mandag 29. september 2014

Vekestart veke 40

Ein slik kveldsmat, der alle er samla, for første gong på over ei veke. Der første delen av måltiden går med til å diskutere og delvis vise kor mange trappetrinn det går ann å hoppe  i stille lengde/høgde. Der tenåringane berre pratar tøv, ler tenåringslatter over mor som sukkar, der det plutseleg blir nødvendig å google "kvark", der nokon fortel at det i USA er litt pinleg at den eine kvarken heiter bottom. Der vi brått er innom mobbing, og observasjonar av kva som blir gjort til humor på tv, men som ville vore ondsinna i det verkelege livet. Der det er allsang til musikken mor hadde i bakgrunnen då ho vaska opp. Der det er godmodig krangling om middagsrestane, der nokon meiner at pølsebiten ingen veit kvar kjem frå, iallfall høyres ut som mat når dei dunkar den i brødfjøla. Der nokon snakkar om mobiltelefonar og forskjellen på eit kamera og ein telefon. Eit måltid å minnast. Der det mor seier blir vridd og vendt på slik at eg brått meinte noko anna. Der vi lurer på kor mykje mindre mat han på 18 kan ete når vi ikkje får barnetrygd for han lenger. Ein slik kveld der dei lurer på om eg vil synge sangen min, om at "dette er eit galehus", men det vil eg ikkje, for det er jo ikkje det. Det er meir eit gladehus!
Ein slik kveldsmat der mammahjartet bankar hardt og stolt over dei fine gutane, mannen min, den gode stemninga og familien min!

Og ute er det mørkt, det er stor tekopp til mor og hausten lurer i krokane.


Ein slik kveld ein skulle vore steinhoggar;
"Det gode skal en hugge i fjell, det onde skal en skrive i snø."

Ønskjer deg ei god veke!

fredag 26. september 2014

Stemningsrapport

Ein liten fredagsrapport. Eg skal jobbe i morgon, og prøvar ta ut max helgekjensle på fredagskvelden lell!
Ute er det haust, heilt sikkert. Eg har prøvd å samle saman hagemøblar og blomsterpotter, sidan det er meldt frisk vind utover natta. Det bles godt allereie og det regnar. Eg har laga pizzasnurrar med tacosmak, eg har kosta trappa og fyllt oppvaskmaskina.
Kontorutsikt før idag
Mannen er på elgjakt, men vi får tru verken han eller elgen bles bort. Den eldste junioren er på fysikkekskursjon i Sveits eller deromkring, yngstemann har ete middag saman med mor, og spelar musikk saman med vener no.


Eg har bytta ut tv med den nye vedomnen, eg nyt flammane som leikar bak glasdøra. Eg har levande lys på bordet, eg har P2 på radioen, eg har aviser , mac og bøker. Eg har friminutt, pause og kvalitetstid. Eg har lada batteria i fleire timar, eg har fått lave skuldre og kvilepuls.
Kanskje ser eg litt på tv seinare i kveld, ryddar litt eller tenkjer litt på jobb, men det gjer ikkje så mykje, for no har eg hatt FRI.

onsdag 24. september 2014

Husmorferie!



Det er sikkert ikkje lov å skrive husmorferie, ikkje er eg husmor heller, forresten. Men eg har iallfall vore på jentetur, med gode venninner, og vi har ikkje vaska klær, laga mat eller rydda heile helga! Vi har hatt fri, shoppa, ete god mat, vore på konsert, gudsteneste, båttur, sitte i sola, sove og prata. Og vi har skratta, så tårane trilla! Rett og slett hatt fri!
Og når turen var over, var det utruleg godt å kome heim til familien og kvardagen og rutinene igjen!




 Å reise på tur er ei god unnskyldning for å kjøpe turguider, lese om staden ein skal til, studere kart. Og eg kjøper bøker til å lese på turen, flyet, om natta dersom eg ikkje får sove osv.(det siste fekk eg ikkje bruk for, heldigvis)

Vi har sett oss rundt i Gamla stan, rart å tenkje på at dette var heile byen for mange år sidan. No er det berre ein liten del, delvis turistfelle, men med sjarm i massevis! Kafear, butikkar, smale gater og smug. Storkyrkan ligg her, det er Stockholm si domkyrkje, der Victoria og Daniel gifta seg, veit du. Den var ikkje riktig like pynta no, men vi var der på gudsteneste på søndagen.
Gamla stan var sjarmerande, med trange gater og små kafear.



Staselege Storkyrkan
Solnedgang

 Hotellet låg ved Hötorget, og der var det stort marked med frukt, grønsaker, litt diverse og eit hav av blomster! Hadde dette ligge rett ved heimen, hadde eg handla meg skakk!

Sett frå hotellrommet

Kantarell, i lange baner!


Mat og drikke er veldig viktig på storbyferie, tenk om ein skulle på tom…. Faren var aldri overhengande :) 
#kafeselfie på Åhlens i Stockholm


Frokostdessert
Japansk biff med yakiniku-saus

Svensk smørgås

Vi fekk med oss litt kultur også, vegg-i-vegg med hotellet låg konserthuset, og der var det Brahms-festival. Laurdagskonsert med Brahms 1.symfoni var balsam for sjela! Konserthuset var gamalt og ærverdig, og med mykje gull i detaljane.


 Båttur under nokre av Stockholms mange bruer fekk vi også med oss. Samtidig kom regnet, med lyn og torden(men elles var været strålande, sol og varmt frå morgon til kveld), så det passa godt å sitte inne og få guiding om byen, historie og utvikling.

Vi køyrde sluser også.

Eg vart veldig fasinert av Stockholm, og innser at eg må tilbake, for det er så mykje meir eg vil sjå og oppleve! Grøna lund, skjærgården, mat, miljø, kultur, Djurgården, dei ulike bydelane +++

Slitne bein, men godt fornøyde damer!

mandag 22. september 2014

Vekestart veke 39


Eg har vore på tur i helga, med gode vener. Vi har vore i storby, gått masse, fått mange inntrykk, sett staselege bygg og slitne fasader, både på hus og folk. Prata alvor og skratta så tårane trilla. Etter ein slik tur treng eg litt jording, finne rytmen og roen i kvardagen, det har eg ikkje funne enno. Ferie er eit avbrekk, men ikkje normalrytma. Men eg er på veg.


ETT ER NØDVENDIG
Ett er nødvendig - her
i denne vår vanskelige verden
av husville og heimløse:
Å TA BOLIG I SEG SELV.
Gå inn i mørket
og pusse sotet av lampen.
Slik at mennesker på veiene
kan skimte lys
i dine bebodde øyne.
- Hans Børli -


Rapport om turen, bilder og stemningar kjem etterkvart.
Ha ei fin veke!

mandag 15. september 2014

Vekestart veke 38

Det er måndag, det er september, det er varmt midt på dagen! Men då eg var ute og handla og ikkje hadde med ytterjakke, fann eg ut at det nok er haust likevel, det var ganske kjøleg når sola hadde gått ned.

Dei siste dagane har eg fått gode ord på sms, eg har snakka med fine folk på telefonen og eg har treft gode vener til te og prat. Eg er så rik som har vener!!! Nokon som bryr seg om meg, som gir av seg sjølv, og som eg kan dele mitt med.
Difor, eit dikt om trær idag!

Tre på fjellet

TREET

Gode vennskap vokser ikke på trær,
de er treet.
Røtter graver seg ned i feit eller karrig jord,
bardunerer stammen
og holder byggverket oppreist,
hver rottveil et år.

Vårt vennskap har en skog av trevler,
et usynlig villnis i det fruktbare mørket.
Vill har vi aldri gått oss der,
men tråkket stier vi kan følge i blinde.

Kom igjen, kamerat.
Treet står, det er ikke meldt uvær
og rotvelte kommer ikke på tale.

Kolbein Falkeid

Sol gjennom greiner



lørdag 13. september 2014

Mat, måltid og tenåringar

Det dukkar stadig opp nye utfordringar! Eg har lenge meint, igrunnen alltid, at middag er eit viktig måltid. Før, i oldtida, åt ungane frukost i barnehagen og det har vorte til at den et vi etterkvart som vi står opp. Lunsj et alle der dei er, kveldsmat er vanskeleg fordi nokon skal på trening/foreldremøte/treffe vener/ikkje skal ha mat etc. Men middag, den har vi ete felles!

Ungane har kome heim frå skulen, vi er ferdige på jobb, det er ei pause før det skjer meir. Etterpå er det  lekser som skal gjerast, oppvask og klesvask, rydding, tv-kikking etc. Då har middagen vore eit kvileskjer, ein stad å oppdatere seg på resten av familien og korleis det står til, måltidsfellessak rett og slett! Ikkje alltid idyll rundt grytene, må vel seiast, det er spørsmål om kva som blir servert, meir eller mindre jubel over menyen. Papir som skal underskrivast, nokon som smug-et av pølsebitane som skal i lapskausen, leiting etter treningsklær, telefonen som ringer på feil tid i forhald til når sausen kokar og så vidare! Men vi er der saman, og eg får vite litt om rare lærarar, sko som har vorte for små, små og store hendingar og eg forar med gulrotstenger for å halde dei unna kokesjokoladen.


Men no… Større barn med flerie planer og eigne liv, ei mor som oppdagar at ho ikkje må hente verken på SFO eller i barnehagen og difor forsvinn ned i papirbunken. Ein mann som har eit møte seint på dag. Det er fort gjort at vi er to eller tre, ikkje fire til middag.
Men kva er god grunn til å ikkje dukke opp ca kl fem? Punkta under er gjengangarar hos oss, som blir mottatt med meir eller mindre forståing:

  • lang skuledag
  • for seint til bussen
  • leksehjelp på universitetet
  • avtale med kompis som ein ikkje huska å seie noko om
  • seint møte
  • sein start på jobb, må berre ta igjen noko
  • trening, kjem seint eller går igjen før middag
  • dataspel(nei, forresten, den blir aldri møtt med forståing)
  • musikkøving som gjorde at ein gløymte tida
  • skulle berre gjere ferdig noko på jobb
Kva går vi glipp av? Eit felles møtepunkt, der vi sitt ned, et, pratar, deler av livet, planer og tankar om dagen. Så eg vil fortsette med middag på sein ettermiddag, prøve å samle flokken til fellesskapet, lage mat som mettar og gje alge ein arena for samtale! Allereie neste år er vi truleg berre tre rundt bordet til vanleg, eg vil halde oss samle lengst mogeleg!
Eg trur eg må starte med middagsplaner, for det er ikkje rom for å fundere lenge på kva ein skal ete, om  ein skal klare å ha ei viss fornuftig samansetting av maten, må det planleggast og innkjøp gjerast før ein stuper ut frå jobb 20 min for seint og sulten gnagande i magen og draumen om sjokolade i hjartet!
Enkelt? Nei…
Klarer andre det?


tirsdag 9. september 2014

Bill.merk "tenåringsmor"

Eg tenkte eg skulle  samle innlegga mine som handlar om tenåringsmorlivet med etikett "tenåringsmor",  og det kjem etterkvart. Enno står mykje under etiketten "mammaliv", så det går an  å leite der.
Men som ein start  linkar eg til nokre innlegg her:


Det er fleire å velge i! 
Å skrive om tenåringar er ikkje enkelt, for ein skal jo ikkje utlevere dei, så mykje av det eg skriv, er med meg i sentrum! Men litt seier eg om livet med kviser, stemmeskifte, svette treningsklær og tomme brødboksar. 
Og dette kloke sitatet sto midt i regnskapsprogrammet eg var
innom på jobb idag!