eg i dag tidleg. Medan eg venta. Og no er det ettermiddag, og etterpå kan eg seie: Det gjekk bra, eg syns det skal bli greit å få hjelp. Ergoterapeuten som kom var triveleg, lytta og orienterte greit. Det er jo masse hjelpemiddel å velge i, og kanskje finns det andre ting eg treng også? Eg skal få vekkeklokke og røykvarslar som virkar sjølv om eg søv på det gode øyret, og eg får lysvarsling på fasttelefonen. Det er ein start, og bestillinga er sendt. Ho var ikkje det minste interessert i kor ryddig det evt ikkje var her. Derimot beundra ho trappa vår, som eg er veldig glad i, og som mange kommenterar. Eg kunne derimot glede meg over eit ryddig hus då eg kom heim. 
Det var godt å ha ein roleg start på dagen, det kan eg tenkje meg fleire gonger… Det krever litt planlegging, for det er måte på kor tidleg eg orkar stå opp for å nyte ein kopp te! 
Eg gjekk til og frå jobb idag, det har vore plana lenge å gå meir til jobb, og idag var første gong på lenge... Det er jo ein start! Det gjorde godt med dagslys på tur til jobb, og å så lyset sakte svinne på tur heim.

Vi har ete restemiddag, idag vart det tre rettar! Fiskebollar med kvit saus først, så gulasjsuppe med brød og tilslutt frukt! Alle mette, alle fekk noko dei likte og kjøleskapet er tomt for restar. Eg kjenner meg så mykje betre når vi et opp restane og ikkje kastar mat.  

Så det vart ein fin dag, når eg berre kom igang.

søndag 16. november 2014

Vekestart veke 47

Hurra, snart ny veke :)
Eg har full kalender, og eg må tilstå noko: eg har byrja skrive lister med huskepunkt for desember… Men ikkje ei peparkake i sikte i heimen. Vi har ete gulasjsuppe med elgkjøt idag og kjent på at det er skikkeleg haustmat. Mannen var med meg i skogen, og der er det haust, med frosne myrer og lauvet har fallt av. Men ikkje mykje snø som gir julestemning. Vi møtte ein gamal(det er lov å seie det når han såg ut til å vere nærmare 80?) Han ville ha snø snakrt, så han fekk gå å ski. Eg tenkte at han vil eg ikkje gå om kapp med, for han såg ut til å vere av den uthaldande typen!

Igår var vi på nabofest. Vi er heldige med naboane våre!! Vi fekk smalahove. Eg var debutant på feltet, og var litt spent. Det er jo litt rart med mat som ser på deg når du løftar bestikket for å ete… Men med litt guiding og prøving, fann eg ut kva eg kunne ete, og det smakte godt!
#saufie

Og ein kveld med gode naboar, god mat og god tid er jo stas!! Mange tema var oppe til diskusjon, nokre vart kanskje løyst? Men det viktigaste er at vi treffes. (Note to self: det der snart vår tur å invitere)

Med eit slikt måltid, fann eg ut at dagens dikt må vere sauerelatert. Mamma var minstesøster i familien då ho voks opp, og søstra som var 10 år eldre likte godt å synge "Eg gjette Tulla" til henne. Dette fordi mamma alltid byrja gråte når dei kom til verset der det berre er bloddråpar igjen av Tulla… Søsken, altså! Men sanger er jo trist og dramatisk, ikkje rart om det kom tårar.

Eg gjette tulla i femten år,
eg passa vel på Tulla.
Eg gjette bort både lam og får;
men endå hadde eg Tulla.
 
Refreng
Å hei, å hå, det får så gå,
eg tregar meste på Tulla,
for ho var krulla i ulla.
 
Eg gjette Tulla borti ei li,
det var så lite til beite.
Eg gjekk og lokka på Tulla mi
og etter graset mun leite.
 
Og så kom skrubben laskande fram,
då fekk eg kjøpmann til Tulla,
og akkederinga var kje lang,
og penningan’ver kje mange.
 
Eg fekk kje meire av Tulla mi
enn ein liten flekk utav blodet.
No kjem eg aldri til Fagerli
om der er gras nok og groe.
Folkevise

Ha ei strålande veke! Med eller utan ull og tull :)