fredag 31. august 2012

Livet

Er det ikkje Odd Børresen som seier han vil skrive ei vise om livet? Som fan av Odd, syns eg han har greid det godt, "Noen ganger der det alright!" er ein fin sang.

Eg tenkte eg skulle skrive litt om livet idag, for "noen ganger er det alright" og andre gonger ikkje.
Måndag hadde eg fødselsdag, eg innrømme glatt at eg likar å lage selskap og feire! Fullt hus, store gryter, latter og alvor, prat og rot (og så likar eg når huset er tomt etterpå, det heng framleis i at huset vart rydda til selskap, kjøleskåpet er fullt av restar, det ligg twistpapir under sofaen og eg kan sette meg ned og sjå ut i lufta) Eg er så heldig å ha ein del av slekta i nærleiken og dei kjem når eg inviterer, så på søndag var det ekte søndagsmiddag med elgsteik og tyttebærsyltetøy. Så pratar vi, legg litt planer for nye treff, vi funderar på korleis det ville vere om vi bytta jobb for ein dag eller to(vi har m.a. kokk, lærar, sivilingeniørar, bioingeniør, sjukepleiar, byggingeinør og nokre studentar og skuleelevar) og vi bygger lego! Vi bygger meir på familiehistoria vår, og dei små blir kjent med dei store, og omvendt.Det var ein alright dag!
No er festen slutt, det er ikkje kake igjen...
På måndag kom kvardagen utan festkjensle, då nokon vi kjenner kom i full fart med helikopter til sjukehuset i byen, brått var det ikkje ein alright dag! Det vart organisering og bekymring, men også samhald! "Korleis kan vi hjelpe til? Kva trengs?" Telefonen vart flittig brukt. Vi er så heldige at vi bur nært sjukehuset, og kan vere litt "pasientven". Etter litt om og men har pasienten fått god hjelp på sjukehuset, vi har senka skuldrene og det ser ut til å gå bra.

Idag er det fredag, det er sofa og god tid, pasienten er vel heime hos seg sjøl, mannen er på guttetur, eg er i sofaen med beina høgt før eg skal kjøre ungane på fredagssamling, og i morgon skal eg ha "sykurs" for nieser og søster! Jaja, dei stiller vel med velvilje og tålmod? Gler meg til jentedag! (Tenåringane mine meinte dei skulle finne på noko som innebar at dei ikkje skulle sy!)

mandag 20. august 2012

Pludreblogg

Altså ikkje å forveksle med pudderblogg, eller rosablogg som det og blir kalla. Eg har lurt litt på kva slag blogg eg har, for det finns jo så mange katergoriar, det er rosablogg, mammablogg, matblogg, interiørblogg, fotoblogg, bokblogg, og sikkert mykje meir som er høgtravande og klokt og kallast fagblogg eller meiningsblogg.  Eg er ikkje heilt der... og eg kjenner meg ikkje igjen i nokon av desse merkelappane.
Eg er kanskje litt av kvart og litt av alt, og difor trur eg at eg seier eg har ein pludreblogg!
Hadde eg ein interiørblogg kunne eg spesialisert meg på blomservasar?

Eg kunne hatt ein turblogg og skrive om mine barndoms fjell, her representert ved Ølsnøsa og Herjevatnet.

Men skoblogg, det kunne eg hatt! Desse gjer kvardagen ein touch av glamour ;)
Det er forfattaren sjølv som har vind i håret!

Hådarbeidsblogg kunne eg kanskje hatt, det mangla ikkje på prosjekt iallfall...

Eller matblogg? Tenkjer eg fortsett å pludre :)   





søndag 19. august 2012

Ein sommar er over...

...trur eg. Vakna til regn og gråvær etter nokre dagar med sol og varme og ei kjensla av at sommaren ikkje har vore så ille lell. Gløymer nesten at det var 9 gr og regn, regn, regn i juli...gløymer nesten.
Slik såg det ut på terrassen for nokre kveldar sidan. Godt å sitte ute, kjenne varmen og lyset som går over i fløyelsskumring og til slutt mørke med levande lys. Var så heldig å ha besøk, og satt ute saman med god prat, til slutt under pledd og med tarrassevarmarvarme.

Idag tidleg sto hengekøya åleine i regnet, ikkje mykje konkurranse om å ligge der og lese og svette i sola!
Altså er det ein dag for innesyslar, oppdatering av blogg, sitting i sofa, lesing av bøker, høyre på radio og musikk ein ikkje har høyrt på lenge, stor tekopp, laurdagsavisene, scones til frukost, frukost på spisebordet med teakbestikket(som ikkje tåler oppvaskmaskina, men det er jo søndag) Og då gjer det ikkje så mykje om det regnar ute:)

Eg fann nokre skattar i ferien! Litt 70tals servise og gamletantes nattkjole!

 Alle må då bli i godt humør av slike fat!? Ikkje mykje minimalisme :)men desto meir minner og nostalgi!

Her er det håndarbeid i lange baner og tålmod i kvart eit sting.



Det er ikkje sikkert gammeltante Karen Anna hadde sett for seg at nattkjolen hennar skulle ende på internett, internett fanns ikkje ein gong då ho levde, men eg syns slikt fint håndarbeid godt kan visast fram!

tirsdag 7. august 2012

Hva skjer'a, Bagheera??

I ferietider slår eg meg laus og brukar ein slag bokmål i overskrifta! Men på bloggen er det nynorsk som gjeld, som alltid!
Været har ikkje vore det aller beste, så vi måtte finne på noko nytt! Innkjøp av "slakk line"  var tingen! Det er ikkje eg som har vore ivrigast, men eg kom meg opp og greidde stå og ta eit steg! Trur det er god trening og eg håpar eg skal få til å trene litt etter ferien (tenåringane løste koden ganske fort og hoppa og gjekk og snudde, så dei viser eg ikkje bilete av!)
Eg har fått lese nokre bøker;
  • Sommerboka av Tove Nilsson, ei fin og sakte bok om ei lita jente og farmor hennar som er på ei hytte heile sommaren. Far til jenta er der og, men han jobbar og forstyrrer dei lite. Det er mange enkeltståande historier, veit ikke ein gong om dei foregår same sommaren. Dei pratar, filosoferar, kranglar så fillene fyk, fiskar, bader, bygger Venezia og skriv bok om småkryp. Eg fekk lyst å ha ein lang sommarferie på ei hytte...
  • Borderline av Liza Marklund. Eg trengte noko avslappande og byrja på den ein kveld, det vart ein lang kveld og ei kort natt, for eg måtte lese den ut! Svensk krim skuffar sjelden!
Det regnar ikkje kvar dag, så eit par turar ut har eg fått, og gangsperre etterpå... Turar med lang motbakke første halvddel og lang nedoverbakke andre halvdel av turen blir fort slik!
Blåne bak blåne

Her er ofte fin utsikt, men skodda åt den...


lørdag 28. juli 2012

Min indre hamster - del 2

Idag har eg rydda litt, slikt må ein gjere, dessutan var det regn og mannen arbeidde frå før eg sto opp, eg skulle vere eit godt eksempel til tenåringane etc(ikkje mykje indre motivasjon til at huset skulle smile reint og ryddig mot meg, altså)
Tek ein inn ei sik rose, treng ein nesten ikkje rydde og knapt vaske!

Eg gjekk litt rundt, bretta klær, bar ting til rett stad, flytta, kasta gamle blomster, henta inn nye, snakka med naboen som gjekk forbi, fylte og tømte vaskemaskin  og oppvaskmaskin, skura badet, bakte kake av eggekvitene eg fann i kjølskapet OG IKKJE MINST:
prøvde finne plass til alle bøkene som låg i stablar rundt om. Dei var både her og der, i stablar, enkeltvis, i posar, sukk, så mange bøker, så lite tid!
På skrivebordet fann eg m.a.
  • Før jeg brenner ned
  • Angkor-mysteriet(god barnekrimbok)
  • Kjempenes fall
  • Hundreåringen som klatret...
  • Balansekunst
  • Graverens datter
  • Barbent
  • Miraklet på Speedy Motors 
  • En beretning om klarsyn(frå mi ambisiøse periode der eg skulle lese nobelprisvinnarar)
  • Svein og rotta og monstertanna(skulle bli bursdagsgåve, men var gløymt)
  • Norwegian wood
  • Glass og aske
  • Hypnotisøren(skal ikkje lesast ferdig, grøss for ei bok)
  • Drømmeløs
  • Nu, jävlar(kjemoebra bok!)
  • The sunner whitout men
I tillegg til div ukeblad, avisutklipp og fagtidsskrift...

Og rundt om i huset låg de stablar med bøker, 4 i gangen, fått tilbake frå utlån, ein stabel på nattbordet naturlegvis(når ringer dei frå Dagens Næringsliv, forresten?) På gjesterommet fann eg mykje bra, lagt fram til evt somnlause gjester(trur dei må bli buande lenge) som eg no delvis har flytta til nattbordet, for å lese på nytt...
Bokhyllene er litt lut i ryggen, eg har to rekker i djupna på kontoret...men eg innser at noko må gjerast Eg treng fleire hyllemeter(slik at vi får pakka ut bøkene som ligg på loftet etter oppussninga) eg treng forbud mot bokbutikkar både i det verkelege liv og på nettet og eg må lese meir på Kindle(og enno har ikkje bøkene eg har bestilt på nettet kome...dei var på salg, men det hjelper vel ikkje på kor mykje plass dei tek?!)
Kan drøyme om nye, store bokhyller, bilete lånt frå "Bookshelf porn"
Treng du lesetips? Det er berre å ta kontakt :)
Det einaste formildande i dette er: eg har lese dei aller fleste av desse bøkene!

Konklusjon: min indre hamster må på slankekur, evt konsentrere seg om å lagre mat(les bær) til vinteren!

torsdag 26. juli 2012

Leselogg, juni/sommarferie

No for tida er det logging av lesning som gjeld på skulane, til og med i ferien. Slik var det ikkje då eg var lita, det hadde vore noko, eg las i periodar bunkevis med bøker, kanskje ikkje alltid like gode bøker...
Eg har lese litt ymse i sommar, både på papir og på Kindle, på flytur, ved bassengkanten og rett før eg sovnar, akkurat som det skal være!
Eg las Graverens datter tidleg i sommar, ei ganske rå historie om ein familie som har flytta til USA før 2.verdskrig, og som ikkje kjem inn i samfunnet. Med dei siste vekene sine nyhende om Romfolk etc, er dette litt får den andre sida.
Då vi skulle på ferie, leita eg etter ei tjukk bok(snakk om kvalitetskrav!) Eg endte med Den usynlige broen og det var eit godt val. Den handlar om ungarske jødar i Europa før og under 2.verdskrig, ei fin, engasjerande historie og naturlegvis mykje grusomt med eit slikt bakteppe.
Eg fann fortsettelsen til ei bok eg las for mange år siden; Knit two Skikkeleg fell-good/chiclitt, akkurat kva ein treng i ferien. Fekk ein ettermiddag i bokhandel i USA; det er gulltid, finne nye skattar og gamle gleder:)
Eg kjøpte også ein skikkeleg ukeblad-strand-sommar-roman som eg la att på flyet, den var ikkje verdt å ta med heim, men den var god tidtrøytte på flyplass og fly:) Huskar ikkje ein gong kva boka heiter...
Eg skulle lese John Irving i sommar, men kjem ikkje heilt inn i boka. Den ligg på nattbordet, og får vel få ei ny sjanse?
Eg har fått Kindle(lesebrett) og etter litt lærevanskar i starten, les eg gjerne bøker der no!Det har vorte litt Agatha Christie og nyare enngelsk krim; Vera Stanhope, det er også landsbykrim frå England.
No les eg From the Goon Squad  (på norsk Bølle på døra) Den har fått gode kritikkar, og det forstår eg og forstår eg ikkje... Det er mange historier om folk som kjenner kvarandre meir eller mindre, over ein lang tidsperiode, nærast ei novellesamling, men lell en roman. Nærmar meg slutten og er spent på kvar vi ender!

Sommerboken
Berre omslaget er nok til å vekke leselyst!

Igår gjekk eg på ein bokhandelshoppingsmell, som så ofte før... Sommerboken av Tove Jansson vart med heim, saman med Kammerpiken av Cecilie Enger, eggler meg på nokre fridagar og tid til å lese! Eg har i tillegg Ernest Hemingway si bok For whom the bell toll, kjøpt i museumsbutikken ved huset hans på Key West.

søndag 15. juli 2012

Min indre hamster

Hamster er sikkert allrighte dyr, eg kjenner dei ikkje så godt, men eg trur eg har ein indre hamster, eller ekorn eller eit anna dyr som likar å legge opp lager til vinteren!
 
Igår var det billeg jordbær på REMA, eg kom rett frå vakt, eg hadde ikkje tilgang på bil, men det er nesten ikkje noko problem å frakte 6 kg jrdbær med sykkel, itillegg til laurdagshandel og det ein treng til sylting, nesten...
Vel heime var det berre å gå i kjellaren(som vil gi minus-husmor-poeng dersom det vart inspeksjon over orden og system)og finne boksar å fryse i. Sidan eg først skal ned 2 etasjer, kan eg ta med søppel og når eg har gått ei trapp kan eg ta med klær som skal i vaskemaskina og...det igrunnen rart at eg hugsa å ta med boksar opp igjen:)
Å renske jordbær medan ein høyrer radio og delvis les avis er nesten som meditasjon, ein er i det ein gjer!
Så er bollen full av søte, gode jordbær
 Til slutt:
Verdas beste jordbærsyltetøy klart for frysaren, slik at hamsteren og familien kan ete på brødskiva til frukosten på mørke og kalde vintermorgonar! No er det å finne meir jordbær og sylte meir i morgon, til frysaren får pukkelrygg og mage!
Denne rosa er frå rosebusken eg ha fått stikling av frå svigermor. Det er ein gamal sort, som luktar veldig godt! Trudde den var død, for den fekk hard medfart under graving rundt huset, men plutseleg sto den der med mengder av knoppar :)