onsdag 4. februar 2015

"Tett inntil"

På laudag las eg eit stykke som gjorde inntrykk på med i Dagladet Magasinet:
Tett inntil (det er på Dagbladet +, så du må abonnere for å få lese)

Budskapet var at mor og far(eller mann og kone, paret) må prioritere kroppskontakt, på dagtid, for å knytte bånd(og dette handlar ikkje om sex) Ta nokre minutt på sofaen saman, ikkje prate nødvendigvis, slappe av, puste saman, opprette kontakten, vise ungane at ein høyrer saman.

Det er jo lett å seie, for kven har tid til å sitte eller ligge tett midt i ettermiddagsstresset?! Samtidig kjenner eg på det, at dei dagane mannen og eg sitt tett saman i sofaen etter middag, kanskje sovnar litt eller småpratar, dei dagane er vi nærare, eg får meir energi. (No kan du sikkert seie at vi har god tid, med store barn, men det er framleis ein del kjøring, oppfølging, lekser, prating som skal gjerast, og det finns klesvask å kaste seg over og i trappa lurer hybelkaninane, det er alltid noko som kunne/burde/skulle gjerast)

Nydelig bilde av Lisa Aisato


Eg har tenkt litt på dette stykket, så idag reiv eg ut illustrasjonen og hengte opp på pc-plassen heime, som ei påminning. Og så las eg bloggen til EventyrElin som skriv om å vere eit team som (småbarns)foreldre idag, og då slo det meg at dette tenkjer nok andre på!

Kanskje kan fleire trenge å tenke på det?


7 kommentarer:

  1. Så viktig påminning..
    Sjølv for oss med store barn.

    Snart helg igjen ;-)

    SvarSlett
    Svar
    1. Plutseleg helg igjen! Vi med store barn er jo rollemodellar ekstra, tenkjer eg, når dei snart skal ut i verda og kanskje finne nokon å dele livet med.

      Slett
  2. Kjempeviktig!! Her er vi faktisk flinke til å ta på hverandre, vi kan ta oss en "slosskamp" eller "dans" midt på tirsdag ettermiddag mens de store og små sitter ved bordet. Her er de vant til å se oss sammen, kose litt og snakke ofte:) jeg tror det er bra!!! Takk for påminnelsen til å bli enda flinkere;)

    SvarSlett
    Svar
    1. Vi er ganske kosete av oss, og ungane ser dagleg kos, klem, omsorg, eg trur det er kjempeviktig! Og viktig å vere bevist!

      Slett
  3. Helt klart viktig å tenke på! Og jeg tenker også på den fysiske kontakten med ungene mine, selv om de er (snart) 10 og 11 år gamle trenger også de kosen mamma og pappa kan gi.

    Og voksne styrker båndene sine, helt klart, ved fysisk kontakt. Flott at du minner på!

    SvarSlett
    Svar
    1. Alle treng fysisk kontakt. No, med mine store, lange tenåringssoner, tilbyr eg nakkemassasje.Omsorg og berøring i eitt.

      Slett
  4. Eg har ikkje tenkt over det sånn, men det verkar logisk... Og godt, trygt og koseleg.
    Ønskjer deg ei fin helg, som kjem, med godt innhald og mindre stress. For ja, sjølv om ungane veks til, så blir det fortsatt litt farting...
    Klem frå Siri

    SvarSlett