Etter fundering og lesing av broskyrer, som forresten er på nettet og ikkje fine, på glansa papir med masse bilder av sunn ungdom som gjer artige ting, slik det var før. Eller forresten, før, altså då eg søkte på folkehøgskule, i 1984, var det vel matt papir…Ikkje fargebilder heller, faktisk få bilder! Altså etter å ha sett seg inn i linjer og tilbod og snakka med ei tante i bransjen, søkt og fått plass, og hatt ny tenkerunde, skulle han svare ja til skuleplass ein stad og nei til resten.
Då spurte eg dei bevinga ord: "Skal ikkje vi foreldra skrive under?" Og eg fekk eit kort svar: "Nei, nå e æ myndi, dokk ska itj skriv under!"
Hæ?!Her har eg skrive under på alt mogeleg i alle år, på helsestasjon, hos legen, søknad til barnehage, SFO, musikkskule, trening, søknad om stipend. De har vore mi, og eller pappa´n si underskrift som har opna dører. Og no, etter 18 år, så treng dei ikkje vår underskrift lenger?!
Eg visste det jo, at han er 18 meiner eg, men eg hadde ikkje tenkt så mykje på det. Det er jo forsåvidt dette vi har jobba mot, å få ein sjølvstendig ung mann som ordnar opp, men allereie no? Kan ein bli vant til det? Slik at eg ikkje blir like forundra når nestemann fyller 18 om eit års tid, meiner eg.
Kjære de som tek inn nyblitte myndige: kan de ikkje lage eit lite felt nederst der foreldre skal skrive under? Med lita skrift kan det stå at underskrifta ikkje har noko praktisk eller teoretisk betyding( er det lita nok skrift klarer vi ikkje lese det, dei fleste av oss brukar ikkje dei aggresive brillene heile tida) slik at overgangen ikkje blir for brå? Berre eit forslag frå meg, altså.
Haha, sånn er'e! Her blir nummer to 18 om tre dager.
SvarSlettDet merkeligste var vel at alle kontoene til eldstemann ble borte fra min nettbank over natta, det var litt skummelt...
Stilig innlegg! Kjem som eit lite sjokk ja.
SvarSlettOg han som vert 17 til sommaren minner meg om at det er ikkje SÅ lenge før han er myndig ;-)
He he, jeg må le av ditt "lite felt nederst":) jeg savner også dem. Her ble høna 18 i høst og nå er hun liksom voksen. Her er det også russ til våren, men om det er fordi jeg har jente og du gutt, eller hva det er, så merkes dette med russetid veldig godt her. Den skal markeres forstår jeg, med bil, treff, klær og fest!
SvarSlettJeg gruer meg litt:))) Etterpå blir det påbygg og så er hun klar for verden tror jeg. Da spekuleres det i både det ene og det andre men hun har ikke bestemt seg helt tror jeg!
hehe søtt :)
SvarSlett